søndag 15. desember 2013

Strikkapute

Då har eg prøvd å strikke meg eit putetrekk. Tjukke pinna og dobbel tråd, då tek det ikkje lange tida å strikke slikt. Utfordringa er jo at mine strikkeferdigheter ikkje er noko å skryte av. Men då er det jammen bra at internett fins med sine flotte instruksjonsvideoa. Eg har brukt drops sine ein del og det hjelper jammen på... Her  lærte eg korleis eg skulle strikke fletter, og det var jo ikkje så vanskelig jo :)
Igår fekk eg tak i innerputa til denne og eg kunne endelig få den heilt ferdig :) Litt dårlig bilde av den ferdige puta... Men jammen kom det litt sol ute idag :)
Denne puta har låge sidan sommeren 2012, så det var godt å bli ferdig med den. Eg fant oppskrifta i PT design interiør. Litt små feil er det på puta, men men, får skylde på min uerfarenhet... ;) Toppen og bunnen er heklet sammen med kjedemasker.

Takk for titten og ha ein fin 3. søndag i advent :)




lørdag 14. desember 2013

Vridd hals

Så har eg endelig prøvd meg på ein vridd hals... Var ikkje så vanskelig når eg kom inn i det. Og det gjekk ganske fort...
Einaste problemet er at eg feller av altfor stramt, dette må eg huske til neste prosjekt..
Sidan eg ikkje hadde nokon å ta bilde av når eg var ferdig med halsen, måtte Mac vere modellen. Veit ikkje om han var heilt fornøyd med det. Men etter tirsdagen følte eg at han skylte meg dette her altså ;) Og kanskje han tenkte det sjøl og, han gjorde ingen motstand og gjorde som matmor sa ;)
Hehe er sikkert like greit at han ikkje kan gå inn på bloggen og lese, då hadde han nok ikkje vore fornøyd med meg her...
Oppskrifta fant eg her hos pickles og brukte dette garnet abuelita-tjukk-merino. Halsen blei strikka på pinne 9, det skulle egentlig vere pinne nr 10. Vil nok bruke pinne 10 på neste hals. Men sjølv om eg brukte feil størrelse på pinnen, blei halsen mjuk og god :)

Ha ein fin lørdag og takk for titten :)

 

fredag 13. desember 2013

Litt forskjellig...

Sidan eg ikkje klarer så masse anna så kan eg jo prøve å blogge litt :) No nærma det seg helg og tida fyker avgårde... Det nærma seg fort jul no :)
Forrige helg var det 2 søndag i advent.
Og sist helg hadde vi jo fått snø og det blei skikkelig julestemning ute :)
Mac koste seg veldig og såg helst at snøen kunne bli liggande lenge...

Det var nydelig å kunne gå tur uten å kle på seg regntøy :)
Skikkelig julestemning blei det med lyktene tent ute og snøen daler ned. Dumt at regnet kom på søndagen...
Litt baking har det og blitt, denne gangen var det sjakkruter og eg prøvde ei ny oppskrift. John likte visst desse bedre enn dei som blei laga ifjor... Fant oppskrifta her på gode sjakkruter...

Det tok litt tid å lage, men det gjere jo ingenting når det faller ismak :)
Eg er ingen bakemster, så litt rare blei dei no sjåande ut... Før dei gjekk i ovnen...
Og her gjelder det å passe på, dei blir fort brent... Eg har gjømt dei som blei mest brune underst ;)

Dette var litt av mi veke. Ønsker alle ei god helg og takk for titten :)



tirsdag 3. desember 2013

Advent

 På søndag var det 1. advent og 1. desember. Kan ikkje heilt forstå at vi er begynt på desember alt...
Og vi kunne tenne det første lyset :)
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

Eg synst dette er ei fin tid og det er så koselig når stjerenen er komt i vinduene. Og eg kan gå rundt og pynt til jul ♥
Denne hjertlykta var så nydelig, så den måtte eg berre ha. Denne passa jo heilt perfekt i stua mi (eller vår) :) Var og fekk handla litt blomster og den nydelige blomsterpotta kjøpte mi gode og snille svigermor til meg ♥ Den passa jo perfekt inn ilag med lykta...

Litt baking har det og blitt. Cookies med sjokoladebiter og peanøtter... Desse må eg nok lage litt meir av, ikkje rart det blei anbefalt å dobble oppskrifta...

Vel då ønsker eg alle ein fortsatt fin kveld og tusen takk for titten :)

mandag 2. desember 2013

Førjulskos :)

På onsdag som var hadde eg og Monica hobbydag og på kvelden var vi på scrappetreff på Bokuben i Førde. Alltid kos å komme ilag med likesinna :)
På torsdagen var eg ilag med Monica og Sander og hadde bakedag. Det var veldig koselig. Men det er vel berre å konstantere at verken eg eller Monica er nokre bakemestere. Men pepperkakehuset blei så fint pynta av Sander :)


Litt konfekt prøvde vi oss på og, men resultatet blei jo ikkje heilt vellykka. Våre såg hvertfall ikkje ut som på oppskriftbildene...
Moderne oppskriftbok hadde vi og eller Monica hadde ;)
Vi fekk no trimma lattermusklane når vi forstod at det vi har laga ikkje kan serverast til andre enn oss sjølv... Og vi kom og fram til at vi aldri kunne vore med på Kakekrigen, ikkje eingong om vi to kunne jobba ilag...
Ønsker alle ei fin førjulstid og takk for titten :)

onsdag 13. november 2013

Farsdag :)

På søndag var det farsdag og då måtte eg jo lage eit kort til svigerfar :) Temaet måtte jo bli fly då han har stor interesse for slikt ;) Denne gangen blei det eit "Twisted easel card". Bildene er ikkje av dei beste, men det var ikkje lett å ta bilder når det var blitt mørkt...
Framsida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill kraftkartong
Mønsterark: FabScraps: Adrenaline-Cloud jumping
Stempel: Wild rose studio
Annet: Tim Holtz: Label letters, filmstripe, wire pins, Philosophy tags, mini gears. Halvperler frå Vibeke Spigseth (Poppydesign) Eyelets-Scrapbooking moments
Kantane er sverta med Distress Ink
Kortet oppslått

Trur svigerfar blei glad for kortet, virka slik hvertfall. No er det ikkje lenge att til hobbydag ilag med bestaset Snuppa, gleda meg som alltid til desse dag :) Ønsker alle ein fin dag og takk for titten :)

fredag 8. november 2013

Nissefar :)

Det merkast at vi går mot vintertid, der er kaldt og snøen er komt på toppane... Men det er ei koselig tid vi går imøte no :) Her kjem eit nytt julekort...
Framsida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill Kraftkartong og Pomegranate
Mønsterpapir: Pion design-Waiting for santa-Merry Christmas
Stempel: Tim Holtz- Holiday wishes, God jul-Kreativ hobby, tekst innsida usikker kor er ifrå
Annet: Spellbinders-Classic ovals large og classic scalloped ovals large, halvperler, charms, 
hamptråd, blonder, diverse blomstra



Innsida

Eg prøva meg på litt fleire utfordringa eg :) Og håpa det er noko eg kan fortsette med, kanskje eg på den måten kan bli flinkare til å sette av tid til denne hyggelige hobbyen :)

Blir med på desse utfordringane:)
Papirdokkene - Nisse
Kreative verden - Lag julekort

Ønsker alle ein riktig så fin fredag og ei god helg. Takk for titten ;)

onsdag 6. november 2013

Meir julekort :)

Det nærma seg tida at ein må begynne sende juelkort.... Lura på om eg blir ferdig med julekorta i år... Her kjem hvertfall enda eit...Kortet er 15 cm x 22 cm
Framsida
Kartong: Bazzill-Walnut og Fawn
Mønsterark: Pion Design-Waiting for Santa og Silent Night-Winter
Stempel: Nisse og tekst innsida, usikker kor er ifrå, tekst utsida frå panduro
Annet: Halvperler, blomster, Stickles-Star Dust. Kantane er sverta med Distress Ink



Tusen takk for hyggelige kommentarer på mitt forrige innlegg, veldig hyggelig og eg blir jo heilt rørt  ♥
Ønsker alle en fin dag og takk for titten :)


mandag 4. november 2013

Julekort og utfordringer...

Denne gangen har eg bestemt meg for å vere med på nokre utfordringer, dette blir min første gang.. Litt skummelt, men ein gang må jo vere den første ;)
Julekort er jo hyggelig å sitte å lage no når det er høst ute :)
Framsida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraftkartong
Mønsterark: Riddersholm: A christmas story-Santa og Dog
Stempel: Jenta: Papirloftet, tekst utsida: Kort og Godt, tekst innsida: Panduro
Annet: Blomster, Melissa France-halvperle, Ranger Stickles-Star dust,
Spellbinders- Labels twenty-two, Kantane er sverta med Distress Ink



Innsida


Eg blir med på desse utfordringene:
Kort o Mania - Alt er lov så lenge det er jul  
Card and scrap - Lag et julekort
Hjerteboden - Jul

Då håper eg alle har ein fin mandagskveld. Takk for titten ::)

lørdag 2. november 2013

Hatlesetnipa (583 m.o.h)

 Her i oktober, 18.10, hadde eg og Mac oss ein flott tur på Hatlesetnipa. Vi går opp fra Grov og der lika vi best å gå opp. Men akkuart den dagen begynte eg å kvi meg til vi skulle nedatt når eg fant ut korleis det var oppover... Det var sleipt og glatt oppover... Men vi tok det rolig, så då går det som oftast bra ;) Tok som vanlig litt bilder...
På vei opp
På vei opp :)

Mac koser seg



Første varden man treffer på :)

Mac er begynt med høstrydding av stien ;)


Det var ein flott høsttur og med litt snø på vår vei, så er det berre å innse at vinteren er på vei. Turen ned tok sikkert like lang tid som opp... Hjelpes, skulle tru eg aldri hadde gått i fjellet før... Men sidan det var ganske sleipt og glatt enkelte plasser, og bratt... Og med ein hund som til tider drar, så går det ikkje fort. Men Mac var ganske flink og til slutt forstod han at matmora måtte ned først, så fekk han heller stå tolmodig å vente på at eg kom meg ned... Flinke hunden min ♥

Tusen takk for titten, ha ein fin lørdag :)