søndag 15. april 2012

Herlig helg :)

Påska forsvant i eit jafs, jobba heile påska, men har hatt nokre fridagar no. Og det har jammen vore deilig :) Ka har eg så gjort desse fridagane min, hmm det er jammen lite gitt... Men på onsdag tok eg og Mac oss ein fin tur på Brandsøyåsen, det var vått og surt, men herlig uansett :) Tok faktisk ikkje bilder frå turen, men det regna jo elefanta når vi var der.
På lørdag blei det jo eit flott ver og eg og Mac tok vår første fjelltur i år, og det var jammen godt. Sidan eg ikkje fekk vere med turlaget på onsdag til Uførefjellet, tok vi den turen igår.
Mac fant seg litt snø ;)
Vi er komt opp :)
Hatlesetnipa får bli neste tur :)
Kosestund med pinnen :)
Eg har glømt å legge ut bilde av morsdagskortet som svigermor fekk, ein smule seint, men men. Kortet er ganske enkelt og ikkje brukt så mykje på det, berre kartong, mønsterark, blonde og stempel :)



 Har og fått laga ei albumside av jula vår
Vel dette var litt fra meg, no fram over må eg vel konsentrer meg om litt skulearbeid :)
Ha ein fortsatt fin kveld og takk for titten.



søndag 1. april 2012

1. april

Idag er det 1. april og langfrihelga er snart over. Denne helga ser eg fram til kver 6 veke, då er det fri fredag til mandag. Og det er alltid store plana for helga, masse som skal bli gjort, men lite som egentlig blir gjort...
Fredagen begynte eg og Mac med tur til Brandsøyåsen og etterpå blei det ein liten kafetur.
På vei opp :)


Det var min fredag, så kom lørdagen og eg gjorde egentlig ikkje så mykje fornuftig. På kvelden lagde vi pizza og kosa oss her heime. Men eg fekk no kosa meg med ein Layout, bilde kjem litt seinare ;)
Idag er det søndag og turen til meg og Mac er unnagjort, men det begynte jo å snø så voldsomt og blåse. Kor blei våren av???? Mac brydde seg ikkje mykje om det, men eg synst det var litt kaldt... Brrr...
Vårtegn, men ikkje det kvite som ligg der... :)
Koser seg i snøen :)
Det var mi helg så langt, no skal eg vie litt tid til dette her...
Skriving må til :)
 Litt skulearbeid, må skrive ein praksisrapport, forhåpentligvis har eg ikkje så mykje att før den kan leverast :)
Tulipaner lyser opp
Ha ein fortsatt fin søndagskveld og takk for titten :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...