mandag 5. desember 2011

5. desember

Igår var det 2. søndag i advent og det er berre 3 veker til jul. Lurer på om eg blir ferdig med alt som skal gjerast... Godt eg har ei veke ferie no, slik at eg kan få gjort ein del då. Planen er klar, litt baking, bli ferdig med nokre julegaver, skrive julekort, vaske ferdig tak og vegger og forhåpentligvis litt ferie... Vel då tenker eg ferien er oppbrukt ;) Litt bilder frå igår :)
Pinne ;)
Igår fekk eg besøk av ei venninne og ho hadde med seg adventskalender til meg. Eg blei så overraska og veldig hyggelig, så no har eg fått meg pakkekalender. Tusen tusen takk bestaste Snuppa.
Adventskalenderen

Igår var det jo 2. advent og då måtte vi jo tenne lys nr 2
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
Det står og lyser for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

Idag er det komt litt snø og eg hadde lyst å gå på Brandsøyåsen, men først var eg ut og kjøpte meg brodder, eg trengte ikkje å bruke dei idag. Det var ein kald tur, men Mac kosa seg i snøen.
Ka eg skal få no??

På vei opp :)

Dårlig mobilbilde

Kos med snø :)
Vel det var min dag igår og idag. No får eg avlsutte her. Ha ein fortsatt fin dag :) Og takk for titten...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar