lørdag 16. desember 2017

PL-sider og gjestedesigner i PLIN

Her for ei stund sidan fekk eg spørsmål om å vere gjestedesigner i julekalenderen for project life i Norge. Eg måtte jo berre ta utfordringa, det har stått litt stille på albumsidelaging ei stund sidan og dette var jo ein flott måte å få eit "puff" bak. Og eg fekk laga meg to PL sider.

Den eine sida er fra Jula 2015, som blei litt spesiell for oss, då vi hadde ein mindre rundt bordet. Men jula kjem jo uansett og det blei ein veldig hyggelig kveld og han var med oss heile kvelden 


Her i huset får både hunden og katten gaver under juletreet. Og Mac (hunden) trur jo alle gavane er hans, så visst vi ikkje passer på han så henter han alle pakkane og pakker dei ut. Her ei jul fant eg jo ei gave som var svigermor si ute i gangen. Men han hadde nok funnet fort ut at det ikkje var av noko interesse for han for den var berre halvopna... Katten bryr seg ikkje om gaver så han skjønner seg ikkje på alt dette styret ;)

Den andre sida eg har laga er ei side fra då eg var på julehandel i Bergen. Då måtte vi ta oss ein tur innom Pepperkakebyen. Absolutt verdt eit besøk om man er i Bergen i disse førjulstider :)


I mangel på at eg mangla PL-kort som kunne passe måtte eg ty til litt heimelaga kort. Men har og brukt PL-kort fra Papirdesign (på begge sidene), mønsterark som er brukt er og fra Papirdesign. Der billetten fra Pepperkakebyen ligger er ferdig PL-kort og der har eg skjært ut halve pepperkakemanene og lagt billetten inn under.

Det er ikkje verst å ha to innlegg på samme dag. Har vore ganske dårlig på blogging i det siste.

Håper du har ei flott førjulstid og ikkje stresser for mykje :) Takk for titten 

Luke 16

Idag er det min tur å opne luke 16 i papirlosjen. Her finner du ein gavepose som er kjekk å ha liggande no i desse juletider.

På denne posen har eg brukt:
Kartong: Bazzill- Kraft og Pomegranate
Mønsterark: Maja Design-I wish to build a Snowman
Dies: Kort & Godt-Snøkrystaller, sirkel med søm
og Gledelig jul
Stempel: Papirdesign-Fredfull og hvit jul
Annet: Blomster huska eg ikkje kor er ifra 
pyntebær fra Kort & Godt
Snøkrystaller er trykt ut med glitterpapir, usikker 
på kor det er ifra



Her blir det full rulle i helga, må berre bli ferdig med alt som må gjerast. Neste helg er det jobbehelg, så det betyr at eg må jobbe denne jula Har litt pakka igjen som må kjøpast, så begynner å kjenne litt på stresset. Men uansett så kjem julafta om man er ferdig eller ikkje. 
Ha ei fortsatt fin førjulstid og bli gjerne med på utfordringa vår Jul/Vinter for å stresse ned litt :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...