fredag 7. juli 2017

Knollane 630 moh

Her på tirsdag fekk eg meg endelig ein fjelltur att. Denne gangen måtte eg gå aleine sidan Mac har ein labb som ikkje er heilt god. Så håper han snart blir bra att i den. Er ikkje det samme å gå uten hunden...



Og då fekk eg prøvd meg på ein ny topp som eg ikkje har vore på før, Knollane i Eikefjorden. Eg gjekk fra rasteplassen til Eikefjordstøylen, der ser du opp på varden til Knollane.

Jammen er det komt litt blåbær og. Når du kjem opp til brua, kan du velge om du vil gå opp til Eikefjordstøylen eller Knapstadstøylen.


Då var første mål nådd. Her traff eg nokre koselige folk, og eg måtte spør om dei var kjent her. Håpte at dei kunne sei kor ein begynte å gå vidare til Knollane. Men dei kunne ikkje hjelpe meg. Så då var det berre p finne fram appen Ut.no :)

Knota litt med å finne rett vei opp dit og gjekk heile tida utafor stien ifølge ut.no. Men eg kom meg no opp til slutt. Det gjekk lettare nedatt :)


Ei nydelig utsikt der oppe, men plutselig forsvant sola og det kom ein skikkelig sur vind...


Her kan du sitte og nyte utsikta og ein matbit :)




Eg hadde vore å kjøpt meg ein baguett på Naustdal Dampbakeri, som eg tenkte eg skulle nyte på toppen, men plutselig blei det slik kald vind at eg gjekk nedatt til Eikefjordstøylen. Då fant eg ut at eg ville gå over til Hovlandstøylen, og glømte heile maten. Så då endte eg med å ete nista når eg eg stod å venta på å komme forbi veiarbeidet...


På vei til Hovlandstøylen, som er ein flott tur. Lika best å gå fra Eikefjordstøylen når eg skal til Hovlandstøylen. Denne gangen var elva veldig lita og det var ingen problem med å komme seg over.



Så er eg nesten komt nedatt til rasteplassen. Her møter du på eit hyggelig skilt når du er på vei opp til Hovlandstøylen.


Ein flott dag i fjellet. Og no kan eg veien til neste gang eg har lyst å gå på Knollane. Ønsker deg ein finfin dag og takk for titten.

2 kommentarer:

  1. Ein flott tur dette har vore og gode kommentarer til bildene, det set eg pris på.

    SvarSlett
  2. Takk for tips-denne må eg prøve idag😀

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...