lørdag 11. april 2015

Tubesokk til baby

Eg gjere på ting eg ikkje kan... Ei venninne sa ho kunne tenke seg tubesokk til jenta si... Jaha, eg som ikkje kan strikke sokka skikkelig... Men det såg jo ikkje så innvikla ut... Men jammen streva eg før det gjekk eit lys opp for meg. Veit ikkje kor mange ganga eg måtte rekke opp før eg skjønte ka eg gjorde feil...


Så med hjelp frå internett, og at eg til slutt skjønte ka eg skulle gjere blei to sokkepar strikka i påska. Så får eg håpe dei passa...

Sokkane er strikka med Du store alpakka, BabySilk. Den er av 80 % Baby Alpakka og 20 % Silke
Oppskrifta fant eg her
Påskesyssler
Det blei ikkje tid til så masse anna enn strikking denne påska. Meg eg fekk no begynt på boka eg kjøpte på ferie i fjor :) Ha ein fin dag, takk for titten.

fredag 10. april 2015

Babyteppe

For ei god stund sidan begynte eg på eit babyteppe til ei venninne. Planen var at babyen skulle få det når ho kom til verden. Slik gjekk det ikkje, jaja kanskje eg kan få det ferdig til dåpen då... Men neida det gjekk heller ikkje...

Men no er det altså ferdig... Og eg trur eg aldri meir skal strikke eit slikt babyteppe igjen... Trur eg kjem til å ha mareritt om heile teppe... Det var no litt jobb for ei som ikkje er så dreven med strikking ;) Men youTube er kjekt å ha, ka i alle dager skulle eg gjort uten :)

Når eg fekk vite at ho var gravid lurte eg ka eg skulle finne på, så falt valget på eit babyteppe... Så fekk eg vite at det skulle bli ei jente, men sidan Monica ikkje heilt trudde på dei, turte no ikkje eg å strikke noko i rosa... Tenk om det blei ein gutt... Eg endt opp med brunt... Det kan jo både gutt og jente bruke. Kunne nok trygt valgt ein jentefarge :) Men då orka eg ikkje å begynne heilt på nytt...
Litt strikking på nattevakten når det var rolig, men fant vel fort ut at dette ikkje var noko å sitte med på nattevaktene... Veit ikkje kor mange ganger eg måtte rekke oppatt for at eg hadde strikka feil... 

Teppet begynner å bli ferdig, no er det berre heklekanten igjen... Huff eg veit vel ikkje kordan man hekler picoter... Utsetter den heklekanten litt til eg ;) Jaja til slutt var det var berre å søke på nettet igjen, og jammen fant eg ein video på korleis ein gjorde det og :)

Nesten ferdig

Hekling av kant

Teppe er klart for levering

Endelig ferdig )
Teppet er strikka med Lanett Babyull.

Maya har visst alt tatt i bruk teppet :) Så då kan eg jo legge det ut her på bloggen. Takk for titten. No er det helg igjen og her er det nattevaktshelg, ha ein fin dag og god helg :)

 

torsdag 9. april 2015

Brandsøyåsen på kryss og tvers

Igår arrangerte Flora turlag tur til Brandsøyåsen på kryss og tvers. Eg gjekk hvertfall på stier eg aldri har gått på før. Kjekt å bli kjent med turterrenget som er rett utafor leiligheta :) Det blei ein pangstart, ganske så bratt i starten, så blei det bedre etterkvart. Vi starta i Havikbotnen og kom nedatt på Solheimsida med "Speiderhytta". Her er ruta vi gjekk :)

Flott tur på ein onsdag dette :)

Utsikt på vei opp over byen og Basen

Vi har det jammen fint her i Florø
Blei ei anna opplevelse å gå i Brandsøyåsen på denne turen. Blir litt andre bilder av den flotte utsikta som er :) Det er berre å utforske dei mange stiane som finst i Åsen :)



På vei nedatt frå der vi starta, for å vite at snart skal vi oppover igjen ;)
Det vanlige bilde frå toppen ;)
Like før toppen, hadde vi ei lita matpause :) Det var no godt å komme opp på toppen til slutt, tok litt lengre tid enn den valige ruta ;)
På vei nedover


 Så begynte vi på vandringa mot Solheim, men litt bilder måtte eg jo ta...

Ein fin avslutning på ein fantastisk dag. Igår hadde vi nydelig vêr, idag er det tilbake til normalt Vestlandsvêr ;)
Takk for titten og ha ein flott dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...