søndag 14. april 2013

Trugetur til Klungeren (817 moh)

Igår arrangerte Førde Kommune Fag og Fjas, og eg hadde meldt meg på Trugetur til Klungeren. Var ganske spent på denne turen, sidan eg aldri har gått på truger. Men det gjekk over all forventning. Litt startvansker hadde eg, men til slutt fant eg ut av korleis eg skulle bruke dei, med god hjelp av dei meir erfarne trugegåarane ;)
Vi starta ved Masdalsgjerdet (410 moh) og turen til toppen tok nesten 2 timer. På toppen var det flott utsikt...
Utsikta

Meir utsikt

Varden

På toppen av Klungeren
Vi gjekk litt ned frå toppen og hadde ei lita pause. Då grilla vi pølse og hadde lomper til :) Mat må man ha etter ein slik tur...
Grilling av pølser
Herlig vêr, sjølv om det var nokre mørke skyer
Komt ned att og godt fornøyd med trugeturen
Vi var ein liten gjeng på 5 stykker fra min arbeidsplass, og det var kjøpt inn rompeakebrett som vi skulle bruke nedover. Men det var litt for masse laus snø. Så var det å komme seg på jobb for å få ordna seg litt. Så var det tid for middag og underholdninga :) Hadde ein flott dag ilag med kollegaer :)
No får eg lese litt meir til eksamen, går skremmande fort no....
Ha ein flott søndag og takk for titten :)



2 kommentarer:

  1. Ein herleg tur ser det ut til med truger og gode kolleger.Der skulle ein ha vore veit du :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ein flott tur :)Artig å få prøve truger og :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...