mandag 23. januar 2012

Flott dag igår :)

Ja det går tregt med denne blogginga... Men får vel prøve meg på eit innlegg att :) Denne helga har vore kjempeflott. På lørdag var eg hos ei venninne, kom på dagen og gjekk heim på natta ;) Vi hadde oss ein etterlengta hobbydag. Men kan ikkje skryte på meg at eg fekk laga så mykje... Eg fekk laga eit bursagskort, som eg ikkje kan legge ut enda og påbegynt på ein LO... Det blei litt for mykje skravling, men hjelpes kor koselig vi hadde det :)

På søndagen våkna eg opp til det flotte vêret, då måtte jo eg og Mac ut ein tur og vi gjekk på Brandsøyåsen. Resten av kveld blei det sløving på sofa og foran pc... Det var så godt med sol og fint vêr og gleda meg alt til eg og Mac kan begynne å gå tura i fjellet att :)
Litt bilder frå søndagen :)
Mac elska snø :)

Rulle i snø er gøy :)

Nudelig dag :)

Utsikta

Ikkje heilt fornøyd med å måtte ha band på seg...

På vei nedatt :)
Når vi skulle nedatt måtte eg såklart prøve ein ny sti eg ikkje hadde gått før. Kunne ikkje vente med det til det ikkje var snø eller is, neida... Her må alt prøvast, vi kom oss no ned til slutt... Men vi hadde ein flott tur.
Det var mi koselige helg, håper dokke andre har hatt ei flott helg og. Håper denne veka blir fin på alle mulige måter :) Takk for titten

4 kommentarer:

  1. Dette var fine bilde og turen med Mac ser kos ut.
    Fortiden passer eg og ein liten hund eg går småturer med:)

    SvarSlett
  2. Dette var fine bilde og turen med Mac ser kos ut.
    Fortiden passer eg og ein liten hund eg går småturer med:)

    SvarSlett
  3. He,he dette vart vist to tilbakemeldinger:)

    SvarSlett
  4. Ja eg og Mac hadde ein flott tur sist søndag :)Tusen takk for at du tar ein titt på bloggen og tar deg tid til å kommentere kjære svigermor :) Setter eg stor pris på!

    SvarSlett