mandag 26. mai 2014

Øyane over

Søndag arrangerte Flora Turlag sin årlige tur Øyane over. Denne har eg aldri gått før, men har hatt lyst lenge, enten har eg hatt jobbehelg eller så har eg ikkje fått nokon med meg. Men i år spurte eg ei eg som eg tidligare jobba med i Førde, og ho ville vere med og  fekk ordna seg fri :) Vi reiste med to båter, i år var det 106 som deltok på turen.Og eit nydelig vêr hadde vi igår :)

Turen begynner i Hovden, Batalden, Skorpa og ender på Kinn. Det er ein lang tur, 12 timer, begynte kl 07 og tilbake til Florø kl 19.
Litt trøtt i tryne når eg stod opp (for ei som berre jobba natt no...), stod opp 05:45... Kjære vakre vene, dette var tidlig... Jaja prøvde å tenke på ka eg skulle få oppleve denne dagen.
Eg er ikkje veldig bereist i øyane vi har utafor her, så dette var kjekt å få med seg :)

Eg kom meg dessverre ikkje opp på alle toppane og Kinn måtte eg droppe, har ein hæl som trøbla, og når eg kom til Kinn og begynte å gå, fant eg ut at eg måtte legge inn årane. Men fekk meg ein fin rusletur tilbake til kirka og båten Skorpa måtte eg gå rundt, det var veldig dumt, men flott tur allikavel :) Og dei skulle prøve ei ny rute i år, som turlederane heller ikkje hadde gått før... Det blir nokre bilder her ;) Det er berre å klikke på bilda så blir dei større :)

Bilder frå første turen Hovden-Vemannsrøysa 239 m.o.h)-Barekstad.
Lang lang rekke...

Mange som skal opp :)




 Vi går mot Vemannsrøysa :)





 Så må man rusle nedatt til båten... Som skal ta oss vidare til Batalden.

Båten venta på oss der nede :)

Så satte vi kursen mot Batalden.
Fantastisk dag og utsikt
Litt klatring må til, var bratt her...

Endelig oppe på toppen


Flott på Batalden


Dette var ein tung tur, godt å komme ned og slappe av litt. Så gjekk turen vidare til Skorpa, vi er komt halveis i øyane over ;)
Her måtte eg ta ein beslutning om at eg ikkje kom meg opp på Blåkollen... Men ville gå ein lettare tur. I år hadde dei bestemt seg for å ta ei ny rute på denne turen. Denne var litt lengre, men det var ein flott tur :)
Vandring på Skorpa
Nydelig utsikt

Så var det den siste øya som skulle utforskast, Kinn. Her gjekk eg bort til der vi skulle bestemme kem som skulle gå kor. Det var fleire alternativ der :)
Eg gjekk tilbake til kirka og vidare til båten som skulle få oss tilbake til Florø.


Dei som gjekk mot Kinnaklova er komt fram, ikkje så lett å sjå på bilde ;)


Kinnakyrkja
Ein kjempeflott tur med hyggelig folk. Denne skal eg vere med på fleire ganger :) Ha ein fin dag og takk for titten :)

lørdag 17. mai 2014

Reksta på langs :)

På onsdag var eg og Mac med Flora Turlag til Reksta. Ein kjempeflott tur i nydelig vêr, men kalde vind... Mac kosa seg hvertfall ute på øya :)
Det var ein del folk med på turen og. Eg er veldig glad eg overtalte med sjøl til å vere med på denne turen ;)
Vi begynte i Selvåg og gjekk over til Rognaldsvågen, huska ikkje kor mange timane vi brukte, men turen er ca 6 km lang. Dessverre så blei bildene ikkje så gode, er tatt med mobilen, kamera låg igjen heime...

Nærma oss den første toppen og varden på Storefjellet (173 moh)...

Når vi hadde skrevet oss inn i boka, var det å gå nedatt :) Og  gå mot Vasslifjellet (ca 155 moh)

Så kom vi til Likkjevatnet, her låg turbok nr 2 :) Mac sneik seg til eit lite bad her... Eg hadde kledd på meg hua og hanskane mine, brrrr... Glad eg hadde dei med meg i sekken ;)
Så begynte turen nedover att og vi hadde oss ei lita matpause:)

 Var veldig godt merka, så skal ikkje vere vanskelig å finne fram :)
Då var det siste toppen vi skulle opp på... Jaja tenkte eg, dette ser jammen bratt ut. Den dagen kjentes det ikkje ut som om eg går litt i fjellet... Det var litt bratt opp til Harefjellet...




Når vi nærma oss den eine toppen, seier ein til meg at ja no er det ikkje langt att. Nærmare har vi ikkje vore idag. Nei nærma har vi nok ikkje vore idag, vi er jo snart oppe no... Haha... Det var ikkje den toppen som var Harefjellet, neida vi måtte opp enda litt til... Jaja det var berre å bite tennene sammen å traske vidare... Og endelig nådde vi Harefjellet (218 moh)...
Slite blei glømt fort når ein såg den flotte utsikta ein hadde der oppe :)

Av tre bilder er dette det mest normale av meg og Mac...
Enda ei bok måtte skrivast i :) Så begynte turen ned til Rognaldsvåg.Ikkje berre berre å gå nedatt heller...

Så kom vi ned og vi kunne gå ned, der venta vaffla på oss. Ei snille sjel holdt Macen, slik at eg kunne gå inn og kjøpe ei vaffel til både meg og Mac. Ja Mac må få si ega vaffel, han er gal etter vaffler og pannekaker...
Sidan eg hadde Mac med meg, blei det litt kaldt i lengda å sitte i ro. Så vi måtte gå og kikke litt.


Så traff vi på desse artiger dyra ;)

Så var det å gå tilbake og vente på båten.


På båten måtte eg og sitte ut, den lille sniken av ein hund nekta å gå inn i buret dei hadde på båten.. Så der satt eg og hakka tenner, mens Mac storkosa seg ;)
Stabben fyr
Så kom vi tilbake til Florø og eg gleda meg til å få meg ein varm dusj. Resten av kvelden satt eg under eit teppe...
Florø

Ein fantastisk flott tur som kan anbefalast. Med mange hyggelig folk:) Neste helg er det Øyane over, håper vêret blir bra :)
Håper alle har hatt ein fin 17. mai feiring. Her har det vore stille og rolig, ikkje vore ute og sett på toget, berre slappa av her heime... Mac ville og feire 17. Mai :)

Tusen takk for titten :)




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...