tirsdag 25. oktober 2011

Layout - Vårt første møte :)

Då har eg jammen lage ein LO etter gamalt. Lenge sidan sist no.
Desse bilda blei tatt når vi møtte Mac for første gang ifjor og vi skulle ta han med heim. Har mange bilder eg kan scrappe, så eg håper det blir mange fleire i 2012 :)
 Vel det var alt for ikveld, då er det vel snart på tide å finne senga.
Takk for titten :)
Natta :)

mandag 24. oktober 2011

Nydelig høstdag :)

Idag dukka jammen sola oppatt og det var nesten sommertemp ute. Dette måtte nytast og sidan eg har hatt jobbehelg, måtte eg og Mac ta oss ein tur. Mac måtte såklart finne seg litt  gjørme og ikkje minst "ploppe" uti, til matmoras skrekk. Og for å ha det mest mulig gøy, måtte jo Mac riste seg akkurat der eg stod... Rampen sjøl....
Flott dag :)
Lykkelig
Jippi, eg kan bli skitten :)
Neida, eg var ikkje å bada i gjørma...
Heilt sant altså....
Vel Mac kosa seg masse idag, og vi andre i heimen er fornøyd med at vi har ein rolig hund her idag ;) Takk for at du tok ein titt :)
Ha ein fortsatt fin mandagskveld :)

fredag 14. oktober 2011

Bursdagskort :)

Igår kveld /natt fekk eg endelig ferdig bursdagskortet eg skulle lage. Eg jobba best under press og slik er det visst med kortlaging og ;) Så håper eg mottaker blir fornøyd :)
Idag er har eg hatt fri, er langfrihelga mi og håper eg får laga litt meir kort i helga :)
På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Brun (pinecone og walnut)
Mønsterark: Maja design, Kaffetåren den bästa är
Stempel : Frå kreativ hobby
Annet: Blomster, blonde, halvperler, Martha Stewart punch: monarch butterfly-large
Kantane er rufsa til og sverta med Distress  Ink walnut

No må eg ut å lufte Mac, slik at han får kveldsturen sin. Etterpå skal eg kose meg med Senkveld og eg trur jammen eg skal finne fram strikketøyet ikveld, og må nok tenne litt stearinlys :) Då blir nok fredagskvelden perfekt for meg ;)
Ønsker alle ein fortreffelig fredagskveld  og takk for titten:)

torsdag 13. oktober 2011

Sola skinner :)

Idag dukket sola oppatt, deilig. Eg tenkte å ta ein fjelltur, men va så treg i dagtidlig at det blei berre ein tur på Brandsøyåsen. Elles så forstår eg ikkje heilt kor denne dagen er blitt av, plutselig er det kveld og eg må sette meg ned å lage eit kort som skal vere ferdig til i morra...
Glømte å ta med kameraet idag, så det blei berre tatt nokre bilder med mobilen, er derfor ikkje den beste kvaliteten på bilda...
Måtte jo ta bilde av den saken som dukka opp på himmelen ;)
Den her møtte vi på vår vei nedatt :)
 Det er ein fin tur å gå på Brandsøyåsen, idag gjekk eg veien opp, og stien nedatt til Solheim.
Nei eg får vel begynne på korte, mens eg gløtter på Hellstrøm rydder opp :)
Ha ein flott torsdags kveld :)

tirsdag 11. oktober 2011

Julekort :)

Då kom eg litt igang i helga og fekk laga eit julekort og eit bursdagskort. Og igår var eg og scrappa ilag med ei og då fekk eg jammen laga enda eit julekort :)
Eg prøvde meg på ein ny bretteteknikk i helga, Tri shutter kort, va ikkje så vanskelig. Så den teknikken vil eg nok prøve igjen.

På lørdag var det flott vêr her, men når eg gjekk ut på terrassen vår såg eg at snøen var komt på fjelltoppane. Så eg får håpe på fleire godvêrsdaga, slik at eg og Mac kan ta oss nokre tura til før det kjem så mykje snø :)
Snøen er komt på toppane
Av og til er Mac ei linselus ;)
Her er julekorta eg har laga :)
Tri shutter kort

På detter kortet har eg brukt:

Bazzill : Vanilje
Mønsterark: Papirdesign, Julens gleder
Stempel: God jul er frå kreativ hobby, det runde er eg usikker på kor er frå.
Annet : Blomster, perler, charrms. Kantane er sverta med Distress Ink. Har og brukt Spellbinders Nestabilities, classic ovals large og classic scalloped ovals large
Mal fant eg HER :)

Neste kort er laga med hjelpe av Snuppa, eg sleit med inspirasjon og ho sendte nokre bilder av flotte julekort ho hadde sett. Eg har ein del fine mønsterark med flotte motiv på, og synst dei er vanskelig å bruke på kort. Men så såg eg det bilde og tenkte at det må eg prøve :) Her er det:
På dette kortet har eg brukt :)
Bazzill: Fawn og Walnut
Mønsterark: Pion design Väntan på Tomten II
Stempel: Frå kreativ hobby
Annet : Tyll, perlestreng og hjerteperler frå kuttut, blomster. Kantane er rufsa og sverta og eg har brukt Stickles "Star dust" rundt kantane. God jul har eg brukt 3-D puter på.

Då ønsker eg alle ein flott tirsdag:)

mandag 3. oktober 2011

Høsten er komt

Ikveld er det skikkelig høstvêr ute, det regna og blåser. Då er det koselig å tenne stearinlys og sitte inne :) Heldigvis kom eg og Mac oss inn før det begynte å regne så voldsomt. Så no er det innekos resten av kvelden og kanskje eg får finne fram litt handarbeid.  Det eg burde gjere, er å lese litt, her i veka som var begynte eg på noko som heiter ABC-demens. Og eg håper det blir lærerikt :)
Håper det snart kjem litt meir oppdatering innen hobby her, men for tida er lysta heilt vekk. Men eg må sette meg ned å lage eit bursdagskort, kanskje imorra ;)
Eg får vel finne litt mat til dyrene her. Ha ein fortsatt flott høstkveld :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...