tirsdag 10. september 2013

Albumsider 12 x 12

Eg fekk laga to albumsider på hytteturen, her kjem resultaltet :) Kjekt å få vekk litt bilder og :)
Denne er fra då Mac var kvalp og la seg ned for å sove der det passa seg...
Ein pust i bakken må til når man er liten
På denne har eg brukt:
Kartong: Bazzill Vanilje
Mønsterark: Papirdesigne: Treverk, Fancy pants designe: Boggy Board, Jillibean soup: 1 part man, Echo park paper: Dots & Plaid
Annet: Tim Holttz: Word Sticks, store blomster: Ladybug and friends, dei ander huska eg ikkje kor er frå. Alfabet: "Pust i"-Jillibean soup, "Bakken og Mac"- Echo park paper. Etikketholder meina eg at eg kjøpte på Panduro, tau, charms. Kantane er sverta med Distress Ink

Veldig glad i Holtz`en 

Den andre er frå ein tur eg, Mac og Monica hadde på Uførefjellet i år, bilde blei litt mørkt dessverre, men utsikta er fantastsisk og Mac pønska på eit eller anna fanteri (det klarer han ikkje å skjule for matmora ;) )
Herlig dag på fjellet :)

På denne har eg brukt:
Kartong: Bazzill blå
Mønsterark: Echo park paper: Winter wishes, Papirdesign: Vintertid-Frost og iskrystall
Annet: Ulike blomster, charms, alfabet: Stickers Prima, huska ikkje ka namnet på Fjelltur er (men er Dies). Kantane er sverta med Distress Ink brushed corduroy, punch (snøkrystall) 


Tusen takk for titten og ha ein flott tirsdags kveld :)

søndag 8. september 2013

Hobbyhelg

Då har eg og Snuppa hatt vår årlige hyttetur, der vi koser oss med hobby. Tida gjekk så fort og plutselig var det søndag og heimreise. Men jammen fekk vi gjort litt, det blei albumsider, julekort, pynta poser og bursdagskort :)
Vi har holdt på så lenge vi orka og enkelte dager blei det morgon før vi kom oss i seng... Kosa oss med god mat og ikkje minst snop og hatt gode samtaler :) Gleder meg alt til neste hyttetur :)

Vi reiste onsdag 4 september i 17 tida. Bilen var fullpakka og vi hadde ikkje plass til så masse meir... Første stopp blei Førde og treff på Bokuben. Kjempekoselig å få vere med på, sjelden eg får vere med på dette pga jobb. Men gleda meg alt til neste gang det havner på fridagen min :) Kjekt å treffe andre med samme interesse :) Så fant vi ut at vi måtte ha oss litt mat, så då blei det Peppes på oss.... Når vi endelig kom til Jølsterlia og hadde fått pakka ut av bilen, begynte vi rett på hobby :)
Alt vi hadde dradd med oss, ryddig enda...
Slik ser det ut når vi har holdt på ei stund og av og til er det fullstendig kaos. Då finn vi ikkje det eine eller det andre og det blir full leiteaksjon ;)
Litt meire kaos og ikkje alltid like lett å ha kontroll over tinga ;)
Vi var der i 4 netter, og fekk 3 heile dager og det var ikkje nok altså, vi begge kunne gjerne tenkt oss fleire daga der :)

Snuppa koser seg siste natta ;)
Eg er faktisk litt imponert over alt vi fekk laga. Og Monica var jo heilt rå i produksjonene :) No er det berre å glede seg til neste tur. Men først er det hobbydag i slutten av september :) No er det berre å finne senga, er faktsik litt sliten etter nokre fine og lange daga med hobby :)
Takk for titten :)

onsdag 4. september 2013

Bokkort

Det blei visst litt kortproduksjon no. Neste kort er til svigermor. Denne gangen fekk eg lyst å prøve noko nytt. Det blei no så som så, men øvelse gjere mester seies det ;) Har prøvde ein gong før, men då gjekk det i søpla. Malen fant eg her :)

Framsida og bilde av jubilanten

Her har eg brukt:)
Bazzill: Vanilje og rosalilla
Mønserark: Pion design: Alma`s Sewing Room-Purple wallpaper og Purple rose
Stempel: Usikker kor er ifrå.
Annet: Blonder, Martha Stewart`s sommerfuglpunch, halvperler frå Melissa Frances, blomster, charms, alfabet QuicKutz Olivia. Kantane er sverta med Distress Ink-brushed corduroy, Spellbinders- Lacey ovales

Innsida
Ein tag der vi kan skrive ei lita helsing


Sett fra sida
Baksida

Sidan det er første gang eg har fullført eit slikt kort, så er det litt skakt. Men det får heller våge seg... ;) No er dagen komt til at eg og Snuppa skal på hobbyhyttetur, vi skal jammen ha 3 heile dager med hobby. Og turen begynner med ein tur på Scrappetreff på Bokuben :) Takk for titten og ha ein flott onsdag 


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...