søndag 24. juli 2016

Z fold kort

Her komme mitt inspirasjonsbidrag til utfordringa vi har i Papirlosjen, Alt er lov. Så denne passer vel dei fleste og god tid har du og, du har juli og heile august på å lage noke du har lyst til . Eg har brukt motivet My sweet Sunflower frå StarStampz. Denne gangen har eg laga eit Z fold kort.


Dette har eg brukt:
Kartong: Bazzill- kvit og Pixie dust
Mønsterark: Papirdesign: Hell og Lykke-Smil til verden
Stempel: Tekst-kort og godt
Digistempel: StarStampz
Punch: Martha Stewart
Blomster: WOC
Motiv er fargelagt med Promarker


Motivet er fargelagt med Promarker
Hud: Vanilla, Saffron og Blush til kinnene
Hår: Ivory, Vanilla, Oatmeal
Kjole, sløyfe og hjerte: Amethyst, Orchid, Lavender
Solsikke: Gold, Pastell yellow. Blad: Bright Green, Apple, Meadow green

Det var det eg hadde for idag, nyt sommeren. Her er det ferie no og det er jammen godt. Og eg skal jammen bruke ein del av den til denne kjekke hobbyen vi har :) Takk for titten og ha ein fortsatt fin sommer :)


tirsdag 5. juli 2016

Papirlosjen sin sommerutfordring-Alt er lov

Så var det igjen tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er Alt lov og den varer heilt til 4. september, så denne gangen har du god tid å vere med på utfordringa :)

Eg har laga ei lita sommergave. Ei eske med kortlokk, malen fant eg hos denne kreative dama.

Denne gangen har vi blitt sponsa av Gode minner og StarStampz


På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Kvit
Mønsterark: Maja Desig: Summer Crush-met her at the dance,
 Vintage Summer Basics 1933
Blomster er frå Gode Minner
Halvperler: Staz
Stempel: Kort & Godt M-248
Dies: Spellbinders- Classic scalloped ovals large

Har ikkje gjort så masse innvendig, men har enda ikkje funnet mottaker til denne boksen. Og teksten inni må jo passe til mottaker :)
Plass til en liten helsning og ein fin tekst

Boksen kan og gjømme ein liten overraskelse

Fin til venninnegave eller bursdag
Dette var mitt DT-bidrag, no gleder eg meg til å sjå alt det fine dokke lager :)
No er vi begynt på juli og for nokre betyr det at ferien er godt igang, begynner snart eller må vente nokre veker til før ferietid. Nyt den og ta vare på kverandre :)
Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

søndag 3. juli 2016

Maritim utfordring

Her om dagen fekk eg ei bestilling på eit herrekort. Fekk litt knapp tid, så kortet blei laga i ein fei... Men sidan eg fekk vite litt om hans interesser, gjekk det greit. Han lika å fiske han her herremannen, så då passa det jo fint med eit maritimt kort. Og sidan eg det var min tur til ha inspirasjonsbidrag til Papirlosjen idag, passa det jo heilt perfekt ;)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft og Typhoon
Mønsterark: Pion Design: Shoreline Treasures-Bottom of the sea,
Seashells, Iris sibirica, Memory notes (bilde i koauge)
Dies: Spellbinders: Classic ovals large og Lacey ovals
Marianne Design: Koauge og Nautic
Kort & Godt: Fisker
Alfabet: Nellie Snellen
Stempel: Kort & Godt-M-175 og M-321
Papirdesign: Gratulerer sirkel
Annet: Fiskenett, charms, halvperler, magnet


Etter er tok bilde limte eg på ei måse som fyker over fiskaren. Glømte heilt å ta bilde... Men måsa er en dies frå Sizzix-Coastal set
Innsida, i midten er det ein pengelomme

Baksida
Det personlige stempelet er frå ei stempelplate frå Kort & Godt, falt heilt for mange av dei som var på plate. Så då blei den med meg heim...

Så satt eg og kosa meg seint igår med ein LO, den blei no litt maritim den og :) Eg burde visst prioritert å lage albumsider, for hjelpes kor mange bilder som venter på å bli scrappa ;)


På LO'en har eg brukt:
Mønsterark: Pion Design:Shoreline Treasures-Knots
Alfabet: QuicKutz-Abigail (Praha) og Lollipop
Annet: Blomstra-WOC, skjell, charms og hamp


Det var det eg hadde idag. Ønsker deg ein flott dag og tusen takk for at du tok deg ein tur innom bloggen min :)

lørdag 2. juli 2016

Sommerutfordring

Då er vi jammen komt til juli og det er tid for ny utfordring hos papirplaneten. Denne gange er det sommerutfordring og du kan delta med det du synst går innunder sommer. Her finner du sommerutfordringa. Kom og bli med :)

Denne gangen har eg laga ei PL-side frå ein ferietur vi hadde i Tyrkia.


På denne PL-sida har eg brukt:
PL-Kort: Becky Higgins-Hi, Sunshine
Pynt: halverer,  trepynt (papirdesign),  embellishments  (MagicMonday)
Dies: Blomst
Alfabet: QK-Sunshine
Over ein bilde har eg brukt photo overlay (Becky higgins)

Sirince va ein koselig liten landsby, og sidan vi var litt utenom sesongen, var stille og rolig der. Mange koselige butikker med handlaga ting.


Det var det eg hadde for idag, så er det berre å bli med på utfordringa vår :)

Tusen takk for titten og ha ein fortsatt fin dag :)