fredag 16. desember 2016

Ei lita lykt og luke nr 16 hos Papirlosjen

Tenk no er det berre ei veke til lille julafta og det er min tur til å opne luka i julekalenderene hos Papirlosjen. Idag har eg laga ei lita lykt, første gang eg har laga denne, så eg merka eg må lage ei til (eller fleire) for å bli heilt fornøyd. Den har visst litt skavanker her og der...
Malen fant eg på denne bloggen


På lykta har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Vanilje
Mønsterark: Pion Design-Greetings from the North Pole
Digistempel: Kreative hender- nr 237
Dies: Juletre usikker kor er ifrå
Spellbinders- Classic ovals Large
Marianne Design-istapp bord
Anne: Div blomstra, snøfnuggperler
Juletre har fått litt glitter snow på seg


Trea har fått litt glitter snow på seg

Digi frå Kreative hender
I lykta kan du putte snop eller ha eit batteridrevet lys oppi :) Eg hadde oppi ei lyslenke for å sjå, det blei faktisk ganske fint. Men ikkje så lett å få det fram på bilda

Lyslenke oppi lykta

Eller noko godt å tygge på
Ha ei fortsatt fin førjulstid og ein finfin dag :) Tusen takk for titten.

1 kommentar: