lørdag 28. mai 2016

Konfirmasjonskort

Fekk ei bestilling på eit konfirmasjonskort til ei jente. Synst det er koselig når det er bilde av konfirmanten på korta. Denne jenta likte drilling, men sidan eg ikkje hadde noko som kunne minne om ei drilljente, prøvde eg å lage ein drillstav...


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og Pixie dust
Mønsterark: Papirdesign: Hell og lykke-snill og tøff
Tall: Kaboks-Dies
Dies: Kjære konfirmant: Kort & Godt
Du er Unik-Scrapmagasinet
Spellbinders:Marvelous Squares
Annet: Halvperler, blomstra
Stempel: Magi-Stempelglede
Kort & Godt


Ønsker deg ein finfin tirsdag. Tusen takk for at du tok titten.


mandag 23. mai 2016

PL-sider

Idag blogger eg for papirlosjen. Vi i teamet er så heldig å ha Scrapomania som sponsor, og denne gangen fekk eg PL-kit som eg fekk kose meg med. Og eg fekk laga 3 sider fra ulike opplevelser.

Her kan du sjå ka eg fekk i kitet
Masse fint å kose seg med
Den første sida eg har laga er frå bilferien vi hadde i 2012, detter er bilder fra Saltgruva. Kunne jo ikkje ha vore i Krakow og ikkje ha sett saltgruva. Ein flott opplevelse
Saltgruva

Neste side er frå ferieturen vi hadde i 2014, då var vi på vei heim frå Sverige og bestemte oss for å ta ei anna rute tilbake til Florø. Og tok oss ein dag i Alvdal og Aukrustsenteret.
Ein artig dag

Neste side er frå ein av våre fine fjelltura. Endelig kom eg og Mac oss på Blånipa :)
Fin topptur dette
Det var det eg hadde for denne gang. Kanskje eg har gitt deg litt inspirasjon til å lage ei eller fleire PL sider. Ønsker deg ei flott veke, takk for titten.

mandag 9. mai 2016

Eksplosjonsboks til konfirmant

Det er no enten eller med denne blogginga mi..... Her kjem ein eksplosjonsboks til ei jente som blei konfirmert igår
Malen fant eg hos denne flinke dama. Men eg har ikkje kake i midten, eg har laga ein liten boks som eg la pengegaven i :)

På denne boksen har eg brukt
Kartong: Bazzill-kvit og petunia
Mønsterark: Papirdesign: Forventning-Hanna
Stempel: Magi-Stempelglede, Kort & Godt
Annet:Div blomstra, halvperler, charms
bånd som er kjøpt på Florø husflid
Dies: Spellbinders-Marvelous Squares,
Classic scalloped ovals large,
Classic ovals large
 Vindu er laga av gelatine plate

Ikkje så ofte eg laga slike bokser, men veit ikkje korfor, for dei er ganske lette å lage :)
Med ein liten boks inni boksen, kor eg la pengegaven. Ville ikkje ha kake i boksen og funderte ei stund på kordan eg skulle løyse det. 
Det var det eg hadde for idag. No er det ny veke og nye muligheter, ha ein fin dag og takk for titten :)

Denne gangen hiver eg meg med på nokre utfordringer :)

Hjerteboden- Bruk blomster
Card & Scrap- Merkedager
 

lørdag 7. mai 2016

Konfirmasjonskort til hestegal jente

Fekk ei bestilling på eit konfirmasjonskort. Denne jenta er hestegal og då var det jo ikkje så vanskelig å skjønne at temaet på dette kortet måtte bli hest. Kjekt med bestilling og av og til må eg utfordre meg sjøl litt. Så då lagde eg eit kort som går i stil som minialbum. Malen huska eg etter eit kurs eg var på hos Gunn-Eirill, der vi lagde minialbum :)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Kvit og Pixie dust
Mønsterark: Papirdesign: Hell og lykke- Snill og tøff
Muligheter- Si det med blomster og Stjernesko
Dies: Spellbinders- Floral ovals, Papirdesign
Scrapmagasinet-Du er unik
Annet: Blomstra, band, charms,
hestesko-wycinanka
Stempel: Kort & Godt-Motiv,
Papirdesign, Stempelglede-tekst
Navn og dato skrevet ut frå pc

Synst Magi teksten passer så fint til ein konfirmant
Glømte å ta bilde av baksida, der hadde eg eit personlig stempel (haha er jo viktig å signere korta ein laga ;) ) og ein heste dies. Bestiller blei fornøyd, det er alltid skummelt med bestillingskort synst eg. Mange spørsmål som kjem, vil dei like det, har eg brukt riktig farger, var det slik dei hadde sett det for seg osv... Så får eg håpe mottaker og blei fornøyd med kortet.

Innsida av kort
Ønsker deg ein flott dag og tusen takk for at du tok ein titt her på bloggen :)

fredag 6. mai 2016

Fine turer

Her i forrige veke hadde eg friveka mi, og eg og Mac fikk oss nokre fine tura. Eg hadde til og med selskap på dei to siste turane fra ei eg jobba natt ilag med. Alltid koselig å ha selskap, sjølv om eg har godt selskap med Mac og...

Onsdagen hadde Mac bursdag, så då måtte vi ha oss ein liten tur, Tenk gogutten blei heile 6 år. Då tok vi turen til Haukåstøylen (visst det er det den heiter), ligger hvertfall ei flott hytte der oppe. Lenge sidan eg har vore der og gått. Så eg trudde det var ein litt lengre tur enn det va. Men Mac va fornøyd og når vi kom nedatt fekk han bada og kosa seg:)


 

Mac fekk bada på turen og va ganske fornøyd. 
 
 Fekk meg nesten eit bad eg og når han rista seg... Usj det var jammen kladt.. Og dette går han uti frivillig.

Fredag gjekk vi til Eikefjordstøylen ilag med Nina. Ein flott kveldstur i nydelig ver.


Eikefjordstøylen

Mac e lei av å bli tatt bilder av...

Søndag blei det ein ny tur, denne gangen til Hovlandstøylen. Denne dagen var det surt og kaldt, og når vi kom oss opp til støylen, så sludda det.... I starten av ruta til Hovlandstøylen har dei fått opp nokre skilt. Koselig å møte på slikt når ein skal gå tur :)

 
No er det jammen godt det er helg. Takk for titten og nyt helga :)



torsdag 5. mai 2016

Ny utfordring hos Papirlosjen-Bryllup

Idag starter Papirlosjen ny utfordring, denne gangen er temaet Bryllup.

Eg har laga eit enkelt bryllupskort. Eg har ikkje brukt noko pynt denne gangen, men ville ikkje ødelegge det nydelige mønsterarket. Vi i design teamet har blitt sponsa av All dressed up, med flotte digistempel som vi har fått utfordra oss med.


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og pomegranate
Mønsterark: Pion. To my Valentine-Love is in the air

No skal eg gå og legge meg etter nattevakt. Godt det snart eg helg :) Ha ein flott dag og tusen takk for titten :)


søndag 1. mai 2016

PL-side i ein fei

Idag er det 1. mai og arbeiderenes dag. Mai  er ein flott måned. Dagane blir lysare og forhåpentligvis blir der bedre temperatur ute og... Det spirer og gror ute. Og enda bedre, det blir lettare å gå til fots i fjellet, håpa eg ;) Våren er ei fin tid :)

Denne gangen har eg laga inspirasjonsbidrag til Papirplaneten. Denne gangen vil vi sjå rødt, kvitt og blått, med innslag av ander farger. Denne PL-sida blei laga i full fart... Satt inatt og styra på. Ute i siste liten som vanlig...

Bilda er frå 17.mai for nokre år sidan. Eg og Mac tok oss ein tur på Åsen og kosa oss. Og Mac synst jo at det var den perfekte måten og feire nasjonaldagen på :)


På denne har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit, rød og Typhoon
Mønsterark: Inkido-Götheborg blå stjärna
Quickutz: Blomst-Daisy, Alfabet-tangerine, Hjerte
Papirdesign: Dies-Hipp hurra

 Ikkje så lett å sjå blomstrane, men er ein gamal dies eg har frå Quickutz, Daisy.

Bildene blei fryktelig dårleg denne gangen...

Då ønsker eg alle ein riktig så fin dag, og tusen takk for titten :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...