fredag 7. juli 2017

Knollane 630 moh

Her på tirsdag fekk eg meg endelig ein fjelltur att. Denne gangen måtte eg gå aleine sidan Mac har ein labb som ikkje er heilt god. Så håper han snart blir bra att i den. Er ikkje det samme å gå uten hunden...



Og då fekk eg prøvd meg på ein ny topp som eg ikkje har vore på før, Knollane i Eikefjorden. Eg gjekk fra rasteplassen til Eikefjordstøylen, der ser du opp på varden til Knollane.

Jammen er det komt litt blåbær og. Når du kjem opp til brua, kan du velge om du vil gå opp til Eikefjordstøylen eller Knapstadstøylen.


Då var første mål nådd. Her traff eg nokre koselige folk, og eg måtte spør om dei var kjent her. Håpte at dei kunne sei kor ein begynte å gå vidare til Knollane. Men dei kunne ikkje hjelpe meg. Så då var det berre p finne fram appen Ut.no :)

Knota litt med å finne rett vei opp dit og gjekk heile tida utafor stien ifølge ut.no. Men eg kom meg no opp til slutt. Det gjekk lettare nedatt :)


Ei nydelig utsikt der oppe, men plutselig forsvant sola og det kom ein skikkelig sur vind...


Her kan du sitte og nyte utsikta og ein matbit :)




Eg hadde vore å kjøpt meg ein baguett på Naustdal Dampbakeri, som eg tenkte eg skulle nyte på toppen, men plutselig blei det slik kald vind at eg gjekk nedatt til Eikefjordstøylen. Då fant eg ut at eg ville gå over til Hovlandstøylen, og glømte heile maten. Så då endte eg med å ete nista når eg eg stod å venta på å komme forbi veiarbeidet...


På vei til Hovlandstøylen, som er ein flott tur. Lika best å gå fra Eikefjordstøylen når eg skal til Hovlandstøylen. Denne gangen var elva veldig lita og det var ingen problem med å komme seg over.



Så er eg nesten komt nedatt til rasteplassen. Her møter du på eit hyggelig skilt når du er på vei opp til Hovlandstøylen.


Ein flott dag i fjellet. Og no kan eg veien til neste gang eg har lyst å gå på Knollane. Ønsker deg ein finfin dag og takk for titten.

onsdag 5. juli 2017

Gavepose

Då er det jammen tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne ganger er Alt er lov, denne varer helt til slutten av august og du kan vinne flott premie fra Lacy Sunshine. Vi i teamet blei sponsa med lekre digier fra Lacy sunshine og eg fekk denne lekre digien Rory's sunflowers. Denne gangen har eg pynta ein papirpose.


På denne posen har eg brukt:
Bazzill: Kvit og petunia
Mønsterark: Maja Design-Coffee in the Arbour-Flourishing Garden
Digi: Rory's sunflowers
Annet: Diverse blomstra, osteklut
Dies: Lifestyle craft-Nesting doily circles
Papirpose
Motiv er fargelagt med Promarker




Håper du er blitt inspirert til å bli med på utfordringa vår. Ønsker deg og flott dag og tusen takk for titten :)

lørdag 1. juli 2017

Morgentur

Idag er vi komt til 1. juli alt, og det er tid for ny utfordring hos Papirplaneten. Denne gangen er utfordringa maritimt og bruke punch og/eller dies. Eg har laga ei PL side fra ferien for mange år sidan. Der eg hadde meg ein tur tidlig på dagen.


Her har eg brukt
Kartong: Bazzill-kraft
PL-kort: Kaisercraft-Sunkissed kit
Die cut: Kaisercraft-Coastal escape
Dies: Spellbinders- Nautical frame and accents og standard circle
Marianne design: anker og sjøstjerne
Alfabet er eg usikker på
Tim Holtz: Label letters




Idag hiver eg meg på ein utfordring og

Det var det eg hadde for idag. Ha ein fortsatt flott dag og sommer, tusen takk for titten.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...