tirsdag 27. september 2011

Dagen igår :)

Det er ikkje alltid vi er enig om ka vi skal sjå på TV, mandag er ein slik dag... Men no har vi TV på soverommet, så då er det ein som må inn der å sjå programmet sitt. Igår var det John-André og han visste kordan han skulle kose seg. Han fant seg ei skål med krabbeklør og satte seg i senga og knekte i vei!!! Og dyrene lukta at det var eit eller anna godt inne på soverommet ;)
Mac har funnet veien til godlukta ;)
Ikkje ilt å sitte på soverommet ;)
Kan eg få lov å smake, ver så snill...
Tommy fant veien til soverommet
John forstår han ikkje får ha krabben ifred ;)
Vel dette var mandagskvelden vår her på Midttunet. Fant ikkje så mange smulana når eg skulle legge meg. Må sei at det ikkje er vanlig at vi sitter og eter på soverommet altså ;)
Ha ein flott tirsdag :)

søndag 25. september 2011

Lørdag

Idag er det lørdag og for meg er lørdag ein kosedag (hvertfall når eg ikkje har jobbehelg). Eg har prøvd å kose meg så godt det lar seg gjere her, lagde meg Stekt ris til kvelds, har sett på Skal vi danse og god kveld Norge :) Og såklart kosa meg med Mac :)
Idag gjekk eg og Mac på tur over Storeåsen, og det var opplett heile turen :) Det er vel ei stund sidan eg har hatt ein tørr hund når eg kjem heimatt frå tur...
Utsikta på vei over Storeåsen
Litt meir utsikt
Fine hunden min :)
Stakkars Mac, han er ikkje heilt fornøyd med å bruke denne Haltigrima, men den fungerer veldig bra med tanke på at han er fæl til å dra når vi går tur. Får håpe den kan fjernast snart :) Bildene er ikkje av den beste kvaliteten, er tatt med mobilen.
På hobbyfronten går det dårlig, er så klar for å lage julekort, men given for hobby er her ikkje for tida...
Då trur eg at eg seier natta :)

søndag 18. september 2011

Liten tur i fjellet ;)

Idag var det eit nydelig vêr igjen her i Florø.Då måtte jo eg og Mac ta oss ein liten tur i fjellet. Den blei litt lengre enn eg hadde tenkt. Målet var Nipevatnet, men når vi kom opp dit fant vi ut at vi skulle gå litt lengre. Når vi snudde for å gå nedatt, trur eg det var varden til Blånipa eg såg. Men vi gjekk ikkje dit idag, men det får bli vårt neste mål :)
Turen idag tok ca 6,5 time tur/retur. Det var sol og fint, men ein kald vind. Så no er eg veldig sliten og det virker som om eg har klart å slite Mac ut og ;) Så inatt tenker eg vi skal sove godt begge to ;) Litt bilder frå dagen idag :)
Mac er fornøyd :)
På vei mot Nipevatnet
Mac måtte ha seg ein dukkert i Nipevatnet
Kjempeflott utsikt lengre oppe
Varden til Blånipa??
Kjempeflott utsikt, på vei nedatt

Det var dagen idag, etter vi kom heim har eg berre sløva. Og eg føla eg fortjener det ;)
Ha ein fortsatt fin kveld

fredag 16. september 2011

Dagen idag :)

Mens eg sitter og venter på Senkveld fant eg ut at eg kunne blogge litt mer. Og såklart må eg gløtte litt på Idol :) Sidan det var så flott vêr idag, fant eg ut at vi skulle ta turen på Brandsøyåsen. Men først tok eg turen til Rognaldsen gartneri og kjøpte meg litt lyng og ein krysantemum. Må pynte opp litt utafor leiligheta no når høsten er komt. Det får eg  gjere imorra :)
Her er litt bilder frå dagen idag :)
Utsikt frå toppen:)

Flott der idag

Og her er dagens kjøp ;)
Gleder meg til å få pynte imorra :) Håper finvêret holder seg.
Ha ein fortsatt fin fredagskveld.

Bursdagskort til min kjære :)

Dette kortet blei laga på hytteturen.. John-André hadde bursdag på onsdag 14. september, så no kan eg vise kortet han fekk. Han fekk eit perfekt bursdagsvêr :) Eg trur han var fornøyd med dagen ;) Og eg trur han var fornøyd med gavane ;)

På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Svart og kvit
Mønsterark: 7gypsies-Paddington paper: Black friars
Annet: Charms frå Kuttut, bølgepapp som er malt med gesso, chain, Spellbinders, label one, knapp, hinge clip frå Tim Holtz.
Alfabet: Sizzlits Vintage Marketplace 

Flott blomsterbukett fekk han og :)

torsdag 8. september 2011

Bursdagskort til svigermor :)

Svigermor hadde bursdag i helga og ho hadde sett napkinkortet eg hadde laga og fortalte til meg at ho kunne tenke seg eit slikt kort. Eg hadde jo tenkt det skulle gå litt lengre tid før eg lagde eit slikt kort att. Men eg måtte jo lage eit til ho. Og denne gange gikk det bedre enn sist...
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Vanilje (trur eg)
Mønsterark: Maja Design: Life in the Country: in the hammock og read a book
Annet: Martha Stewart: Embroidered floral edge + corner punch og Doily lace edge, lilla roser, perler,band, Spellbinders: Labels six
Stempel: Kreativ hobby design- Gratulerer drodle og Hjørne gratulerer klem til deg

Eg har og laga ein gaveboks til ho, som eg har hatt oppi eit stearinlys og ei pynta fyrstikkeske:)
 På denne eska har eg brukt :
Bazzill: Blå
Mønsterark: Maja Design-Life in the Country-summer breez og scent of wild flowers
Annet: Blomstra, halvperler, pin fra making memories, Tim Holtz: Idea-ology hitch fasteners, magneter, perlestreng frå Kuttut, spellbinders Label Eleven.
Stempel: Magnolia: Lady-Tilda, som er fargelagt med Distress Ink, tekst: Kreativ Hobby Design

Malen fant eg HER

Ønsker alle ein fin torsdag :) 

mandag 5. september 2011

Hyttetur :)

I helga var eg og ei venninne på hyttetur til Jølster, vi hadde ett mål med turen få lage ein del kort og så klart slappe av og kose oss. Bilen blei nedlasta med hobbyutstyr (skulle tru vi skulle vere vekke veldig lenge) og to "happy" damer kjørte avgårde.
I Førde blei det eit lite stopp for handling av mat, snop og litt hobbyutstyr. Og vi tok oss ein matbit på Peppes pizza. Så satte vi turen videre til Jølster, når vi endelig kom fram blei bilen tømt og vi håpte ingen såg oss... Veiret var og heilt perfekt for ei hobbyhelg, det regna heile helga :)
Grunnen til at vi håpte ingen såg oss ;)

Sjøl om vi hadde masse med oss, hadde vi jo såklart glømt nokre ting... Spisebord blei omgjort til hobbybord på en-to-tre og stoler og golv blei tatt i bruk. Det blei meir og meir kaos rundt oss, men uansett hadde vi det veldig kjekt :)



Eg fekk laga nokre julekort og nokre bursdagskort. Skal legge ut julekorta eg lagde, men bursdagskort får vente litt til ;) Men måtte hente hjelp og inspirasjon frå Ett Trykk...


Dette er eit Criss-crosskort, veldig lenge sidan eg har lagd denne type kort. På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Kvit
Mønsterpapir: Melissa Frances "Frosty"
Stempel: Snømann er fraWipper Snapper Designs, tekststempel er eg usikker på
Annet: Perlestreng frå Kuttut og halvperler, eyelets,blomst, blonde, QuicKutz: Snowflake
Kantane er "rufsa" til og sverta med Distress Ink -Walnut stain
Handtak har eg laga med Word window punch

Dette kortet henta eg inspirasjon fra Ett Trykk. På dette kortet har eg brukt:
Bazzill: Vanilje
Mønsterark: Ladybug & Friends: Julefryd - Tradisjon og Papirdesign: Askeladd
Stempel: Kreativ Hobby designe- Vintage jul, tekststempel ereg usikker på
Annet: Martha Stewart-Lace Heart edge punch og branch punch, små halvperler, blomster, blonde, spellbinders-Label eleven
Kantane er rufsa og sverta med Distress Ink-Walnut stain

Helga gjekk fort og plutselig var det søndag og tid for å rydde og vaske og sette nasa mot Florø att. Eg kunne gjerne ha vore der lengre og håper det ikkje blir lenge til neste hyttetur ;)

Den flotte hytta :)
Utsikta frå hytta
Men såklart det var jo godt å komme heim og. Men må få sei tusen takk til Snuppa for ei superduper helg :)
Ønsker alle ein flott mandag :)




torsdag 1. september 2011

Skålefjellet (765 m.o.h)

Idag er det eit nydelig vêr her i Florø. Eg har ikkje glømt at eg ikkje kom meg heilt opp på Skålefjellet, så idag tok eg og Mac turen på nytt. Og idag kom vi oss opp :) Det er ein veldig fin tur og godt merka sti, men noko vått å gå der. No har vi ein godt fornøyd hund her og ikkje minst ein veldig rolig Mac:)

Utsikt til Florø, på vei opp
Snart oppe :)

Endelig ser vi varden
Vi har nådd toppen :)
Turen opp og ned tok ca 4 tima. Det kom litt skodde igjen når vi var komt opp på toppen. Men ei heilt fantastisk utsikt der oppe.
Og når eg kom heim skulle min kjære til å begynne på middag, idag blir der fårikål. Nam nam :)
Ellers så blir det vel pakking ikveld, eg og ei venninne skal på hyttetur til Jølster i helga. Ei rein hobbyhelg, så no rekna eg med det blir kortproduksjon i massevis ;) Gleda meg masse :)

Hehe må legge ut eit bilde av Mac igår, John hadde funnet seg ein kjærlighet på pinne, og Mac blei heilt tullete og skulle ha den kjærlighet på pinnen. Det smakte visst veldig godt ;)

Kan eg få smake litt, vær så snill...
Nam ditta va godt og eg får tom lov til å sleike...
Ha ein flott torsdag og helg :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...