søndag 19. februar 2012

Fastelavn :)

Ja idag er det fastelavn, på fredag kjøpte eg fastelavnris, det er jammen meg lenge sidan eg har hatt. Og så støtta eg ei god sak :) Sidan eg ikkje er den fødte baker og ikkje lika krem, så blir det kjøpebolla med vaniljekrem her... John meina at det er jo ikkje fastelavnsbolla. Men det er eg som laga det og slik blir det ;) Huff fekk eg litt dårlig samvittighet for at eg ikkje kjøpte litt vanleg krem til han, jaja...

Igårkveld begynte det å snø att, hadde no berre snøen kunne lagt, men det er vel ikkje lenge til det begynner og regne att. Begynner å forstå dei som er skikkelig vêrsjuke no. Er begynt å drømme om å kunne reise til varmere strøk, er fryktelig lei vêret vi har. Og eg veit det ikkje hjelper å klage på det og eg pleier ikkje å gjere det. Men no føla eg det har vore dårlig så veldig lenge... Idag er det sol, det snør, det hagla... Men flott er det når sola kjem fram :)


Dette er langfrihelga mi, og på fredag måtte eg kjøpe ein potteplant med litt blomst på, ein krysantemum trur eg den heiter :) Måtte ha litt vårtegn her :)
No skal eg sette med ned med hobbyen min og prøve å lage ei albumside og kanskje eit kort. Men med så lang tid eg bruka på eit prosjekt, så blir det vel berre albumsida eg blir ferdig med...:)
Ha ein fortsatt fin fastelavenssøndag og hjertlig takk for titten :)

tirsdag 14. februar 2012

Valentine`s day :)

Ja idag er det Valentines dag, her i huset blir den ikkje feira noko særlig. Men eg har no laga eit kort til min kjære. Og jammen hadde John kjøpt ein potteplante til meg, ein eføy som er forma som eit hjerte.
Kortet eg lagde falt i smak, virka slik hvertfall ;)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Vanilje
Mønsterark: Inkido, Is this love, feel and laugh
Stempel: Frå kreativ hobby
Anna: Blomstra som eg ikkje veit kor er ifrå
Malen på dette kortet fant eg HER
Må jo vise planten eg fekk og :) Blei veldig glad for den og håper eg ikkje dreper den...
Då får eg gå og finne meg litt mat,og håper alle har ein flott Valentine`s day :) Takk for titten :)

søndag 12. februar 2012

Søndag :)

Denne helga har vore kort, igår var det seinvakt, men godt å ha fri idag :) Igår kom eg heim til ein fin overraskelse, min kjære hadde begynt på mat til oss. Han skulle prøve noko nytt og det er jo alltid spennande. Og det smakte nydelig, så dette kan han få lov å lage att :)
Idag gjekk eg og Mac tidlig på tur og eg tenkte eg skulle bruke resten av dagen til hobby. Men er fremdeles ikkje komt i gang....Så når eg er ferdig med dette får eg prøve å sette meg ned. Slapper alltid så godt av når eg kan sette meg ned å scrappe litt, då kosa eg meg ;)
Her er ei albumside eg laga for ei stund sidan.
Blir eit kort innlegg denne gangen. Ha ein fortsatt fin søndag og takk for titten :)

mandag 6. februar 2012

Litt forskjellig :)

Då er det mandag og jobbehelga er over for denne gang, idag er det fri og den nytes :) På lørdag var eg på delfinalen i MGP. Kjekt å få med seg. Kosa meg hvertfall. Idag må eg nok få gjort noko her i leiligheta. Dagen er full av planer... Men kjenner eg meg rett, blir vel ikkje alt gjort ;)
I helga fekk eg ikkje gjort noko hobby, men har jo laga ei albumside eg ikkje har lagt ut... I år skal eg prøve å få laga nokre albumsider, det er kjekt å lage til slike minner ein kan sitte og bla i.
Her hos meg er det Mac som blir fotoobjektet og som blir scrappa ;)
Her er dagen vi henta han :)
Eg holder jo på med ein genser og, mitt eine evighetsprosjekt, no skal eg endelig begynne på mønsteret,men først må eg få litt hjelp til oppskrifta. Men akk for ein kjedelig genser å strikke... Men no har eg felt til hals framme og eg føler eg nærma meg slutten. Då er det berre armane att, håpa ikkje det tar like lang tid...
Kanskje den blir ferdig i år???
Litt bilder av Mac må eg jo legge ut og.
Finingen :)

Snart ferdig med å ta bilde, eg vil leike i snøen no...
Då får eg gjere litt anna her. Ha ein flott mandag. Og takk for titten :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...