søndag 27. januar 2019

Bak skyene er himmelen alltid blå

Idag har eg to PL-sider og vise for Project life norge, kor eg har blitt DT. Skal bli kjekt å få gjort litt meir albumider, det er så masse bilder å komme seg igjennom.

Til jula 2017 fekk svigers ein opplevelsetur av oss i julegave. Turen skulle gå til Loen og skyliften der. Vi fekk ikkje tatt turen før i november 2018 og akkurat den dagen hadde været bestemt seg for at det skulle vere tjukk skodde her. Vi kjørte i skodde og det blei ikkje noko bedre innover heller. Men som teksten viser og bildene, så blei det ein magisk tur til Hoven. Veldig glad vi tok akkurat den dagen.



Det blei noko heilt spesielt når man tok skyliften i skodde og når vi nærma oss toppen såg vi blå himmel og sol.

Vi kosa oss på toppen med god mat og fin utsikt. Ogveldig spesielt med skodda som låg under oss


Eg har brukt grått alfabet, buttons og tekst klistermerke frå Papirdesign, som er vår sponsor denne måneden. 
Det var det eg hadde for idag, takk for titten :)


mandag 5. november 2018

Metalltape

Tenk no er vi komt til november og det nærmer seg jul. Men først er det ny utfordring hos Papirlosjen, denne gangen er temaet Mann/gutt. Og det nærma seg jo farsdag, så det passer jo bra :)

Denne gangen har eg laga eit kort med metalltape. Var jammen lenge sidan eg brukt den.

Har brukt:
Kartong: Svart og Smokey
Metalltape
3-D embossing folder-Tim Holtz: Mechanics
Dies: Hobby Solution-Motorsykkel
Blomster: I am roses
Maling:Svart 



Eg har malt over metalltape etter den blei embossa, med svart maling og tørka av ein del før den tørka.

Blomstrane var kvite og dei har eg brukt svart Distress ink på.

Ha ein flott dag og håper du har lyst å bli med på utfordringa vår :)

søndag 28. oktober 2018

Vinflaskeskjuler

Det er visst dårlig med blogging for tida... Idag er det min tur med eit lite inspirasjonsbidrag for Papirlosjen. Denne måneden er det Papirdesign som er vår sponsor. Malen til denne fant eg hos Belinda og den var lett og lage. Og kjekt å kunne pynte vinflaska om det skal vere ein gave.



Eg har fått kosa meg med mønsterarket Et lite glass som passer perfekt til vinflaskeskjuleren. Eg har og laga eit lite kort som henger fra hampsnøre, der ein kan skrive ein liten hilsen. Eg hadde ingen vinflaske her heime, men rekner med den passer heilt perfekt :)


Her har eg brukt:
Kartong: Kraft
Mønsterark: Papirdesign- Et lite glass
Stempel: Papirdesign-Den beste vinen


Det var det eg hadde for idag, takk for titten og ha ein flott dag :) Det er fremdeles tid å vere med på utfordringa til Papirlosjen, der temaet er meir enn ein brett, så kom og bli med.


fredag 5. oktober 2018

Unusual Squashed Orb Gift Box

No fyker tida altså og vi er komt til oktober... Det er ikkje lenge att til jul... Denne gangen i Papirlosjen er utfordringa bretteteknikk.
Eg har valgt å lage ein boks, som eg først såg hos Astrid, som igjen hadde funnet denne videoen

Denne gangen er Papirlosjen sponsoren vår og eg har brukt nydelig ark som passer til ein slik boks.


Neste gang eg lager boksen vil eg nok gjere det litt annleis med lokket. Det innerste klarte eg å klippe litt skeivt så det blei litt rart. Men får teste ut til neste gang eg skal lage ein slik boks...
 På det ytterste lokket har eg brukt magnet, kanskje eg bruker det på det innerse og neste gang...


Tenkte å ha oppi ein twistpose. Og sjokolade og kaffi passer vel godt ilag :)

Har brukt lite pynt denne gangen, berre nokre blomstra og band.

Det var det eg hadde for denne gangen, så er det berre å bli med på utfordringa meir enn 1 brett :)

onsdag 5. september 2018

Blonder

Tenk no er vi komt til september og høsten er her. Idag er det og ny utfordring hos Papirlosjen, temaet denne gangen er blonder og band.
Dette blir nok eit kort som blir liggande til den rette anledningen, kanskje eit jubileum eller eit bryllup. Greit å ha nokre kort liggande, alltid nokon som treng eit kort. Då er det berre å lime på ein passande tekst :)



Eg har brukt blonde, pyntebær og sølvtråd fra Kort & Godt, som er vår sponsor denne månden


Elles så har eg brukt kvit- og kraftkartong,  mønsterark fra Maja Design: Celebration-Jubilee og diverse blomstra.

Det var det eg hadde idag, ha ein fin og kreativ dag :)


torsdag 5. juli 2018

Twisted staffelikort

Tenk vi er komt til juli, og det vil og sei at tida er komt for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen måte eg prøve eit twisted staffelikort som eg fant mal på i Ett trykk nr 3 2018. 
Denne gangen blir vi sponsa av I am roses og temaet for juli og august er Alt er lov.


Framside




På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill kraft
Mønsterark: Maja design- Vintage autumn basics
Blomster: I am Roses
Stempel: Norsk stempelbald
Dies: Nesting doily circles

Det var det eg hadde for idag, ha ein flott dag :)

torsdag 7. juni 2018

Ferietid

Tenk at vi er komt til juni alt. Sommeren begynte tidlig her på Vestlandet i år. Men det har jammen vore godt med litt varme på kroppen. No er temperatur meir normal...

Det er og ny utfordring hos Papirlosjen som starta 5.uni, denne gange er temaet ferietid. Eg har valgt å lage ei PL side frå ferien vår i 2016, då rømte vi regnet og reiste til vakre Roma.


Denne gangen er wycinanka sponsoren vår. Eg har brukt ein globus som har blitt embossa med sølv og skrevet ut eit kart over Italia. Kor eg klipte ut den delen som stod Roma på og limte den på.


Gode minner er og fra samme sponsor,den har og blitt embossa i fargen


Ellers har eg brukt lomme og pl kort fra Becky Higgins-Turn the page

Blei visst enda eit innlegg idag, men hadde visst glømt å legge ut dette, ha ein fortsatt fin dag :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...