torsdag 20. oktober 2016

Knask eller knep ;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til utfordringa vi har i Papirlosjen. Denne gangen er temaet høst/høstfarger.

Eg lika høsten veldig godt, så mange flotte farger. Og mange fine fjelltura. Elles så betyr jo høsten og oktober Halloween for nokre. Eg fekk mi første opplevelse med Halloween når eg hadde eit år i USA. Før det hadde eg no ikkje hørt om dette fenomenet. Men etter nokre år kom det jamme hit til Norge og...

Eg har laga ein gavepose som er Halloweeninspirert.


På posen har eg brukt:
Kartong: Bazzil-svart og lilla
Mønsterark: Pion: The Witching Hour-Haunted house
Digistempel: All dressed up: Magical day 
Dies: Quickutz: Flaggermus, Alfabet huska deg ikkje kor er ifrå
Kort & Godt: Raktangel med søm
Annet: Charms, Dotta-Papirdesign




Har og laga ei PL side om ein flott fjelltur eg hadde her i forrige veke. Beklager dårlig bilde av PL...


Her har eg brukt:
Kartong: Bazzil-kraft
Kort: Kaisercraft-Captured moments
Dotta: Papirdesign og Staz
Alfabet: Tim Holtz og Jillibean
Tekst: Papirdesign
Dies: Kort & Godt: Sirkler med søm
Digistempel: All dressed up: Magical woodland

Det var det eg hadde idag, blir veldig glad om du legger igjen en liten kommentar. Ønsker deg en flott kveldd og tusen takk for titten.

onsdag 19. oktober 2016

Kortkit fra Scrapomania

Vi i designteamet til Papirlosjen er så heldig å bli sponsa av Scrapomania, med herlig kit. Eg har fått lov å kosa meg med oktoberkitet. Nydelig juleark fra KaiserCraft og masse flott pynt :)

Eg har laga eit vanlig kort 15x15.


Sidan det nærma seg jul, altfor fort som vanlig, har eg laga nokre småkort. Eg synst det er kjekt å ha nokre små kort liggande som eg kan legge ved ein liten opperksomhet. Malen til det lille kortet med Christmas wishes, fant eg i ett trykk eit år. Klarer ikkje å finne det att i farten... Dette kortet går fint an å feste på gaven som ein merkelapp og :)


Eg måtte jo lage ei albumside og. Når eg begynte med scrapping var det albumsider, LO, eg lagde mest av. Men det har jo gått over til kortlaging og no ikkje minst har eg fått augene opp for PL og. Synst dette er ein fin måtte å få bilder i album på.


Her kan du se kortkitet eg fekk. Eg kan anbefale dette på det varmeste og det er berre å løpe og kjøpe ;) Du finner dei ulike kita her

Det var det eg hadde for idag. Ha ein finfin kveld. Takk for titten :)

fredag 14. oktober 2016

Kleivastøylen

Etter ein god frukost på onsdag hos Vigdis, blei det ein ny tur. Ein koselig tur på støylen til Vigdis og dei. Ein flott tur som ikkje tek så altfor lang tid. Og vi fekk selskap av pusane til Vigdis :)

Store pusen på vei opp

Store pusen stoppa alltid opp om vi stoppa..

Pusen og Vigdis


Eg fekk til og med sett støylen til Søsken til evig tid.

Søsken til evig tid

Så nærma vi oss mål :)

Snart framme

Var ein flott plass dette :) Må nok innatt og besøke Vigdis og støylen ;)

Flott utsikt frå Fjøsen

Katten må utforske litt

Fjøsen og hytta

Eg har friveka mi denne veka, men Vigdis måtte på seinvakt. Så etter ei lita stund måtte vi vende nasa heimover att. Eine pusen gadd ikkje å bli med heilt opp, men den minste var med heilt opp på støylen, men tru han var glad når vi skulle gå nedatt :)


Flott plass

Kyrene kosa seg i sola, her er vi komt nedatt til huset til Vigdis

Der oppe var vi på tir :)
No er det jammen santen helg att. Vekene går veldig fort for tida... Øsnker deg ei flott helg, nyt den. Takk for titten.

torsdag 13. oktober 2016

Smådalsnipa (930 moh)

For eit nydelig vêr vi har hatt i det siste, sola skinner. Og vi har endelig fått litt igjen for den dårlige sommeren vi har hatt. Og det passa jo heilt perfekt med friveke no :)

På tirsdag reiste eg inn til Naustdal for å besøke ei venninne. Ho spurte om eg ville gå til Smådalsnipa og den turen har eg hatt lyst å gå lenge. Så då var det berre å sei ja :) Vi kom ikkje igang å gå før kl var ca 17. Vi begynte å gå frå Kleppestølen. Ho kunne fortelle at det som oftast blåste der oppe. Men på vår vei opp, møtte vi nokon som kom ned og dei kunne fortelle at det var heilt vindstille der oppe.


Ein går på grusvei opp til Stehoggestølen og vidare opp til Smådalsnipa er det god sti.

Stehoggestølen

På vei opp i vakker natur


Nærma oss toppen

Når vi kom opp blei det tatt litt bilder og jammen fekk vi med oss solnedgangen og. Og det var heilt vindstille. Ein flott tur som eg kan anbefale :)
Oppe :)

Smådalsnipa


Vigdis nyter utsikta

Vakker solnedgang på fjellet


Fantastisk flott utsikt der oppe og det var ikkje ei sky på himmelen.
Det mørkna fort når sola gjekk ned, men utrulig glad for at eg fekk med meg solnedgangen der oppe :) Heldigvis hadde vi lommelykt med og dei kom godt med når vi hadde gått litt nedover.

Skilte der vi begynte å gå ifrå


Når vi kom ned til Vigdis, var det godt med ein varm dusj og mat. Det var det eg hadde for idag. Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...