mandag 29. juli 2013

Turen til Besseggen (1743 moh)

Eg har nokre fjelltura som mål og no er eg begynt på lista, eg kan krysse ut Besseggen :) Det var ein lang, men fin tur. Og det høgste punktet på turen er 1743 moh. Dette blir nok et innlegg med masse bilder...
Eg og Mac pakka bilen og satte kursen mot Gjendesheim på onsdag den 24. juli. Det var ganske spennande sidan dette blei den første skikkelig lange fjellturen min. Vi kom til Gjendesheim rundt kl 20 og fekk vårt lille rom med flott utsikt :)

Ingen av oss sov noko særlig den første natta, Mac stod på alle fire kver gang han hørte lyda. Så var det å stå tidlig opp for å få i seg litt frukost før vi starta på turen. Eg håpte at eg skulle få komt med båten i 8 tida til Memurubu, men slike skulle det ikkje gå. Det var visst veldig mange som skulle på Besseggen denne dagen... Eg fekk ikkje plass på båten før kl var over 10...
Så blei det endelig min tur å komme ombord i båten som skulle ta oss til Memurubu :) Gjendebåten trur eg den heiter. Vi måtte sitte ute med hund, så det blei ein litt kald opplevelse, men Mac visst kordan han skulle holde meg varm. Eg var nemlig ikkje den einaste med hund, så der eg satt var vi like godt to hunda til. Og Mac som er så glad i andre hunda, han styra på og bjeffa og bråka. Men til slutt så roa han seg. Han fekk til og med vatn i pelsen av ei bølge, då var det ein som lurte på ka i alle dager som skjedde her... Mac har jo aldri vært i båt før, men det var visst ikkje noko problem :)

Huska ikkje kor lang tid båtturen tok, men huska veldig godt at den andre båten som starta etter oss tok oss att....
Så kom vi endelig til startpunktet :) Eg var både spent og kvidde meg litt...
Så begynte eg og Mac og alle dei andre på den lange turen. Besseggen er ein veldig populær tur og det såg eg jo denne dagen. Det var masse folk som gjekk den. Så det var alltid nokon å prate med og det var mange turista fra andre land som gjekk den og.
Ikkje komt så langt enda, forstod fort at det var lurt å begynne litt forsiktig ;)

Flott utsikt
Det går opp opp opp...
Mac har det fint på fjelltur

Nydelig

Grønt vatn

Når vi endelig kom opp på ein topp, ja då var det jammen ein ny som låg og lurte... Ka i alle dager har vi begitt oss ut på Mac...
Vi går mot neste topp

Men det blir fort glømt når ein ser slik flott utsikt
jepp nydelig, heilt til eg såg neste topp....
Okei korfor i alle dager finner eg på alt mulig sprell, aleine og med ein hund.... Huff Mac ka e det eg har dradd oss med på. Er det meininga at vi skal opp der... Ikkje gå opp men klatre opp... Ikkje rart ho eldre dama såg stygt på med og meinte det var heilt utrulig at eg tok med meg hunden opp hit. Som ho sa til meg "Jaja du veit vel ka du går til, du har vel gått her før sidan du har hund med deg" Eg svarte som sant var at nei dette er første turen min her og eg veit vel egentlig ikkje ka eg har begitt meg ut på... Men han er vant til å gå i fjellet. Det såg ikkje ut som ho meinte det var greit sjølv om han er fjellvant...
Hjelp opp der skal vi...
Men Mac han er ei "fjellgeit" og vi har jo gått ein del fjelltura, så koffor eg orka å bruke krefter på å bekymre meg skjønna eg ikkje. Han var så flink og vi fant den måten som var best for oss å komme oss opp på. Og sjølve klatrepartiet var ikkje så bratt som eg hadde forstilt meg.
Så begynte vi på vår vei ned att. Det var jo heilt utrulig at det ikkje kom enda ein topp. For når vi gjekk nedover betydde det berre at det kom ein ny topp framfor oss. Og vi kan til og med sjå målet på bildet over, langt der nede ligge Gjendesheim :)
Når vi kom enda nærma følte eg ei slik glede når eg såg Gjendesheim, sjølv om det føltes som det var langt igjen
Der nede ligger målet....
Når eg kom ned og såg skiltet, var eg lykkelig og bestemt på at dette var første og siste gangen eg kom til å gå denne turen... Det tenkte eg også i klatrepartiet... Turen er 17 km lang og eg trur eg brukte 8 tima på turen...
Lykke, endelig nede att :)
JIPPI vi klarte det Mac :) og ho dama tok hvertfall feil, dette var ein fin tur som "fjellgeita" mi klarte heilt fint. Så ho hadde ingen grunn til bekymring... Og den tre retters middagen den kvelden smakte nydelig godt og med god eplemost til drikke :)
Gjendesheim
Så var dagen komt for at vi skulle reise, vi hadde to herlige netter på Gjendesheim. Og når eg våkna dagen etter turen, ja eg har ombestemt meg, eg kjem nok til å ta turen igjen :)
Siste frukost på hytta
Så var eg ferdig med frukost og lufting av Mac, satte vi kursen mot Florø. Første stopp blei i Ridderspranget, eg var jo litt nysgjerrig på ka det var for noko.

 Eg hadde ei matpause i Stryn og gjekk og kikka litt der :)
Det var godt å komme heim og friveka mi har føke avgårde, men jammen sant har eg fått meg ein tur eg ikkje kjem til å glømme med det første. No er det berre å glede seg til neste mål ;)
Takk for titten, håper alle får ein fin dag :)


 

søndag 21. juli 2013

Midtbøstøylen (325 moh)

Idag blei det jammen meg ein fin dag og sidan det er søndag. må ein jo ta seg ein søndagstur :) Idag blei Monica med meg og Mac på Midtbøstøylen. Eg har aldri gått den turen før, men ein heilt grei og fin tur. Mac var hvertfall fornøyd heilt til bandet han hadde på seg sleit... Men klok av erfaring har eg alltid med meg ekstra band. Men Mac synst det var ei plage med slikt eit kort band, han klagde si nød om at dette var ikkje akseptabelt... Men med litt godbiter blei eg tilgitt ;)
Vi parkerte ved idrettsanlegget og måtte gå litt på veien før vi såg skilte som viste vei til Midtbøstøylen :)
Først måtte vi over brua
Så kom skilte til Midtbøstøylen
Så var det berre å begynne å gå... Og ikkje minst ta litt bilder ;) Og Mac trudde ikkje sine egne auge idag, vi var to stykker som dreiv å tok bilder. Kort band og dobbelt opp med bilde taking... Kunne det blitt ein verre tur ;) Men eg og Monica kosa oss, det trur eg jammen Mac gjorde og sjølv om han ikkje ville innrømme det ;)
Grinda vi måtte gå gjennom
Så kom vi opp til kvile og der var det jo naturlig å ta eit stopp for litt bilder ;) Mac peip og prøvde og påvirke oss, men vi hadde visst berre augen opp for kamera... Nydelig fint var det
Flott utsikt

Ein fin plass å kvile litt ;)
Så kom Monica over blåbær og då må vi jo plukke og smake. Mac fekk og smake, men han likte dei ikkje, han berre spytta dei ut att. Heilt til han såg vi åt dei, då var det ein som plutselig likte blåblær ;)
Nam nam

"Blåbærjenta"
Så kom vi endelig opp på Midtbøstøylen :)
Steinbro :)
Deilig med et bad

Flott turbok kasse :)
Kor skal ferden gå, kanskje ein tur på utedoen ;)

Ei fin søndagstur og Mac virka ganske så utslitt. Ikkje rart med to kakklande damer som held på å le seg ihel, som han prøvde å slikke til stillhet ;) Då skal eg slappe av og gjere meg klar til at ferien er snart over for denne gang. Imorra kveld er det tilbake til jobb og nattevakt :)
Takk for titten og håper dokke har ein fin søndag :)













søndag 7. juli 2013

Vinterlo

Eg har visst glømt å legge ut denne vinterlo`en som blei laga for ei lita stund sidan. Bilde er frå ein av turane eg og Monica hadde til Hovlandstøylen, ein utruleg vakker dag (lura på om det er derfor vi har så dårleg sommer igjen, vi brukte opp alt finvêret i vinter...)
Har brukt dette:
Bazzill: Blå, huska ikkje ka fargen heiter
Mønsterark: Papirdesign-Vinterglede
Annet: Alfabet; Adornit carolee`s creations og thickers cream soda american crafts, bølgepapp, blomster, snøfnugg
Eg får fortsette med litt huslige ting her. Ønsker alle ein riktig så fin søndag :)
Takk for titten :)


onsdag 3. juli 2013

Ferietid :)

Då er jammen ferien begynt, det skal bli godt med 3 veker, sjølv om det er første gang på lenge eg berre skal ha 3 veker no i sommer...
Ferien innviet eg med litt husarbeid... Jepp det er kjedelig, men er visst noko ein må gjere innimellom...
Tirsdagen fekk eg og Mac oss ein liten fjelltur, det var veldig koselig og Mac han storkosa seg. Han lika nok ferietida, då kan han får masse oppmerksomhet frå matmora og fine tura :) Trur han klarte å sjarmere ei eg jobba natt med (som var så snill å vere med oss på tur) og den dagen ;)
På vei opp :)
Mac fant seg ei rot han gravde og drog i ;) Han må jo sysselsette seg mens han må vente på turfølget som skal nyte utsikta og tyte litt ;)
Sjølv om det var regn i lufta var det ein flott tur og fin utsikt :)

Idag tenke eg og Mac at vi endelig skulle fått gått ein tur med turlaget, turen idag skulle gått til Dyrebotsnipa, men eg fant jo ikkje ut at turen var avlyst før eg stod og venta på parkeringsplassen... Så då var det og finne ut ein ny tur. Så vi gjekk på Storåsen vi og kosa oss, gjekk litt på stiane der... Her er litt bilder fra utsiktspunktet... Veit ikkje ka det heiter der...
Utsikta
Litt meir utsikt
Sjølv om det var vått og grått, så er det godt å komme seg ut litt. Sjølv om turen blei litt annleis enn planlagt idag :)  Bunkersen og informasjonstavla "Storåsen under 2. verdenskrig" denne ligg der ein går opp til "utsiktspunktet".

Så gjekk turen vidare i regnet....
Utsikta mot flyplassen
Det var godt å komme heim, så no skal resten av kvelden brukast til heimekos :)
Måtte jo ta bilde av Mac og, med tvang og bestikkelse.... Han kunne no sett litt meir fornøyd ut... ;)
 
Bilde meg her og bilde meg der, lei no....
 Trur han er ein smule lei av meg og dette kameraet no... Ha ein fin onsdagskveld og takk for titten :)




Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...