lørdag 31. desember 2011

Årets siste dag :)

Då er årets siste dag her og det er ikkje mange minuttane att før vi går over til 2012.
Her i Florø er det tradisjon å gå i kjippen, som begynner kl 0.00. I år som i fjor blir det ikkje til at vi går ut for å sjå på det. Vi skal heller kose oss her heime, eller eg skal kose meg hvertfall. Min bedre halvdel har sovna på sofaen ;)
I år har vi ete her hos oss, berre meg og John. John diska opp med familieribbe. Som smakte veldig godt! Eg er heldig som har ein slike flinke sambuer på kjøkkenet :)
Masse mat for to, blei ein gla Mac :)

Koselig :)
Idag er den store rakettdagen og heldigvis har vi ein hund som ikkje er redd for det. Han bryr seg lite om spetakkelet ute og sover like godt :)
Ikkje heilt fornøyd med å bli tatt bilde av...
Vel eg ønske alle saman eit fantastisk nytt år. No kan vi starte med blanke ark :) Og kanskje eg blir flinkare å oppdater bloggen i året som kjem ;) Takk for titten!

mandag 26. desember 2011

Lenge sidan sist...

Det er ikkje like lett å oppdatere bloggen, men no får eg komme med eit innlegg om det som har skjedd sidan sist. No sitter eg å høyrer på vinden ute (igjen) og lysa blinka, håpa berre vi ikkje mista strømmen att...
No er det 2. juledag og jula og dette året er snart over. Kan ikkje heilt forstå kor 2011 er blitt av... På julafta hadde eg seinvakt og tidligvakt 1. juledag, så her hos oss blei julafta feira 1 juledag. Vi fekk besøk av foreldra til John og min eine bror. Hadde ei koselig julaft tross dårleg ver. Og vi var ferdig med mat og pakker før strømmen forsvant og blei vekke i nesten 12 tima...
Den siste søndagen i advent blei tent på lillejulafta her
Vi tenner fire lys ikveld og lar dem brenne ned
for lengsel, glede, håp og fred, men aller mest allikvel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor.
Eg har og fått laga eit bursdagskort til ei på jobben, virka som om ho blei fornøyd :) Beklager dårlege bilder...
Framsida

Inni kort

Baksida
Eg huska ikkje kas ark eg har brukt denne gangen, glømte å skrive det ned... Men bildet eg har brukt fant eg på nettet.
Litt baking har det og blitt, ikkje 7 sorter ;)
Sjakkruter til John ;)

Risboller

Julemanna :)

Kransekakestenger
I år pynta vi juletreet den 22. desember, det trur eg skal bli ein fast tradisjon. Så kan ein kanskje få slappe av om kvelden på lillejulafta :)
Juletreet venter på å bli pynta

Lysene er på vei til sine plasser :)
Ferdig pynta :)
På Lillejulafta har eg og John laga oss ein tradisjon, sidan han er gla i reker, kreps og laks fant vi ut at dette er det vi skal ete på lillejulafta  ;)
Masse god mat...
Så kom den store dagen for min del, "julafta" som blei feira ein dag for seint. Men pinnekjøtt og riskrem smakte veldig godt uansett :) Sjølv om uveret herja ute hadde vi det veldig koselig inne :)
Mac venter i spenning...

Altfor masse pakker...

Eg og min kjære :)

Så gjekk strømmen, men kosa oss gjorde vi uansett :)

Vel det var ein liten oppdatering sidan sist, får håpe det ikkje blir like lenge til neste gang :) Huff best eg avslutter for her blinka lyset att, berre vi ikkje mista strømmen att... Ha ein fortsatt fin 2. juledag og romjul :) Takk for titten :)

søndag 11. desember 2011

3. søndag i advent :)

Idag er det berre to veker til jul, og ferien min er over. Imorra er det tilbake på jobb og tidligvakt... Kunne gjerne hatt enda ei veke ;)
Har vel ikkje fått gjort alt eg hadde planlagt, ikkje fått skrevet julekort enda og heller ikkje ferdig med baking eller julegava. Men har fått unna ein del av julevasken ;)
Litt bilder frå veka som har gått :)
Snøen kom til Florø
Mac koser seg i snøen og ikkje minst med pinne :)
Eg skulle bake litt meir enn eg har gjort, det einaste eg har fått baka er Sarah Bernard, som blei litt for søte... Og eg var og litt for utålmodig med glasuren, den skulle nok blitt avkjølt litt meir ;) Og tippen på sprøyteposen var feil og, den skulle ha vore større, men man tar det man har... Sukk...


Eg har brukt ferdig kransekakemasse :) Lettvint...
På fredag hadde vi dyrene til dyrlegen, det blei ein stille og rolig kveld her hos oss. Begge dyra var ganske slappe og ville berre kose.
Kosetid med "mamen"

Kosetid med "papen"
På lørdag blei det berre ein sløvedag, men om kvelden lagde vi pizza. Med masse fyll...
Mac venter tålmodig på at det kanskje faller noko ned på golvet :)

Pizza`en vår :)

Idag er det søndag og vi har komt til 3. advent.
 Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede.

Fuglane har fått opp fuglebrettet til jul, så no håper eg dei tørr og komme og ete frå det ;)
Dette var mi veke og no er eg klar for ei ny veke :) Ha ein fortsatt fin søndag og takk for titten.

mandag 5. desember 2011

5. desember

Igår var det 2. søndag i advent og det er berre 3 veker til jul. Lurer på om eg blir ferdig med alt som skal gjerast... Godt eg har ei veke ferie no, slik at eg kan få gjort ein del då. Planen er klar, litt baking, bli ferdig med nokre julegaver, skrive julekort, vaske ferdig tak og vegger og forhåpentligvis litt ferie... Vel då tenker eg ferien er oppbrukt ;) Litt bilder frå igår :)
Pinne ;)
Igår fekk eg besøk av ei venninne og ho hadde med seg adventskalender til meg. Eg blei så overraska og veldig hyggelig, så no har eg fått meg pakkekalender. Tusen tusen takk bestaste Snuppa.
Adventskalenderen

Igår var det jo 2. advent og då måtte vi jo tenne lys nr 2
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.
Det står og lyser for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede.

Idag er det komt litt snø og eg hadde lyst å gå på Brandsøyåsen, men først var eg ut og kjøpte meg brodder, eg trengte ikkje å bruke dei idag. Det var ein kald tur, men Mac kosa seg i snøen.
Ka eg skal få no??

På vei opp :)

Dårlig mobilbilde

Kos med snø :)
Vel det var min dag igår og idag. No får eg avlsutte her. Ha ein fortsatt fin dag :) Og takk for titten...

torsdag 1. desember 2011

1. desember

Idag har det vore skikkelig ruskevêr. Tenk at vi er komt til 1. desember, tida går litt for fort no... Idag tok eg og Mac ein liten tur der eg kunne sleppe han. Han elsker å få gå laus og løpe rundt og kose seg ;) Det regna og blåste, men det var no berre friskt å gå tur i ;) Men eg var veldig glad vi hadde komt oss innatt når det begynte å lyne og tordne. Huff eg er ikkje noko glad i slikt vêr, men heldigvis vart det ikkje så lenge. Legger ut litt bilder frå turen, ikkje dei best bildene, blitt tatt med mobilen min...
Litt snø er det og komt

Mac og pinnen
Elva


Mac fant seg ein ny pinne, fant ikkje noko større ;)
Ikkje lett å holde seg tørr på beina ;)
Når vi kjørte heim måtte eg berre ta bilde av denne fossen :)
Når vi endelig kom heim, fant eg ut at eg fekk begynne på stua att. Og det var då det begynte å lyne og tordne. Og under dette blei heile stua så lys og sola skinte??? Eg forstod ingenting, men det var no kjekt å sjå den att og ;)
Så idag trur eg at eg nesten har oppleve alle slags vêrtyper ;)
I kveld var eg og ei venninne på Julekonsert i Florø Kirke "Stille natt hellige natt", ein flott konsert :) No skal eg slappe av litt før eg finn senga :)
Takk for titten

onsdag 30. november 2011

Bursdagskort til min bror :)

Dette kortet blei laga når eg var på hyttetur i begynnelsen av september. Mannekort er vanskelig å lage, men med litt hjelp av Ett trykk fekk eg til eit kort eg blei fornøyd med :)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Her er eg usikker på fargen...
Mønsterark: Papirdesign og eit ark frå Nille
Annet: Charms frå Kuttut,eyelets frå panduro (Scrapbooking moments), kjede frå Tim Holtz
Stempel: Motorsykkel North Star Stamps, tekst Kreativ Hobby Design

No kan eg endelig blogge om det sidan bursdagen er vel overstått :)
Ønsker alle ein fortsatt flott førjulstid :)

søndag 27. november 2011

1. søndag i advent :)

Her er nedvasken til jul begynt og eg har ikkje så mykje att av stue/kjøkken. Så no har eg fått litt adventstemning her i leiligheta. Det er slik ei koselig tid dette her, mykje lys rundt omkring i alle vinduer:) Eg er veldig glad i å pynte til jul og har funnet fram eskene mine som eg kan kose meg med. Blir vel til at eg pynter  litt kver dag. Og eg må vel begynne og bake litt og, godt eg har ei veke ferie snart ;)
Her er litt bilder frå ikveld :)
Stjerna er komt på plass :)
Mac ikkje så fornøyd med å bli stilt opp for å ta bilde...

Litt meir fornøyd :)
Adventstemning på Midttunet :)
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Mac fant ut at det var komt noko kvitt på altanen vår og var svært fornøy med det :) Idag reist min bedre halvdel på tur, men før han reist fekk han opp utelysa vi har på altanen vår. Så det er koselig ute på altane vår og ;)
Lysa tent ute og :)
Mac koser seg :)


Ha ein fortsatt flott første advent :) Og takk for titten.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...