onsdag 5. april 2017

Strandlivet

Idag er det tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen har eg laga ei PL side.
Sida er ifra ein Sverigetur vi hadde for nokre år sidan. Vi reiste ned til Falsterbo. Og hadde oss nokre dager på Ljungens camping, der hadde dei ei nydelig sandstrand og tom eg fekk meg eit bad... Bildene er ifrå ein dag på stranda og syntes digien 164 fra kreativehenderdigis passa heilt perfekt til denne albumside. Premien denne gangen er sponsa av Japan Photo
Hadde store problemer med å pynte denne pl sida, det stod heilt fast. Sjølve sida her jo vore klar lenge... Men slik blei den:


Her har eg brukt
Kit: Kaisercraft- Sunkissed captured moments 
Diecuts: Kaisercraft- Coastal Escape
Annet: Trefigurer, paljetter frå Kort & Godt

Denne gangen har eg brukt fuse'en min og for første gang. Litt start problemer og dårlig tid (skulle på natt og gjorde den ferdig like før,alltid ute i siste liten), men med litt øvelse så blir det nok bra neste gang :) Trefigurane har eg limt fast og putta i paljetter før eg "limte" den igjen


Digien fra Kreativehenderdigis har eg skrevet ut på sjølve kortet


Det var det eg hadde idag. Tusen takk for titten og ha ein finfin dag :)

Håper mange blir med på utfordringa for april, bruk minst ett bilde.

1 kommentar: