fredag 16. november 2012

Helg ♥

Då er det jammen helg igjen, sjølv om eg går rundt med ein følelse av helg heile tida akkurat no... Men no er det ikkje lenge att før eg e klar for jobb att :)
Idag har eg prøvd meg på brownies, fant oppskrifta hos denne dama her. Eg er ikkje den store bakeren, men av og til får eg nokre innfall. Og sidan eg er så gla i sjokolade, måtte det jo bli denne kaka her ;)
Blei hvertfall nok med ett kakestykke...
Så prøvde eg og Mac oss på ein liten tur her på tirsdag, vi kunne jo ikkje gå på mandag, då var det jo opplett ei stund. Neida vi tar turen i regn vi...  ;)
Men fint var det no allikavel :)
Mac nyter utsikta :)
Elles så fant eg jo ut at vi kan få frukt og grønnsaker levert på døra her i Florø. Så då fant eg ut at dette måtte eg prøve, eg skal prøve kver 14 dag i starten. Eg har pakke med frukt og grønnsaker. Og fekk vår første levering på onsdag. Frukta smakte veldig godt :)
Gleder meg til neste pakke alt... Synd det er så lenge til ;)

Ønsker dokke ei riktig så fin helg, nyt den. Takk for titten :)




onsdag 7. november 2012

Det som blei laga...

Då er vi komt til onsdag alt, ikkje lenge til det er helg att :) Tenkte eg skulle få lagt ut det eg lagde på hobbyturen vår :)
Fekk laga nokre julekort og pynta nokre fyrstikkesker :)
 På fyrstikkesker har eg brukt:
Kartong: Bazzill brun
Mønsterark: Pion Design: Silent Night-Winter
Anna: Halvperler, kantane er rufsa og sverta med Distress Ink
Stempel: Tekststempel er lånt, figurstempel er frå Lily of the Valley-Christmas Candle
Julekort
Innsida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill 
Mønsterark: Riddersholm- A Christmas Story Dog, Pion design: Väntan på Tomten 2-Änglahälsning
Annet: Band Maya Road-Mini Organza roses trim- White, halvperler, Distress Ink (rundt kanantane)
Telyskort

Innsida av telyskort
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill brun, kraftkartong
Mønsterark: Pion design: Silent night-Winter
Annet: Blonder, halvperler, distress ink
Stempel: Snømann: Giordano kjøpt hos Joanna Sheen
Enkelt bursdagskort

Innsida

Enda eit kjapt bursdagskort :)
På desse korta har eg brukt:
 Kartong: Bazzill Brun
Mønsterark: Tracy Whitney Designs: Clubhouse-Bull`s eye og Simply stories- Teal Stripe/Tickets
Stempel: Motorsykkel og gratulerer: Papirdesigne. Bil usikker kor er frå. Bakgrunnstempel på kort til Arthur er frå Jim Holtz Collections: Mixed media. Verdens beste bror: Stempelglede
Annet: Jim Holtz ideaology: Sprocket gears. Alfabet: Prima marketing

Det får vere nok for idag, albumsidene får eg komme med ein anna dag :)
Takk for titten og håper dokke har ein fin onsdagskveld :)

fredag 2. november 2012

Hyttetur :)

I helga hadde eg og Monica vår hobby- og hyttetur. Vi koste oss masse og fekk til og med gjort ein del hobby :) I år tok vi turen til Sande, vi leide oss ei hytte på Svoa Hestadgrend. Ei gamal tømmerhytte, og vi trivdes godt der. Men det tok ei stund før vi kom oss dit, det blei eit litt lengre stopp i Førde enn vi først hadde planlagt. Men til slutt satte vi snuten mot Sande :) Vi var no litt spent på hytta, men den var jammen fin... Og god bordplass til oss to som skulle scrappe :) Når vi kom fram blei vi møtt av ein velkomstkomite, dei var ganske så høglytte og holdt på ei god stund med rautinga si ;)
Vi fekk tinga våre ut av bilen og i hus :)
Vi er komt inn i gangen med tinga våre :)
Vi fekk på plasse hobbytinga på stua, fekk fyrt i peisen og begynte så og sei med ein gong. Og holdt på til langt på natta.
Godt og varmt fekk vi det og :)
Vi er begynt å pakke ut :)
Her kosa vi oss med papir, snop og god mat frå torsdag til søndag :)
Litt mat må man ha før man begynner med hobby :)
Middag/kvelds måtte vi og ha desse dagane :)
På lørdagen hadde vi taco og salaten blei laga i ei panne, sidan vi ikkje fant ei passelig skål, "man tager hva man haver". Men den smakte no like godt allikavel ;)
Rett etter frukost var det og sette seg til bords att :)


Tida gjekk så altfor fort, men vi fekk no laga litt. Albumsider, kort og pynta fyrstikkesker. Så kom søndagen og vi måtte sei farvel til hytta, vi kunne no tenkt oss nokre daga til ;)
Kjøkkenet
Stua

Gang, soverom og utvendig
Grillplass
Utafor hytta :)
Hytta fant vi her, og vi kunne gjerne tenke oss tilbake. Og vertskapet virket veldig hyggelige :)
Det eg lagde på denne turen skal eg vise i neste innlegg. Tusen takk til Snuppa for ei super langhelg :)

Tusen takk for titten og ønsker dokke alle ein riktig fin fredag.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...