mandag 24. august 2015

Blånipa 1121 moh

På onsdag den 19.08 blei det ein flott tur i fjellet. Og eg gjekk med ein tidligere kollega,  Vigdis og ei venninne av ho. Dette var ein flott tur som kan anbefalast. Vigdis stod i veien og tok imot meg. Gjekk opp med skytebana. Det kjem ein del bilder i dette innlegget...


Var litt tungt å gå begynnelsen, var litt myrete,men når vi kom forbi det partiet var det ganske greit å gå :) Og der var ein del innpåslitne klegga... Beit gjorde dei og...
Når eg skulle finne fram mobilen for å ta bilder, for det er jo viktig med bilder, fant eg fort ut at den låg att i bilen... Men Vigdis tok masse flotte bilder for meg :)
Nydelig

Det var ein flott dag i fjellet og eg var litt bekymra for om det kom til å bli for varmt for Mac, men heldigvis var det masse vatn han kunne avkjøle seg i. Og han ploppa uti alle som var nesten ;)
Badehunden

Vi går og vi går
Nydelig på vei mot Blånipa, litt tungt innimellom, men eg synst det var verst i begynnelsen, når vi kom opp og begynte å gå på berg, vart det mykje lettare.





Herlig og solfylt dag i fjellet

Mac har vore og bada igjen ;)
Herlig dag og Mac kosa seg i vatn og snø. For det var jo snø her og han kunne rulle seg i. Eg trur ikkje eg har gått ein tur i sommer uten at han har funne seg snøflekka :)
Snø og avkjøling

Litt bratt innimellom
Litt bratt enkelte plasser og eg kjente det jammen i låra mine dagen etterpå ;) Men då har eg hvertfall fått trimma meg.





Mac koser seg på tur

Vi er komt oss opp alle sammen :) Det blåste ein del på toppen og eg hadde jo ikkje berre glømt mobilen i bilen, der låg jakka mi og... Eg må visst pakke alt i sekken, slik at eg får alt med meg...
Blånipa





Godt fornøyd med at vi er komt oss opp :) Mac med flaggrende øyre ;)
Tre glade damer og ein hund ;)

Eg og Mac har nådd ein ny topp

Eg og min gode turvenn

Eg og Mac var veldig glade for at vi blei med på denne turen, og veldig hyggelig turfølge :) Takk for at du tok ein titt, no er jammen friveka mi over og inatt er det tilbake på jobb... Friveka fyker avgårde, føler eg nett er begynt på frien eg ;)
Ha ein flott dag :)

lørdag 15. august 2015

Bryllupskort- Easel kort

Jammen er det ei stund sidan eg har fått gjort noko hobby, men så fekk eg lov å vere gjestedesigner for papirlosjen. Og då løsna jammen tørka litt. Så no har eg laga eit bryllupskort. Er jo så godt å kunne sitte ved bordet og kose seg med scrapping, det er like masse terapi som fjellturane mine :)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill kvit og typhoon
Mønsterark: Papirdesign: Hell og lykke-endelig gift
Stempel: Kort og godt
Annet: Div blomstra, charms,Martha Stewart sommerfugl punch
halvperler forma som hjerter
Dies: Spellbinders-Elegant Ovals


Lika godt å bruke blomstra, men har funnet ut at det er bra eg ikkje er blomsterdekoratør ;)



Takk for titten og ha ei fantastisk helg. Her er det nattevaktshelg :)

lørdag 8. august 2015

Gjestedesigner for Papirlosjen

Eg var så heldig at eg fekk lov å lage kort med kortkitet til Scrapomania. Eg har virkelig kosa meg med kitet. Eg lurte ein periode på ka i alle dager eg hadde begitt meg utpå, eg har ikkje scrappa så masse i det siste og lurte på om kreativiteten var heilt dø. Men når eg fekk studert det nydelig kitet for juli, kom kreativiteten løpande til meg ;) Her kan dokke ta ein titt på alt det fine scrapomania har :)
Kortkit fra Scrapomania for juli

Framsida




Arka som var i kit passa meg ypperlig, eg er veldig glad i Maja og Pion
Gatefold kort



Kjærlighetskort ;)


I kitet fekk eg ei nydelig lita blokk, med dei skjønnaste ark. Eg måtte lage eit lite kort med dette skjønne bilde
Innlegget kan du lese her.
Takk for titten og ha ein flott dag og helg.

 



onsdag 5. august 2015

Strandanipa 668 moh

Endelig kom det ein finværsdag, det har ikkje akkurat vore mange av dei. Så då måtte jo eg og Mac ha oss ein tur. Og denne dagen kom vi oss opp på Strandanipa. No er det jo ei stund sidan denne turen og... Denne blei gått heilt i slutten av ferien min. Dette er ein tur eg har hatt lyst å gå ei stund, og endelig kom eg meg dit, og er nok ein tur eg kjem til å gå igjen. Nydelig tur :)



God sti å gå på
Her på Kvile kan du ta ein pust i bakken og nyte utsikta. Mac meinte det var berre tull og tøys og fekk viljen sin. Vi trakka vidare :)
Kvile


Utsikt på vei opp
Ein liten pust i bakken før vi går vidare til Strandanipa :)
Mac koser seg
Vi nærma oss toppen :) Fantastisk utsikt. Turen er godt merka og det er ingen problem med å finne fram.

Så kom vi oss på toppen og kunne nyte den flotte utsikta. Er det ikkje flott vel?

Mac virka og fornøyd med turen, trur han nyter stillheten han og ;) Det einaste vi hørte var bjøllene til sauane som gjekk på beite :)

Mac


Meir utsikt
 Så var det å komme seg nedatt.
Nok ein fin tur i fjellet er snart over. Og enda kjekkare at det blei ein topp vi aldri har vore på før :)
Nærma oss bilen

Ønsker alle ein flott dag og takker så masse for titten :) Denne turen kan eg anbefale.




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...