lørdag 4. mai 2013

Kom mai du skjønne milde...

Ja det er ikkje så masse som minne om at det er mai vi er komt til, vår skal det visst vere...

Men då er det jo kjekt at ein kan vere inne og kose seg med litt hobby :) Eg er begynt å strikke labba, eg som ikkje kan det ein gong... Men det er berre å prøve og feile, så er jo internett ein fin plass å hente lærdom... Lura på kor mange ganger eg må rekke opp... Har ein følelse av at det blir nokre ganger ;) Og sidan det er første gangen min, så må eg jo såklart velge å strikke mønster...
Mac har jo hatt bursdag og, det blei ikkje rare feiringa på han sidan matmor måtte jobbe. Men litt blei det no, sjølv om han er hund ;)
Bursdagsgutten

Sjå kor fin eg er med hatt på snei ;)

Macegutt blei heil 3 år han, ballong fekk han leike med og, og han hadde det veldig morro med den ;) Vi og, holdt på å le oss i hel... Der han sprang etter ballongen vi slapp :)
Ønsker alle ei riktig så god helg, og tusen takk for titten :)





2 kommentarer:

  1. Herleg å sjå at kreativiteten er i full sving. :D
    Gratulerer med vel overstått MAC! Du er så fin atte <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Mac er ein skjønn vofs :) Takk for kommentar Åsemor :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...