Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Promarker. Vis alle innlegg

fredag 23. desember 2016

Herlige julemus

Idag er det blitt lillejulafta. Og det er min tur å opne den nest siste luka i julekalenderen til Papirlosjen. Hadde så masse planer no før jul, men det er ikkje alltid ting går som man tenker. Men det gjere no ingenting, tenker kvelden imorra blir like koselig uansett :)
Eg har kosa meg med desse skjønne julemusene, er dei ikkje søte vel, frå kreative hender digis. Desse falt eg for og har laga nokre gavelapper og eit julekort.


Eg har brukt på kortet:
Kartong: Pomegranate og kvit
Digistempel: Digi44
Dies: Marianne Design-Sirkel, granbar usikker kor er ifra
Papirdesign-God jul
Annet: Div blomstra, band


På merkelapp har eg brukt:
Kartong: Kraft
Glitter snow
Digis: 200 og 111
Hamp
Stickles Star dust
Motiva er fargelagt med promarker



Då vil eg ønske deg ei riktig flott lille julaft, ta vare på kverandre og husk å roe ned. Takk for titten.

GOD JUL 

torsdag 5. mai 2016

Ny utfordring hos Papirlosjen-Bryllup

Idag starter Papirlosjen ny utfordring, denne gangen er temaet Bryllup.

Eg har laga eit enkelt bryllupskort. Eg har ikkje brukt noko pynt denne gangen, men ville ikkje ødelegge det nydelige mønsterarket. Vi i design teamet har blitt sponsa av All dressed up, med flotte digistempel som vi har fått utfordra oss med.


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og pomegranate
Mønsterark: Pion. To my Valentine-Love is in the air

No skal eg gå og legge meg etter nattevakt. Godt det snart eg helg :) Ha ein flott dag og tusen takk for titten :)


søndag 27. mars 2016

Påska går mot slutten

Eg har jobba det meste av påska, men no hadde eg fri igår og idag. Det må vel vere bra med påskefri det;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til vår utfordring Vår i lufta. Sidan det er påske har eg laga ei eske eg kan ha melkehjertesjokolade i. Malen fant eg hos Mayas hobby. For det høyrer vel til litt sjokolade i påska ;) Og eg har kosa meg med nydelig stempel frå All dressed up, med stempelet Little flower girl.


 På denne eska har eg brukt:
Kartong: Kvit og gul
Mønsterark: Papirdesign:Muligheter-Vår i luften
Stempel: All dressed up, Kort & Godt: Tekst
Annet: Papirdesign:Perler
Dies: Spellbinders-Standard Circle Large og Lifestyle craft


Motiv er fargelagt med Promarker:
Hud: Blush og Ivory
Hår: Warm Grey 5,3 og 1 og blender
Kjole og hatt: Gold og Pastell yellow
Kurv: Amethyst, Orchid og Lavender
Sløyfe: Olive Green, Marsh green og Pear green
Fugl: Cinnamon og tan


Sidan Wycinanka og er sponsor for denne mnd, fant eg ut at eg måtte lage ei albumside og. Denne gangen blei dei ei PL side... Det er første gang eg legger ei slik side ut offentlig, og det er ikkje mange sidene eg har laga. Men lika godt denne forma for albumside :) Eg og Mac hadde ein nydelig tur i nydelig vêr
Eg hadde ikkje så masse som passa til av "kort", men det går jo fint an å lage korta sjølv. Her har eg brukt mønsterark frå Papirdesign-Trevegg.
 Ramme og hjerte er begge frå Wycinanka

Tusen takk for titten og ha ein fin dag :)

lørdag 5. mars 2016

Vårlig utfordring hos Papirlosjen :)

No har vi komt igang med mars og eg håpa det snart begynner å våres ute. Det skal bli deilig med lysare dager :)
Men no er det altså tid for ny utfordring i Papirlosjen og denne gangen vil vi se "Vår i luften". Og det er jo et tema som passer fot mars.
Denne gangen har vi fått nydelige digigstempel fra All dressed up.


Dette har eg brukt på kortet:
Kartong: Bazzill-kvit og pansy
Mønsterark: Maja Design-Enjoying outdoors-I'm happy. 
Papirdesign-Forventning-Blomsterduft
Stempel: All dressed up- Springtime
Annet: Ramme: Wycinanka
Punch: Martha Stewart-3-1 Classic Butterfly
Alfabet: Jillibean-yam yellow
Motivet er fargelagt med promarkers 

Bak chipboards "ramma" har eg mønsterpapir og klem har fått ein påskegul farge ;)

Innsida har ikkje fått noko tekst enda, Då eg ikkje er sikker på kem som skal få dette kortet her :)
Tusen takk for titten og ha ei fantastisk helg :)


fredag 5. februar 2016

Papirlosjens utfordring-hjerter

Då er det klart for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er det hjerter som er utfordringa. Og februar er jo hjerte månden, no er det morsdag og valentine som står for tur.

Eg har valgt å pynte ein papirpose. Og denne mnd har vi fått digi stempel frå Lacy Sunshine Stamps
Eg falt for dette stempelet Love Is In the Air-Love Note Fairy



På denne har er brukt:
Kartong: Bazzill-kvit, lys lilla og grønn
Mønsterark: Maja Design: Skal vi ta en Fika?-Lejas Café
Dies: Spellbinders- Classic Hearts, Classic Scalloped Hearts
Elegant Ovals
Alfabet: Quickutz-Lollipop
Annet: Blonde, Wink of Stella Brush, div. blomstra,
Martha Stewart hjerte punch
Fargelagt med Promarke


Ei lita helsing/dikt på baksida.
Litt vanskelig å sjå, men augelokk og vinger har fått litt glitter på seg, har brukt Wink of Stella Brush.


Då er det berre å hive seg med på februar utfordringa vi har i Papirlosjen hjerte ♥
Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

mandag 16. november 2015

Kort med fristelse :)

Enda litt meir som blei med på messa. Har aldri laga slike kort før, men har tenkt på det ofte...
Malen fant eg her. Eg har laga til ei stor sjokoladeplate, 200 gr plater. Vanskelig var det heller ikkje :)

På detter kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Thunder
Mønsterark: Maja Design-Vintage Frost Basics 11th of December
Stempel: Serendipity-Snow Angel.
Dies: Kaboks: Juleklem, Spellbinders-Snowflakes view
Annet: Seam binding band
Motiv fargelagt med promarker

Og her er dei andre eg lagde. Huska ikkje kor mønsterarke eg har brukt på denne er ifrå... Stjernene er frå prima. Kartong er vanilje.
Dies er ifrå Scrapmagasinet

Innsida av kort med fristelse

Baksida
På dette har eg brukt mønsterark frå Papirdesign-Til ettertanke-vakre julestjerner. Kartong: Pomegranate. Og dies er frå scrapmagasinet-jul i hjerte og Spellbinders-Standard circle large
Stempel er frå Kreativ hobby
Ark frå Papirdesign-Til ettertanke-musevisa. Kartong: Pomegranate og vanilje. Dies: Spellbinders-Classic scalloped ovals large. Scrapmagasinet-God jul
Stempel: Kort & godt

Ikkje verst å komme med enda eit innlegg :) Ha ein flott dag og takk for titten :)



fredag 16. januar 2015

Babykort

I slutten av desember fekk ei venninne baby, ei lita skjønn jente. Då må ein jo lage eit kort :)
Denne gangen har eg prøvd meg på eit double zig zag card. Malen fant eg Her :) No er gave og kort levert, så då kan eg legge ut kortet :)




På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Rosa
Mønsterark: Maja Design: Vintage autumn basics No. II
Sofiero-Exuberance of flowers in bloom
Coffee in the Arbour-Lets share a cookie
Stempel: Magnolia-Delivery From Heaven og norsk stempelblad
Annet: Div. blomster, charms, stickers frå Panduro
Spellbinders: Classics ovals large,Martha Stewart: Lace heart edge punch

Tekst er henta frå nettet og skrevet ut

Kortet utbretta

Plass til å skrive ein liten helsing under "flippen"


Det blei gjort nokre feil på dette kortet, så då var det å begynne på nytt att og lure på korfor eg må prøve nye ting. Men kjekt når det endelig blei ferdig...

Takk for titten og ha ei flott helg :)

søndag 19. oktober 2014

Bursdagskort

Endelig har eg fått gjort litt hobby, dette kortet burde vore ferdig for lenge sidan..
Men no har mottaker fått det og blei ganske fornøyd :)

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft og Java
Mønsterark: Maja Design Vintage Autumn Basis No. XVII
Stempel: Digistempel Kenny K: Spy Chick, tekst framside: Papirdesign. Tekst innside har eg funnet for lenge sidan og skrevet ut... Stempel er fargelagt med Promarker
Annet: Diverse blomstra, charms, halvperle frå Melissa Frances.  
Spellbinders: Labels Twenty Six
Kantane er sverta med Distress Ink-gathered twigs




Figuren er fargelagt med promarker, eg er ikkje så dreven med desse tusjane enda, men dei seier visst at øvelse gjere mester... Så då er det kanskje håp for meg og ;)

Denne gangen prøver eg meg på ein utfordring igjen...
Card & Scrap: Bruk blomster

Takk for titten og ha ein fin dag :)

 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...