Viser innlegg med etiketten Turer. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turer. Vis alle innlegg

fredag 6. mai 2016

Fine turer

Her i forrige veke hadde eg friveka mi, og eg og Mac fikk oss nokre fine tura. Eg hadde til og med selskap på dei to siste turane fra ei eg jobba natt ilag med. Alltid koselig å ha selskap, sjølv om eg har godt selskap med Mac og...

Onsdagen hadde Mac bursdag, så då måtte vi ha oss ein liten tur, Tenk gogutten blei heile 6 år. Då tok vi turen til Haukåstøylen (visst det er det den heiter), ligger hvertfall ei flott hytte der oppe. Lenge sidan eg har vore der og gått. Så eg trudde det var ein litt lengre tur enn det va. Men Mac va fornøyd og når vi kom nedatt fekk han bada og kosa seg:)


 

Mac fekk bada på turen og va ganske fornøyd. 
 
 Fekk meg nesten eit bad eg og når han rista seg... Usj det var jammen kladt.. Og dette går han uti frivillig.

Fredag gjekk vi til Eikefjordstøylen ilag med Nina. Ein flott kveldstur i nydelig ver.


Eikefjordstøylen

Mac e lei av å bli tatt bilder av...

Søndag blei det ein ny tur, denne gangen til Hovlandstøylen. Denne dagen var det surt og kaldt, og når vi kom oss opp til støylen, så sludda det.... I starten av ruta til Hovlandstøylen har dei fått opp nokre skilt. Koselig å møte på slikt når ein skal gå tur :)

 
No er det jammen godt det er helg. Takk for titten og nyt helga :)



tirsdag 22. mars 2016

Langeland skisenter

På torsdag hadde eg og ei eg jobba med planlagt ein skitur til Langeland. Men det var veldig usikkert om vi kom oss dit... Kvelden før kom det ein stor stein ned og ødela veibane mellom Nautsdal Førde. Ov veien blei stengt. Men jammen opna dei for manuell dirigering kl 09 og vi kom oss på Langeland.



Haha det er jo ei stund sidan vi begge har gått på ski, men eg synst no jammen sant vi var flinke. Litt knoting hadde vi i starten. Men så kom vi oss igang :) Men det var jo litt godt det ikkje var så masse folk i løypa når vi var der ;)



Vi gjekk 5 km og fant ut det var ein god start for oss for denne gangen. Men eg kan gjerne tenke meg tilbake til Langeland, flotte løyper :)


Vi var ikkje så heldig med vêret, men allikavel hadde vi ein flott tur :)

Når vi kom rundt i løypa, satt vi oss ned og kosa oss med litt mat og kakao. Ein skikkelig kosetur :) Og når vi gjekk til bilen att, ja då titta sola fram ;)

Ønsker deg ein fin dag og takk for titten :)




mandag 21. mars 2016

Eikefjordstøylen

Endelig kom friveka mi og no er den over alt... På onsdag var det eit nydelig vêr her i Florø og då måtte jo eg og hunden ta oss ein tur. Ein perfekt start på friperioden min. Det var litt tungt å gå innimellom. Men opp kom vi oss :)



Ser ikkje så ille ut å gå enda ;)


Var ein del snø oppover, men med tida til hjelp, gjekk det bra, sjølv om frustrasjonen kom innimellom ;)

 

Men snøen den kom den

Eg hadde tenkt å gå vidare mot Hovlandstøylen, men eg fant ut det var lurast å gå nedatt. Snøen var ikkje så god å gå i og vi datt gjennom litt for ofte...



Mac kosa seg i snøen


Nydelig utsikt og hund ♥

Men det blei no ein fin tur allikavel. Godt å komme seg ut og bevege seg :)



No var det godt og ikkje gå i snø meir ;)

Når vi kom nedatt til bilen hadde påskeharen vore og hengt ein sjokolade på bildøra mi. Det var ein hyggelig overraskelse å komme ned til...

Haha eg lurte litt på kem det kunne vere, men fant vel ut at dette måtte vere ei eg jobba ilag med eller så var det nokon som hadde hengt sjokoladen på feil dør ;)

No er påskeveka komt og her er det jobbing nesten heile påska. Ønske deg ei riktig god påske og hjertelig takk for titten :)


onsdag 9. mars 2016

Brandsøyåsen

I helga hadde eg og Mac oss ein fin tur til Brandsøyåsen, og må sei kontrasten var stor frå vi begynte på turen til vi kom oss opp på toppen :) Fra begynnelsen av turen fekk eg nesten litt vårlig følelse, men den forsvant jo lengre opp vi kom...
Våren nærma seg
Mac blei gladere og gladere når vi kom litt oppover, der låg jo snø han kunne rulle og kose seg med ;)

Mac kosa seg i snøen
Eg begynte å angre på at eg gjekk med små tursko... Og uten brodda med meg...
God opptrakka sti :)
Men opp kom vi. Rart å komme frå litt vårfølelse til full vinter ;)
Og utsikta var like fin denne gange ;)

Flott utsikt til Florø og øyane

Jammen er det godt å komme seg ut. Denne gange gjekk vi ein rundtur, gjekk opp stien på Solheim og gjekk ned veien eit stykke før vi tok av og kom ned med Brandsøy skule.

Fin lørdagstur

Takk for titten og ha ein flott dag :)


mandag 8. juni 2015

Litlevatnet i Norddalsfjorden

For ei lita stund sidan gjekk eg, Mac og John på tur i Norddalsfjorden. Vi parkerte ved gravplassen... Som oftast går eg og Mac aleine på tur, så dette var jo ekstra koselig :)




Det er litt bratt i starten, men når du kjem ned til vatnet er det fint å gå. Og ein fin tur å starte med når det er lenge sidan ein har gått på tur. Mac kosa seg og, han fekk gå laus heile tida når vi kom ned til vatnet. Der hadde vi god oversikt om det kom nokon. Han går veldig fint uten band, mykje flinkare då enn når vi har band på han. Kosa seg med pinner og bading gjorde han og :)


Vi gjekk så langt veien førte oss. Vi kom oss over bekken og gjekk litt til, men fant ut at det blei for vått. Men vi fekk ein flott tur ilag :)




Skal du ikkje dele litt vatnet med meg eller ??

Ein flott tur på fridagen min. Og dette var min 2 tur på kort tid. Før på dagen gjekk eg og Mac til Gapahuken på Klavelandet. Her er litt bilder frå den turen og ;)

 










Kan vere litt vanskelig å finne der ein går opp om ein ikkje er kjent. Men ein parkerer ved båthavna og må gå litt i grøft til hovedveien...
Parkeringsplassen

Då ønsker eg deg ein flott dag og tusen takk for titten. No nærma det seg jammen sommerferie og... Tida fyker. Men kan ikkje sei det er masse ute som minner om sommer. Idag er det faktisk sol, men vinder ødelegger alt...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...