onsdag 12. november 2014

Julekort

No nærma det seg jul og då er det vel på tide å begynne med julekorta ;)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Stonewash og Vanilla
Mønsterark: Maja Design: Vintage frost basics-18th of December
Stempel: Serendipity Stamps-Snowman with birdhouse, 
tekst-kreativ hobby og kort & godt
Annet: Charms, stjerner frå storyteller, band.Glistening snow writer
Kantane er sverta med Distress Ink-Stormy sky


Denne gangen blir eg med på desse utfordringane:
Card & Scrap: Lag på lag 
Krativ scrapping: Jul/snø 
Ha ein fin dag og takk for titten :)


fredag 31. oktober 2014

Bursdagskort

For nokre helger sidan, feira gudbarnet mitt 5 årsdagen sin, og "liksomtanta" måtte jo lage eit kort til han... Eg hadde bestemt meg for at denne gangen blei det ikkje kort... Men eg kunne jo ikkje lage kort til han, så denne her dama satt til kl 04.30 natt til lørdagen for å få ferdig kortet til han. Så skulle eg tidlig opp på lørdag for å hjelpe til, når kvelden kom og eg kunne sette meg ned kjente eg kor trøtt eg va... Men ein hyggelig feiring av fine 5 åringen Sander :)

Hehe kor beint kortet til slutt blei e eg usikker på, når kl blei 04 synst eg det var skjeivt og skakt og etter det var ferdig tørte eg ikkje sjå meir på det...

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft
Mønsterark: Papirdesign-Forventning-Trevegg
Stempel: Motiv funnet på nettet, tekst:Norsk stempelblad og papirdesign
Annet: Band, dymo, eyelet




Takk for titten, ha ein fin dag :)

 

søndag 19. oktober 2014

Bursdagskort

Endelig har eg fått gjort litt hobby, dette kortet burde vore ferdig for lenge sidan..
Men no har mottaker fått det og blei ganske fornøyd :)

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft og Java
Mønsterark: Maja Design Vintage Autumn Basis No. XVII
Stempel: Digistempel Kenny K: Spy Chick, tekst framside: Papirdesign. Tekst innside har eg funnet for lenge sidan og skrevet ut... Stempel er fargelagt med Promarker
Annet: Diverse blomstra, charms, halvperle frå Melissa Frances.  
Spellbinders: Labels Twenty Six
Kantane er sverta med Distress Ink-gathered twigs




Figuren er fargelagt med promarker, eg er ikkje så dreven med desse tusjane enda, men dei seier visst at øvelse gjere mester... Så då er det kanskje håp for meg og ;)

Denne gangen prøver eg meg på ein utfordring igjen...
Card & Scrap: Bruk blomster

Takk for titten og ha ein fin dag :)

 

søndag 21. september 2014

Ramsdalsnipa (766 moh)

På onsdag fekk vi oss ein fjelltur og denne gangen blei svigermor med og. Var kjekt med selskap :) Denne gangen hadde eg tenkt meg på Heia og Ramsdalsnipa. Svigerfar kjørte oss, sidan min bil ikkje er så kjørbar for tida og John måtte neste få ha ein bil heime.

Som alltid så blei det ikkje fulgt sti heile veien, men vi kom oss no opp til masta, etter det var det god sti og godt merka... Sjølv om det var god sti opp og, det var berre vi som ikkje gjekk der...

Turen er ganske bratt opp, men etter Masta var det fint å gå. Når vi kom opp til masta hadde vi ei lita matpause og Mac fekk seg og ein liten matbit, snille svigermor hadde med niste til han og ;)
Godt fornøyd


Etter masta var det god merking og veldig fint å gå. Eg har aldri vore der før, i så fall var det når eg var liten og på ski med mine foreldre.

Mac tok seg eit par gjørmebad, så eg vart glad når eg såg vatn han kunne bade i. Mac kosa seg stort...
Badeglad Mac




Full fart, kem skal eg riste meg på no ;)
Mac fant seg ei rot han skulle ha opp, det tok ikkje lange tida før han hadde røska den opp ;)

 Det var ein herlig sommerdag på fjellet, det er jo heilt utrulig at vi er i september og høstmnd... Blei tatt litt bilder, men ikkje så masse som eg pleier.



Tøffe og flinke Åsemor




Mac kosa seg når vi kjem oss på fjellet og jammen klarte eg å ta eit flott bilde av denne nydelige turkompisen min ♥ ♥
Gogutten
Opp til sjølve toppen gjekk eg og Mac aleine. Der traff eg ei eldre dame og mann, koselig med ein liten prat på toppen og som fortalte ka dei ulike toppane heiter. Det er jammen sjelden eg møter folk når eg går å traska... På toppen blei det eit lite stopp, men så kom eg på at svigerfar satt å venta på parkeringa... Og svigermor satt og venta på meg...

Ramsdalsnipa

Det var best å komme seg nedover....







Det tok ikkje så lang tid å komme seg ned, sjølv om eg begynte å lure på kor i alle dager eg satte frå meg svigermor... Der eg trudde ho skulle vere, var ho ikkje... Jaja tenkte, eg skulle ikkje klare å gå rett i dag heller nei, med kjempegod sti (som eg følgte!!!). Så ser eg ei dame som kjem mot meg, mens eg stod der å klødde meg i haue, så seier ho at ho var gått nedover og venta på meg der med masta. Då var det mysteriet løyst ;) Og med masta var ho, då var eg glad for å sjå ho ♥

Frå masta gjekk vi ned rett vei, det var bra bratt der og.

Ho dama hadde sagt til Åsemor at ho pleide å gå over tunnelen ned att. Kanskje det må prøvast neste gang eg går der :)Sikkert lettare å gå der..

Takker for titten, ha ein flott dag :)

lørdag 20. september 2014

Posekort til 40 åring

Blei invitert til ei eg jobba med før som skulle feire 40 års dagen sin. Eg hadde jo såklart jobbehelg, men ein gave og eit kort måtte ho jo få. Eg fant ut eg ville prøve å lage eit posekort. No er kortet levert til jubilanten, så no kan eg legge det ut her på bloggen :)

Kortet er laga av ein god gammal matavfallspose vi hadde her i kommunen før. Sukk, skulle gjerne fått dei tilbake ;) Desse skulle eg gjerne hatt enda fleire av altså ;)

På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Vanilje og kraftkartong
Mønsteark: Maja Design: Ska vi ta en Fika-mandelkaka m plommon. Papirdesign: Forventning-Sommerfugl i solskinn
Stempel: Norsk Stempelblad: Gratulerer, Stor klem og herlig bursdagsfest. Tekst på tag er frå Kort & Godt.  Resten er frå Kreativ hobby.
Annet: Kantane sverta med Distress Ink-Brushed corduroy. Band, charms, blomstra.
Tim Holtz-Muse tokens. Spellbinders-Lacey Ovales. Posen er mala med gesso rundt kantane
Alfabet: Tim Holtz-Industrious stickers
                                     



Litt bilder frå innsidene. Her er det bilder bak "lukene", frå tura eg og Vigdis har hatt ilag.



Hafstadfjellet

Storehesten

Halbrendsnipa

Øyane over :)

Her har eg laga ein tag, der eg har skrevet ei lita helsing til ho :)

Takk for titten og ha ein flott dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...