fredag 10. januar 2014

Tilbakeblikk på 2013

Så er 2013 over og vi har eit nytt år. Kor 2013 blei av skjønner eg ikkje heilt... Men no er vi begynt på 2014 og mulighetane for å starte med blanke ark er her :)
 

2013 har gått med til studier,hospitering,eksamen, ferdig med studie, fjelltura, scrapping, strikking, hekling, litt ferie og bytting av jobb ;) Men året har og bydd på ein del utfordringa, positive som negative... Eg håpa at eg skal få gå meir i fjellet no i år 2014. Har mange toppa eg vil utforske ;)

I slutten av april var det eksamen i Akuttsjukepleie og ei ventetid for å finne ut om man klarte eksamen eller ikkje. Men heldigvis når resultatet kom, kunne eg endelig sei: JIPPI eg er ferdig med dette studiet og ;) No kan eg endelig få gjere det eg har lyst til... Vel uten å forstå dette heilt, eg fekk ikkje bedre tid fordiom eg var ferdig med skulen... Det må jo berre bety at eg må bli flinkere til å planlegge ;)

Så blei det jammen litt ferietid, denne gangen blei det to bolker. En på sommeren og ein i oktober. Sommerferien hadde vi heime og i Sverige. Denne gangen holdt vi oss på ein plass Uddevalla og Unda Camping. Der har vi vore før og trives godt der. Bilder frå denne turen kan du sjå her: Sverigetur

Så i oktober blei det Tyrkiatur på oss... Det var ein kald fornøyelse. Vi holdt oss litt opp i høyden, og eine natta hadde det vore minusgrader... Då lurte eg på ka vi hadde rota oss borti. Det var ingen varme på dagtid heller og eg måtte gå til innkjøp av ei strikkajakke....
Litt bilder frå Tyrkiaturen :)
 



 


 

 Det eg huska best frå 2013 er nok turen eg og Mac hadde til Besseggen. Mange som sa at det var galskap og ta med seg hund opp der. Og ei dame sa det rett ut til meg når eg begynte på turen, dette er ingen tur for ein hund. Men du har vel gått turen før sidan du har med deg hund... Ja ka svarte eg då "Nei dette er min første gang her, eg har aldri gått her..." Ho berre rista på haue... Følte meg nesten som ein dårlig hundeeigar. Men Mac han kom seg opp og ned uten problemer. Mac er ein tøffing han ♥ Og ikkje minst fjellgeit ;)  Og han var faktisk sliten meir enn 30 minutter når vi kom nedatt til hytta ;) Her kan du lese meir om Besseggen ture vår : Besseggen


Høsten kom og Mac og eg fekk oss nokre fine tura då og :)
 







Så kom jula og eg berre jobba... Dette var ei rar jul... Men litt julefeiring fekk eg no. Og som alltid fekk eg altfor masse gaver og flotte gaver....


 

 Vil ønske alle eit fantastisk 2014 :) Og tusen takk for titten :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...