fredag 15. februar 2013

Nattarbeid...

Jada her finner vi ut at vi skal bake midt på natta, nesten hvertfall... Men det er vel på tide og begynne å øve seg litt. Sidan det ikkje er så lenge til eg starter i ny jobb som nattevakt...

Fant ut eg skulle prøve å bake kanelsnurra og bringebærsnurra og oppskrifta fant eg HER. Såg gode ut, så desse måtte prøvast :)

Hobby elles er det blitt lita tid til, har så masse anna som må gjerast. Blir så imponert over dei som har energi til så masse. Men den kommer nok snart til meg og ;)

Eg og Monica har jo hatt ein fin tur til Hovlandstøylen og Kvalvikstøylen på søndag. Då kan dokke trur Mac kosa seg. Fekk rulla seg i snøen
Snømannen Mac :)
Litt kos må til
Kjekt å hjelpe "matmora" litt ;)

Mac har fått auge på noko...
Herlig dag i sol og snø :)
Så er det jammen helg igjen og jobbing. Tenk at det er siste helga mi i Førde på ei stund. Spennande og skulle begynne i ny jobb og sleppe pendling kver dag :)

Det var nå kjekt å bake, og no drømmer eg om å kunne kjøpe meg ei kjøkkenmaskin ein vakker dag. Det hadde jo vore mykje lettare enn å bruke hendene, men heldigvis så var no dette ei lita deig :)

Hehe kanelsnurrane og bringebærsnurrane blei no litt rare, men er ikkje ofte eg baker... Men dei blei visst godkjent av min kjære, så då får dei no heller sjå litt rare ut ;)

Nokon var og forsynte seg før eg fekk tatt bilde...

Bringebærsnurra :)
Då ønska eg dokke ei riktig så god helg. No får eg gå ein tur med hunden før det er seinvakt :) Takk for titten :)

1 kommentar:

  1. Forstår ikkje heilt det at du ikkje har energi Annelen.Du må då ha mykkje energi som er i arbeid ,går på kurser og på toppen pendler og er ein upperleg hundetrimmer :D
    Om kanelsnurrane og bringebærsnurrane er like gode som dei ser ut på bilde,forstår eg at dei forsvinner fort. Ha ein god vakt på jobben og god helg. <3 <3

    SvarSlett