søndag 27. januar 2019

Bak skyene er himmelen alltid blå

Idag har eg to PL-sider og vise for Project life norge, kor eg har blitt DT. Skal bli kjekt å få gjort litt meir albumider, det er så masse bilder å komme seg igjennom.

Til jula 2017 fekk svigers ein opplevelsetur av oss i julegave. Turen skulle gå til Loen og skyliften der. Vi fekk ikkje tatt turen før i november 2018 og akkurat den dagen hadde været bestemt seg for at det skulle vere tjukk skodde her. Vi kjørte i skodde og det blei ikkje noko bedre innover heller. Men som teksten viser og bildene, så blei det ein magisk tur til Hoven. Veldig glad vi tok akkurat den dagen.



Det blei noko heilt spesielt når man tok skyliften i skodde og når vi nærma oss toppen såg vi blå himmel og sol.

Vi kosa oss på toppen med god mat og fin utsikt. Ogveldig spesielt med skodda som låg under oss


Eg har brukt grått alfabet, buttons og tekst klistermerke frå Papirdesign, som er vår sponsor denne måneden. 
Det var det eg hadde for idag, takk for titten :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...