Viser innlegg med etiketten Scrapomania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Scrapomania. Vis alle innlegg

søndag 24. september 2017

Mixed Media tag

Idag vil eg vise to tag'er eg har laga som inspirasjon til utfordringa vi har gåande i Papirlosjen, Mixed Media. Denne gangen har eg virkelig gått ut av komfortsona mi på den eine tagen... Men jammen er det kjekt å leike seg og prøve seg på nye teknikker.

Herretag har eg brukt:
Kartong: Kvit
Mønsterark: Kaiserkraft-Factory
Rust effect paste: Gold rust, Brown rust og red rust
Spray: Svart og kobber
Annet: Stjerner og tretannhjul, band
Dies: Tim Holtz

Har og tatt rust effect og alkohol ink rundt kantane på tag'en


Stjerner og tannhjul har og fått ein omgang med rust effekt. Likte effekten av rust, trur nok at eg vil bruke dette igjen


Har og spraya tagen med svart og kobber. Eg hadde ønska at kobberen skulle vere mørkare enn den var, synst den blei veldig glinsande. Men eg tok på herremannen og då blei det ikkje så verst.

For å få denne rust effekten har eg brukt eit sett eg fekk i gave for ei stund sidan, og det var no jammen på tide å bruke det.


På den andre tag'en har eg brukt:
Kartong: Kvit
Distress Oxide: Cracked pistachio og Twisted citron
Perler: Staz-krem
Diverse blomstra og band


Blei ein enkel tag, men kjekt å sjå kordan den forandra seg.

Den andre tag'en har eg kosa meg med Distress Oxide, tørka og spraya med vatn til eg fekk den slik eg ville ha den.


Noko av det eg har brukt finner du hos Scrapomania.
Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein kikk. Kanskje du har lyst å prøve noko du har som berre er blitt liggande? Ha ein flott dag og kos deg med scrapping :)

onsdag 2. august 2017

Kort og bokmerke

Som DT i papirlosjen er vi så heldige at vi blir sponsa av Scrapomania, no i juli var eg ein av dei som fekk ein overraskelse i posten. Heldige meg. Eg fekk ei lekker blokk og ein hjørnedies, som egentlig ga meg ei utfordring... Men det er jo det som er kjekt. Likte diesen veldig godt og blokka var jo midt i blinken med sitt trelook.


Eg har laga eit bryllupskort, synst dette motivet passa heilt perfekt til denne blokka. Har brukt motiv og bling utenom.


På dette kortet har eg brukt
Kartong: Bazzill-svart
Dies: Hjørne dies
Blokk: Studiolight Paper pad
Bling: Dixi craft-Rhinestone
Motiv: Maja Design

Bokmerke blei til fordi eg kom på at hjørnediesen måtte vere perfekt å bruke til noko slikt. Og det gjorde den jammen meg :) Her har eg brukt ein blomstercharms utenom. Eg leser ein del når det er ferietid, og har nokre bokmerker, men dei har ein tendens til å forsvinner når eg har bruk for dei...


Det var det eg hadde for idag. Takk for titten og ha ein fortsatt fin sommer.

lørdag 6. mai 2017

Bursdagskort

Idag har eg eit bursdagskort til svigerfar, han er veldig glad i fly og hadde bursdag 1. mai. Så då måtte eg jo lage eit kort til han. Bilde av flyet (Spitfire) fant eg på nettet og printa ut.


På kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Admiral og Stonewash
Mønsterark: StudioLight-Scrapino1 og 
Dies: Kort & Godt: Rektangel med søm og Papirdesign- Gratulerer
Digistempel: Kreativehenderdigidigi209
Annet: Blomstra, tannhjul-Tim Holtz, bart- Kaisercraft

Det var det eg hadde for idag. Takk for titten.

fredag 28. april 2017

Utfordring Scrapomania

I helga som var, var vi fire stykker fra teamet til Papirlosjen som var på treff i Geiranger Seint på lørdagskveld fekk vi ei utfordring av Cathrine. Vi fekk alle likt kit som vi skulle bruke. Her er utgangspunktet


Vi kunne legge til og trekke fra ting, men stempel og dies måtte vi bruke. Vi har brukt denne nydelige diesen Braided grace square fra Spellbinders og  flott stempelplate fra Kort & Godt

Her er kortet eg har laga





Her kan du sjå ka dei andre lagde av kitet.
Det var det eg hadde for idag, takk for titten og ha ei flott helg :)

onsdag 22. mars 2017

Herlig dies fra Scrapomania

Her for ei stund sidan fekk eg pakke fra Scrapomania. Heldige meg. Vi i papirlosjen er så heldig å bli sponsa av Scrapomania. Og her er det jammen meg masse fint... I helga tok eg med meg pakken til Førdetreffen og kosa meg med den.

Her er det eg fekk fra Scrapomania og så måtte jo eg bestille litt sjøl og...
Eg fekk ein lekker dies, blomstra og bling, kan ikkje anna enn å bli fornøyd :)

Ein nærmare titt på¨den lekkre diesen.



Var den ikkje lekker vel?? Little Darlings heiter den.


På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzil- Vintage Pink
Mønsterark: Maja Design: Vintage baby-Precious og Our little miracle
Dies: Little Darlings Dies
Spellbinders-Stately circles
Memory box- vogn
Annet: Blomster- Prima Marketing bouquet Mix flowers
Roseknopper
Charms






Denne gangen har eg laga ein eksplosjonsboks til baby.

Så var eg jo på treff i helg og pakken eg fekk fra Scrapomania måtte jo bli med. Da laga eg dette enkle kortet kor eg har brukt dies som hovedpynt.Stempel er ifra Kort & Godt


Siste eg laga som eg har lyst å vise er ein LO av meg og min gode turvenn. Her er vi på fjelltur og koser oss :) Her har eg brukt dies og, der eg viser berre halve.

På LO har eg brukt:
Mønsterark: Pink Paislee
Alfabet: 
Annet: Blomster, washitape, 
Sommerfugl er laga av papirleire
Stencil er fra Prima



Er den ikkje nydelig vel ♥
Det var det eg hadde for idag, tusen takk for titten. Ønsker deg ein nydelig dag :)

onsdag 19. oktober 2016

Kortkit fra Scrapomania

Vi i designteamet til Papirlosjen er så heldig å bli sponsa av Scrapomania, med herlig kit. Eg har fått lov å kosa meg med oktoberkitet. Nydelig juleark fra KaiserCraft og masse flott pynt :)

Eg har laga eit vanlig kort 15x15.


Sidan det nærma seg jul, altfor fort som vanlig, har eg laga nokre småkort. Eg synst det er kjekt å ha nokre små kort liggande som eg kan legge ved ein liten opperksomhet. Malen til det lille kortet med Christmas wishes, fant eg i ett trykk eit år. Klarer ikkje å finne det att i farten... Dette kortet går fint an å feste på gaven som ein merkelapp og :)


Eg måtte jo lage ei albumside og. Når eg begynte med scrapping var det albumsider, LO, eg lagde mest av. Men det har jo gått over til kortlaging og no ikkje minst har eg fått augene opp for PL og. Synst dette er ein fin måtte å få bilder i album på.


Her kan du se kortkitet eg fekk. Eg kan anbefale dette på det varmeste og det er berre å løpe og kjøpe ;) Du finner dei ulike kita her

Det var det eg hadde for idag. Ha ein finfin kveld. Takk for titten :)

mandag 23. mai 2016

PL-sider

Idag blogger eg for papirlosjen. Vi i teamet er så heldig å ha Scrapomania som sponsor, og denne gangen fekk eg PL-kit som eg fekk kose meg med. Og eg fekk laga 3 sider fra ulike opplevelser.

Her kan du sjå ka eg fekk i kitet
Masse fint å kose seg med
Den første sida eg har laga er frå bilferien vi hadde i 2012, detter er bilder fra Saltgruva. Kunne jo ikkje ha vore i Krakow og ikkje ha sett saltgruva. Ein flott opplevelse
Saltgruva

Neste side er frå ferieturen vi hadde i 2014, då var vi på vei heim frå Sverige og bestemte oss for å ta ei anna rute tilbake til Florø. Og tok oss ein dag i Alvdal og Aukrustsenteret.
Ein artig dag

Neste side er frå ein av våre fine fjelltura. Endelig kom eg og Mac oss på Blånipa :)
Fin topptur dette
Det var det eg hadde for denne gang. Kanskje eg har gitt deg litt inspirasjon til å lage ei eller fleire PL sider. Ønsker deg ei flott veke, takk for titten.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...