tirsdag 21. mai 2013

Pinsehelg

Då er denne helga over, her har eg jobba første del av helga og siste del har eg hatt fri :) Og vi fekk jo slikt eit flott vêr. Så då er det herlig å ha fri...
På fredag var det 17. mai, her blei det stille og rolig, men var heilt greit å ta det med ro sidan eg skulle på natt.
Mac feira 17. mai og :)

Pinseafta blei ein kjempeflott dag, det var vanskelig å sove i slikt vêr. Så då fekk eg kose meg litt i sola. 1. pinsedag blei like fin og eg kunne endelig nyte sola uten å tenke på at eg skulle på jobb att :)


Ingenting er bedre en å kunne sitte og slappe av, nyte sola, ei god bok og fin utsikt. Kan jo ikkje bli bedre då :) Men boka er så vidt eg klarer å legge fra meg, veldig spennande... "Djevelkysset" av Unni Lindell....

Dagen idag blei jo like fin og sidan Mac synst det har vore nokre varme daga, tok eg han med ned til sjøen etter turen idagtidlig, slik at han fekk bada og kjølt seg ned litt :)

Seinare på kvelden fant eg ut at eg skulle ta meg ein tur på Brandsøyåsen. Ein fin kveldstur :) Bilda er tatt med mobilen, så dei blei dessverre ikkje så bra...


 No får eg snart finne senga, håper alle har hatt ei fin helg. Takk for titten :)




lørdag 11. mai 2013

Såing

Siden det er lite som skjer på hobbyfronten, så får eg heller skrive litt om det som skjer her ;) Vi har kjøpt litt frø, som egentlig skulle såast i fjor, men det skjedde ikkje. Men på søndag skjedde eit under, dei kom i jorda...
Snart blir det såing ;)
Vi er godt i gang :)
 Og vi var no spent på om det kom til å spire her hos oss. Og jammen på fredag såg eg dei første spirene... Og slik ser det ut idag :)
Ser bra ut enda...
 Vi har no visst sådd litt for mykje, så vi kan sikkert forsyne både familie og venner og naboer, visst det blir noko ut av dette ;)
Då avslutter eg med eit bilde av Mac, han har sikkert gjort noko han ikkje skulle, for han ser ganske så uskyldig ut her ;)
Takk for titten og ha ei fortsatt fin helg :)


lørdag 4. mai 2013

Kom mai du skjønne milde...

Ja det er ikkje så masse som minne om at det er mai vi er komt til, vår skal det visst vere...

Men då er det jo kjekt at ein kan vere inne og kose seg med litt hobby :) Eg er begynt å strikke labba, eg som ikkje kan det ein gong... Men det er berre å prøve og feile, så er jo internett ein fin plass å hente lærdom... Lura på kor mange ganger eg må rekke opp... Har ein følelse av at det blir nokre ganger ;) Og sidan det er første gangen min, så må eg jo såklart velge å strikke mønster...
Mac har jo hatt bursdag og, det blei ikkje rare feiringa på han sidan matmor måtte jobbe. Men litt blei det no, sjølv om han er hund ;)
Bursdagsgutten

Sjå kor fin eg er med hatt på snei ;)

Macegutt blei heil 3 år han, ballong fekk han leike med og, og han hadde det veldig morro med den ;) Vi og, holdt på å le oss i hel... Der han sprang etter ballongen vi slapp :)
Ønsker alle ei riktig så god helg, og tusen takk for titten :)





Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...