Viser innlegg med etiketten Tim Holtz. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tim Holtz. Vis alle innlegg

søndag 24. september 2017

Mixed Media tag

Idag vil eg vise to tag'er eg har laga som inspirasjon til utfordringa vi har gåande i Papirlosjen, Mixed Media. Denne gangen har eg virkelig gått ut av komfortsona mi på den eine tagen... Men jammen er det kjekt å leike seg og prøve seg på nye teknikker.

Herretag har eg brukt:
Kartong: Kvit
Mønsterark: Kaiserkraft-Factory
Rust effect paste: Gold rust, Brown rust og red rust
Spray: Svart og kobber
Annet: Stjerner og tretannhjul, band
Dies: Tim Holtz

Har og tatt rust effect og alkohol ink rundt kantane på tag'en


Stjerner og tannhjul har og fått ein omgang med rust effekt. Likte effekten av rust, trur nok at eg vil bruke dette igjen


Har og spraya tagen med svart og kobber. Eg hadde ønska at kobberen skulle vere mørkare enn den var, synst den blei veldig glinsande. Men eg tok på herremannen og då blei det ikkje så verst.

For å få denne rust effekten har eg brukt eit sett eg fekk i gave for ei stund sidan, og det var no jammen på tide å bruke det.


På den andre tag'en har eg brukt:
Kartong: Kvit
Distress Oxide: Cracked pistachio og Twisted citron
Perler: Staz-krem
Diverse blomstra og band


Blei ein enkel tag, men kjekt å sjå kordan den forandra seg.

Den andre tag'en har eg kosa meg med Distress Oxide, tørka og spraya med vatn til eg fekk den slik eg ville ha den.


Noko av det eg har brukt finner du hos Scrapomania.
Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein kikk. Kanskje du har lyst å prøve noko du har som berre er blitt liggande? Ha ein flott dag og kos deg med scrapping :)

lørdag 6. mai 2017

Bursdagskort

Idag har eg eit bursdagskort til svigerfar, han er veldig glad i fly og hadde bursdag 1. mai. Så då måtte eg jo lage eit kort til han. Bilde av flyet (Spitfire) fant eg på nettet og printa ut.


På kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Admiral og Stonewash
Mønsterark: StudioLight-Scrapino1 og 
Dies: Kort & Godt: Rektangel med søm og Papirdesign- Gratulerer
Digistempel: Kreativehenderdigidigi209
Annet: Blomstra, tannhjul-Tim Holtz, bart- Kaisercraft

Det var det eg hadde for idag. Takk for titten.

onsdag 6. april 2016

Herrekort er endelig komt til rette eigar...

Då har eg endelig fått levert eit bursdagskort som har vore ferdig i nokre år... Ting tar tid altså. Men no har no mottaker endelig fått det, måtte berre ordne litt på kor gamal han blei.
Men sidan det er ei stund sidan dette blei ferdig, huska eg jo ikkje kas mønsterark eg har brukt...
På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Kraft og brun
Alfabet: Tim Holtz
Annet: Storyteller- svarte halvperler
Tim Holtz: Philosophy tags.
Eyelets og kjede er eg usikker på kor er ifrå
Stempel: Motiv har eg lånt, så det huska eg heller ikkje kor er ifrå..
Tekst-North Star
Kantane er sverta med Distress Ink

Hehe trur han blei fornøyd med kortet, men ymta frampå at neste gang ønskte han seg ei Corvette ;) Så då får eg prøve å huske det til neste gang ;)
 
God plass til å skrive en liten helsing
Tusen takk for at du tok turen innom her og ha ein flott kveld :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...