Viser innlegg med etiketten Esker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Esker. Vis alle innlegg

fredag 5. oktober 2018

Unusual Squashed Orb Gift Box

No fyker tida altså og vi er komt til oktober... Det er ikkje lenge att til jul... Denne gangen i Papirlosjen er utfordringa bretteteknikk.
Eg har valgt å lage ein boks, som eg først såg hos Astrid, som igjen hadde funnet denne videoen

Denne gangen er Papirlosjen sponsoren vår og eg har brukt nydelig ark som passer til ein slik boks.


Neste gang eg lager boksen vil eg nok gjere det litt annleis med lokket. Det innerste klarte eg å klippe litt skeivt så det blei litt rart. Men får teste ut til neste gang eg skal lage ein slik boks...
 På det ytterste lokket har eg brukt magnet, kanskje eg bruker det på det innerse og neste gang...


Tenkte å ha oppi ein twistpose. Og sjokolade og kaffi passer vel godt ilag :)

Har brukt lite pynt denne gangen, berre nokre blomstra og band.

Det var det eg hadde for denne gangen, så er det berre å bli med på utfordringa meir enn 1 brett :)

tirsdag 1. november 2016

Utfordring Papirplaneten-blått, kvitt og sølv

Då er det jammen meg november alt og tida går fort fram til jul.... Eg har valgt å lage ei Toffifee eske i blått, sølv og kvitt. Som er utfordringa hos Papirplaneten denne måneden.

Eg har brukt:
Kartong: Bazzill-blå, silver foil
Mønsterark: Papirdesign- Stille natt
Stempel: Papirplaneten- Mimosa-Snowflake
Dies: Spellbinders:  Classics Ovals L og Classics scalloped ovals L


Motiv er fargelagt med Promarkers


Det var det eg hadde idag. Ønsker deg ein fin fin dag. Blir veldig glad om du legger igjen ein liten kommentar. Tusen takk for titten :)

tirsdag 5. juli 2016

Papirlosjen sin sommerutfordring-Alt er lov

Så var det igjen tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er Alt lov og den varer heilt til 4. september, så denne gangen har du god tid å vere med på utfordringa :)

Eg har laga ei lita sommergave. Ei eske med kortlokk, malen fant eg hos denne kreative dama.

Denne gangen har vi blitt sponsa av Gode minner og StarStampz


På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Kvit
Mønsterark: Maja Desig: Summer Crush-met her at the dance,
 Vintage Summer Basics 1933
Blomster er frå Gode Minner
Halvperler: Staz
Stempel: Kort & Godt M-248
Dies: Spellbinders- Classic scalloped ovals large

Har ikkje gjort så masse innvendig, men har enda ikkje funnet mottaker til denne boksen. Og teksten inni må jo passe til mottaker :)
Plass til en liten helsning og ein fin tekst

Boksen kan og gjømme ein liten overraskelse

Fin til venninnegave eller bursdag
Dette var mitt DT-bidrag, no gleder eg meg til å sjå alt det fine dokke lager :)
No er vi begynt på juli og for nokre betyr det at ferien er godt igang, begynner snart eller må vente nokre veker til før ferietid. Nyt den og ta vare på kverandre :)
Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...