fredag 29. mars 2013

Påskefri :)

Då er det jammen påskefri for meg og, det må vere mange år sidan eg har hatt fri så og sei heile påska... Og påskeharen har vore på besøk til meg og alt :) Jammen er eg heldig. Tusen takk gode Snuppa :)

Her om dagen gjorde eg eit lite forsøk på å pynte litt til påske, må jo sjå at det er påske her i leiligheta og ;)

Påskeharen Monica har laga flott påskeggeeske til meg, med masse godt oppi :)
Ikkje så mykje påskepynt her hos oss...
Må jo pynte litt ute og :)
Ønsker alle ei riktig god påske :) Her er det eit nydelig påskevêr, ikkje så ille å ha påskefri då :) Takk for titten, og ha ein fortsatt fin langfredag :)


torsdag 21. mars 2013

Uførefjellet

Idag tok eg og Mac oss ein liten fjelltur, trur Mac syntes det var godt å komme seg på ein skikkelig tur. Han er hvertfall veldig rolig akkurat no. Noko han ikkje har vore i dei siste dagane, nabohunden har løpetid og Mac er ganske så yr av seg.... Hjelpes... Men fjelltur har visst tatt knekken på det ;)

Det var ein flott tur idag, sol og snø, kan ikkje få det bedre då :)



Vi nærma oss toppen ;) Og flott utsikt :)
Mac måtte tåle at  det blei tatt litt bilder av han ;)

Mac blir fort utålmodig og vi kan ikkje stå lenge i ro, før han blir lei ;) Så då er det berre og begynne å gå nedover...
Kosa oss i flott vêr :)
Sliten og trøtt Mac, har funnet roen i sofaen ;)
Sukk freden og roen varte visst ikkje så lenge... No er Mac igang med "damejakten" igjen... Då er han tålmodig då, set utafor i fleire tima og piper ;) Men då får vel eg begynne å gjere noko fornuftig, snarte er det berre 1 mnd til eksamen.... Hjelpe og trøste...

Ha ein flott torsdag, og takk til dere som tar ein titt her på bloggen :)








tirsdag 19. mars 2013

Albumsider :)

Då er jammen jobbehelga over og eg kan nyte nesten 1 veke fri. Det skal bli deilig og vêret ser ut som skal bli nydelig og :) Men friperioden er allerede fullbooka ;) Det går over all forventning å jobbe natt, bedre enn eg hadde trudd. Sjølv om eg er litt trøtt idag etter berre nokre tima søvn ;)

Då er det på tide å legge ut albumsidene eg lagde for ei god stund sidan, desse blei laga når eg og Monica var på hobbyhyttetur :) Elles er det ei tørke på hobbyfronten, men håpa det snur ganske så snart...

Kos i snøen :)

Ein av dei første dagane til Mac i sin nye heim :)
Eg huska dessverre ikkje kas ark eg har brukt lengre... Takk for titten. Håper alle får ein fin dag :)





søndag 3. mars 2013

Vårrulla

Då er det søndag og helga går mot slutten og det nærma seg veldig til eg skal begynne å gå nattevakter.... Skrekk og gru, håper eg vil trivast....
Idag håpa eg på ein effektiv dag, må lage eit babykort, gjere ein del eksamensoppgaver og ikkje minst rydde og tur med Mac :)
Helga har vore ei kjempefin helg, lenge sidan sist den har vore så fin. Igår lagde vi jo vårrulla for første gang, med god hjelp av ein kompis av John. Det var ikkje så vanskelig som eg trudde, men å få laus den pastrydeiga var ikkje så lett... Men så slapp eg unna all skjæringa då, eg og Mac sneik oss ut på ein tur og kom heim til det gøye ;) Nemlig å ta bilde ;)
Vi venter alle på noko godt ;)
Så måtte vi rulle, vi fekk ca 30 vårrulla :)
Masse fyll hadde vi i :)



Vi hadde ein del fyll i vårrullane, men du og du kor godt det var :) Så nærma det seg ferdig resultat :)

Vi lagde heimelaga pommes frites :)
Klare for eting ;)
Dei smakte veldig godt, sjølv om vi brukte feil nudler ;) Vi skulle ha noko som heiter glasnudler og kjøpte eggnudler vi ;) Oppskrifta fant vi her :) Nei no må eg fortsette å sjå skiskytting :) Ha ein fin søndag og takk for titten :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...