fredag 10. april 2015

Babyteppe

For ei god stund sidan begynte eg på eit babyteppe til ei venninne. Planen var at babyen skulle få det når ho kom til verden. Slik gjekk det ikkje, jaja kanskje eg kan få det ferdig til dåpen då... Men neida det gjekk heller ikkje...

Men no er det altså ferdig... Og eg trur eg aldri meir skal strikke eit slikt babyteppe igjen... Trur eg kjem til å ha mareritt om heile teppe... Det var no litt jobb for ei som ikkje er så dreven med strikking ;) Men youTube er kjekt å ha, ka i alle dager skulle eg gjort uten :)

Når eg fekk vite at ho var gravid lurte eg ka eg skulle finne på, så falt valget på eit babyteppe... Så fekk eg vite at det skulle bli ei jente, men sidan Monica ikkje heilt trudde på dei, turte no ikkje eg å strikke noko i rosa... Tenk om det blei ein gutt... Eg endt opp med brunt... Det kan jo både gutt og jente bruke. Kunne nok trygt valgt ein jentefarge :) Men då orka eg ikkje å begynne heilt på nytt...
Litt strikking på nattevakten når det var rolig, men fant vel fort ut at dette ikkje var noko å sitte med på nattevaktene... Veit ikkje kor mange ganger eg måtte rekke oppatt for at eg hadde strikka feil... 

Teppet begynner å bli ferdig, no er det berre heklekanten igjen... Huff eg veit vel ikkje kordan man hekler picoter... Utsetter den heklekanten litt til eg ;) Jaja til slutt var det var berre å søke på nettet igjen, og jammen fant eg ein video på korleis ein gjorde det og :)

Nesten ferdig

Hekling av kant

Teppe er klart for levering

Endelig ferdig )
Teppet er strikka med Lanett Babyull.

Maya har visst alt tatt i bruk teppet :) Så då kan eg jo legge det ut her på bloggen. Takk for titten. No er det helg igjen og her er det nattevaktshelg, ha ein fin dag og god helg :)

 

3 kommentarer:

  1. For ein venninde du er Annelen! Blir såååå imponert !!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :) Men jammen er eg heldig og som har ei så god venninne som Monica :)

      Slett
  2. Heilt enig med Åsemor, heldige oss ❤️ Teppe falt i smak hos både liten og stor, Maya kose seg og sover så godt med teppe

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...