fredag 28. mars 2014

Ramsdalsheia

Igår fekk eg endelig prøvd skia mine, men neste gang trur eg at eg skal gå ein anna plass enn Heia... I mine yngre daga gjekk eg masse på ski, foreldra mine drog med meg på flotte skitura... Og redd var eg ikkje... Men dei ferdighetane har eg visst glømt... Men no er det vel 15-20 år sidan eg hadde ski på beina sist...Igår skulle eg hvertfall ikkje tru eg har vokst opp med ski, eg var "redd" den minste bakken. Den såg jo ut som den monsterbakken i mine auge.

Bekymringa den kom med ein gong eg fekk skia på meg, eg kan ikkje huske at det var så "bratt" på Heia... Herre min hatt eg skal jo nedigjen og. Nei dette må jo vere eit av mine dummaste påfunn og heilt aleine... Så begynte ture. Opp gjekk bra og eg begynt å få litt trua på meg sjølv... Eg fant meg ei lita flate med ei lita helling, bra eg var aleine, der gjekk eg att og fram ei stund. Måtte jo øve meg litt... Hadde no folk sett meg... Men så blei eg jo litt tøffare og tenkte at no kan eg jo gå litt høgare opp, ned skal eg no alltid komme meg :)
 


Det var jo så fint der igår, sola varma skikkelig godt. Nydelig dag i fjellet. No skulle eg ønske det ikkje var noko som heite jobbehelg.... Då skulle eg jammen vore på fjellet heile helga :)

Blei tatt litt vinterbilde igår :) Litt rart å gå på fjellet uten min beste turkompis. Men igår hadde nok ikkje Mac noko på fjellet ilag med meg og gjere. Eg hadde visst nok med meg sjølv igår ;) Men savna han gjorde eg...


Når eg kom nedatt til bilen måtte eg jo ha litt varm drikke og ein liten pust i bakken, teke på å gå på ski og desse "fæle" bakkane ;) Men eg må berre komme meg på skitur att, kan ikkje vere slik ei pingle på ski som eg var igår... Litt knall og fall hadde eg i desse bakkane, men hadde trudd eg skulle ligge og kave meir i snøen enn eg gjorde ;)
Kakao må ein ha på skitur
Trollstova
Fekk jo påskestemning igår og neste gang bør eg huske noko som heiter solkrem ;) Eg er visst rød seier min kjære... Takk for titten, ønsker dokke ei riktig så god helg. Tenk at det alt er fredag...

søndag 23. mars 2014

Lørdagskos :)

Så var helga snart over igjen. Helgane går så altfor fort og eg får ikkje gjort litt av det eg tenker...
Igår hadde min kjære funnet ut at vi kunne lage vårruller igjen. Og det takker jo ikkje eg nei til. Det er jo ganske lettvint å lage egentlig. Og hvertfall no når vi er begynt å få teken på dei ;) Og fin kosemat på ein lørdagskveld :)
Vi lagde dobbel oppskrift og det holdt akkurat til 30 vårrulla. Men vi må alltid ha masse fyll i :)



 Er ein litt kjedelig jobb å rulle dei sammen, men det går fort når vi er to stykker :)

Steikinga er det mannen som tek seg av :)
Mac venta trufast på at noko skal ramle ned
 Nam nam då er maten servert :) Smakte godt denne gangen og :)

Ønsker dokke ein fin søndag og takker så masse for titten :)

torsdag 13. mars 2014

Morsdag

Sist hobbydag til Monica og meg, fekk eg laga morsdagskort til svigermor (jepp e ei stund sidan morsdag no...). Og på lørdag er det alt ny hobbydag :) Her kjem hvertfall kortet som blei laga til Svigermor...
Framsida
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraftkartong
Mønsterark: Maja Design: Vintage Spring Basics-2nd of May. Pion: Alma`s Sewing Room-Purple rose
Stempel: Bildmålarana-Seven deadly sins-slot, tekst usikker kor er ifrå.
Annet: Tim Holtz alfabet-Industrious stickers, dymo, charms, diverse blomstrer, halvperlert,
stempel fargelagt med promarker.
Innsida
Svigermor blei no visst glad for kortet, så då er eg fornøyd :)
Ønsker alle ein fin dag og hjertelig takk for titten :)

onsdag 12. mars 2014

Skuleboller

Mandag skulle visst bli ein litt effektiv dag... Skulle ikkje tru det etter jobbehelg og berre 3 tima søvn. Må ha vore det fine vêret som gav meg slik engergi og det å vite at eg har litt fri etter helgejobbinga ;) Eg har fått gjort litt huslige ting og det trengtes...
John har ønska seg skuleboller ei stund no, og sidan energien var på topp så skulle dette bli bakedagen :) Og sidan eg fekk meg kjøkkenmaskin til jul, er det jo blitt kjekt å bake :)

Og skulebollane falt visst i smak. Og oppskrifta på desse gode skulebollane fant eg her :)

Men ein skulle visst få ca 24 bolla av denne oppskrifta, men med mine forvokste boller blei det berre 13... Neste gang får eg dobble oppskrifta ;)

No nærma det seg tur til Edinburgh og, er jo berre 1 mnd igjen til vi reise... Tenker vi får ein flott tur :) Gleda meg hvertfall, har alltid hatt lyst å reise til Skottland :)
Edinburg, bilde er lånt frå Wikipedia :)
Eg brukte visst opp all energien min på mandag... Igår fekk eg ikkje gjort noko særlig fornuftig... Uten om ein kafetur med ei venninn og babyen hennes :)

Ønsker alle ein fin onsdag og takk for titten :)

søndag 2. mars 2014

Slettevarden (697 moh)

Idag måtte eg og Mac ha oss ein fjelltur. Lenge sidan sist vi har hatt ein tur i fjellet. Vi kjørte til Grytadalen og hadde ikkje heilt bestemt meg for kor eg skulle gå. Lurte på om eg skulle gå til Terdalskeipen, men enda opp på Slettevarden. Der har eg aldri vore før, så det er jo kjekt å gå ei ny rute. Og når man ikkje er heilt sikker på ruta, ja då er det fint å ha UT.no på mobilen :)

Det var ein fin tur, men det blåste godt... Men litt bilder blei det no tatt allikavel :)
 
Det er ikkje masse som tyder på at det er vinter... Det går ikkje an å gå på ski på fjellet ein gong...


Koser meg på tur :)
Ikkje mykje snø...

Vi næma oss toppen :) Eg må ærlig innrømme at eg ikkje fant den heilt med ein gong, men så snudde eg meg litt og der såg eg plutselig varden :)
Slettevarden


Bilden som blei tatt på Slettevarden blei tatt i full fart. Det blåste godt og blei fort kaldt. Så det blei ikkje lange stoppet der... Det er ein fin tur, så denne får prøvast igjen til våren :)
Badenymfa Mac ;)
Bade kan ein visst gjere året rundt ifølge Mac. Han brydde seg ikkje om det var is rundt han... Eg drømt berre om ein varm kakao, og forstod ikkje heilt Mac sin glede over å bade i kulda...
Kakaoen måtte nytast når eg kom nedatt til bilen. Og Mac fekk seg litt "snop", må jo få litt belønning når han har vore flink :)
No er både "matmora" og Mac fornøyde.
Ønsker alle ein fortsatt fin søndagskveld og Fastelavn :) Takk for titten.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...