søndag 27. april 2014

Klauekeipen (769 m.o.h)

Igår var det enda ein nydelig dag, eg og Mac bestemte oss for at vi ville ta oss ein liten fjelltur. Må jo nyte det no når det er så fint vêr. Eg fant ut at eg ville prøve å finne Klauekeipen idag. Dette er ein tur i Turboktrimmen, så kanskje eg skal prøve å få tatt dei turane dei har på lista si :)  Har aldri gått denne turen før.
Turen starta ved den lille parkeringsplassen i Magnhildskaret. Mange fine turmuligheter her...
No har eg og Mac vore på alle desse tre turane, fine tura alle sammen :)
Mac er klar for ein fin tur i fjellet. Vi gleder oss til å utforske eit nytt turmål :)
Sidan det var litt varmt, måtte Mac kjøle seg ned nokre ganger. Han brukt det han kunne finne, vatn, bekka, små snøflekker og litt større snøflekker ;)
Avkjøling må til :)
Mac fekk visst lyst på litt is, så han hoppa uti og henta litt til seg sjølv. Nam nam det var friskt og kaldt ;)
Hmm eg kunne gjerne tenke meg den som ligger der ute eg, men orka ikkje å hoppe uti igjen. Kanskje eg klarer å lokke den til meg ;)
Kom til meg lille isflak ;)
Nei eg klarer visst ikkje å strekke meg etter den heller...
Nei det er vel berre å traske vidare. Heldigvis møtte eg på nokre merke. 
 

Lurte på om eg var på rett vei, men ifølge UT.no sitt kart vi på vei mot Klauekeipen :)
Juhu vi er på rett vei. Blei no glad når eg såg skilte :)



Litt bilder må man jo ta på tur. Litt av utsikta mi på veien opp :)
Ååå ja, det blir verre og ja... Her var det litt bratt... Hmm kondisen må bli bedre kjente eg oppover her...
Ååå Mac vi er snart framme, kjenner eg trenger ei pause no ;)

Mac lika ikkje pauser, lika heller ikkje å bli tatt bilder av. Men av og til må man ting man ikkje liker ;)



Alt slit blir glømt når ein kjem opp og ser slik ei fantastisk utsikt over Florø og øyane og med flott vêr, kan det jo ikkje bli bedre.
Boka må skrivast i.
Mac gjere seg så fin han klarer, "Eg har lyst på meir "godbiter" ".
Matmora fekk seg godbit og. Følte eg fortjente det altså ;)
Så var det å sette kursen mot parkeringsplassen att..
Men kor blei alle merka av tru, må ha flytta på seg sidan eg var der sist ;) Men etter litt så kom vi oss ned til bilen. Trur til og med Mac var sliten
Godt å sjå kjente omgivelser igjen ;)

Idag skulle vi jo ha vore på ny fjelltur, men idag har det blitt avslapping på terrassen. Mac har bursdag idag, så noko må eg vel finne på med han :) Hipp hurra for Macegutten som fyller 4 år idag. Kunne ikkje fått en bedre turvenn enn Mac
Tusen takk for titten :) Ha ein fin søndag :)

fredag 25. april 2014

Langhelg i Edinburgh

Palmehelga reiste vi tre jenter eller damer på tur til Edinburgh. Fredagen satte eg og Monica turen mot Bergen, litt startproblemer hadde vi, men etter ei lita stund kom vi oss avgårde :) I Førde hadde vi vårt første stopp, måtte jo ha litt mat :)
Så kom vi oss fram til Helen og vi slappa av litt før vi la oss. Lørdagen kom og vi skulle ikkje reise før kl 19.30. Men tida gjekk jammen fort og så måtte vi avgårde til flyplassen. Men først eit lite stopp på Lagunen :)

Flyturen gjekk fint og vi landa ca kl 20 (Edinburgh tid)
Vi tok buss til Sentrum og det var ikkje lange tida å gå til hotellet, hmm eg glømte visst å ta bilder av leiligheta vi hadde... Heilt grei leilighet med 2 soverom, men utsikta var vel heller dårlig ;) Men det var no ikkje der vi brukte tida vår..Men den låg veldig sentralt.

Når vi hadde slappa va litt var det ut og kikke litt, finne ut kor butikkane var som vi ville innpå. Og ein liten matbit blei det og. Så var det å finne senga, vi måtte jo vere utkvilt til søndagens shopping :)
Eg trudde eg hadde blitt for gamal til shopping, men eg hadde det visst i meg enda ;) Det einaste eg ikkje fekk kjøpt va ein souvenir frå Edinburgh ;(
Ein liten ås, der må eg nok gå neste gang ;)
Søndagskvelden hadde vi haggis som forrett, måtte jo prøve den lokale maten og.Meina  det er ein nasjonalrett i Skottland dette :) Eg var ganske så skeptisk, men det smakte ikkje vondt. Men var nok som forrett :)
Haggis

Mandagen kom og vi skulle egentlig bruke den dagen til å sjå oss rundt i byen, men vi var visst ikkje heilt ferdig med shoppinga. Så det blei dessverre lita tid til å utforske denne fine byen. Men vi fekk oss no ein tur til Edinburgh castle... Mitt ønsker for turen var å komme meg opp dit og helst inn ein tur. Men det var dessverre stengt når vi kom dit. Så eg må nok tilbake til Edinburgh for å få sett byen skikkelig :)
På vei mot Edinburgh Castle

Edinburgh Castle

 

Utsikta

Meir utsikt over byen

Ligna litt på Kardemommeby ;)
Jammen såg vi ett hus som ligna på det dei har i "Kardemommeby" i Edinburgh og ;) Det var det første eg tenkte på når eg såg dette (trur alle tre tenkte det samme)...
På vei nedatt såg vi dette koselige bygget :) Måtte jo ta bilder av det...


Det blei no tatt litt bilder, her kjem enda fleire bilder frå Edinburgh :)
Eit flott hotell slike eg har skjønt det, Balmoral Hotel ;)

Ein som spilte sekkepipe,men han var ferdig når eg endelig fekk tatt bilde


Scott´s Monument





Scott´s Monument

 

New College Edinburgh University
Edinburgh Castle sett frå sentrum
På vår vandring hørte vi innimellom sekkepipespill. Når eg hørte det ja då ville jo eg ha eit bilde. Og til slutt fekk eg det etterlengta bilde, litt dårlig blei det. Men det blei tatt siste dagen på vei mot flybussen... Om med mobilen...
 

Så var dagen komt og vi skulle vende nasa heim til Norge att. Turen var flott, men skulle nok hatt en dag til der. Koselig reisefølge og masse latter :) Byen skal besøkast igjen...
Nydelig by
Takk for titten, ønske alle ei riktig så fin og solrik helg :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...