lørdag 22. juni 2013

Stuebord

Det var da voldsomt til bloggetempo her no, det er enten eller med skriving i denne bloggen min... Her om dagen begynte vi jammen meg på stuebordet vårt. Kjekt med litt forandring... John pussa og eg beisa. Fin fordeling det :)
Til og med eg fekk lov å prøve og pusse :) Ikkje dårlig at han tørr å låne meg sitt dyrbare verktøy, men han stod og holdt meg med oppsyn ;) Men eg kunne visst ikkje gjere noko gale...
Brukte samme beis som eg brukt på kjøpmannsdisken, drivved...
Bordet blei ikkje så verst når det blei ferdig, vi føla vi har fått eit heilt nytt møbel, berre mykje billigare ;)
No må det berre få tørke skikkelig, så kan vi ta det i bruk :)

Igår kjøpte eg meg ei potte eg har sett på ei stund, synst den var litt artig. Den står så fint og pynter opp ute :)

Denne helga skjer det masse her i Florø, igår var det sildebord og idag og imorra er det Kinnaspelet. Håper alle har ei fin helg og tusen takk for titten :)

2 kommentarer:

  1. Må seie dokke er aktive og flinke begge to.Og kjekt er det som er sjølvgjort.
    Hortensian var kjempe fin.Det gleder eit hageelskende hjarte at dokke gjer det triveleg rundt i heimen.Gje Mac og Tommy ein god klem frå oss <3 <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Åsemor :) Mac og Tommy takker for klemmen og gjer ein stor klem tilbake :)
      Ja kjekt å gjere det trivelig rundt seg, det begynner å komme seg :) Ja Hortensian er veldig fin og potta ;)

      Slett