onsdag 30. mars 2016

Bryllupskort og konfirmasjonskort

Vi er jammen heldige, vi i Papirlosjen blei sponsa med nokre nydelige ark og stempel frå Scrapomania. Eg fekk nydelig ark frå kort og godt og stempel fra Magnolia.

Eg har laga eit bryllupskort og konfirmasjonskort. To veldig enkle kort...

Bryllupskortet blei eit "trappekort", der eg har brukt mønsterark og utkippsark frå Kort & Godt
Kartong er Bazzill Kvit

 Sommerfuglane og tekst er alle frå utklipsarket


Konfirmasjonskortet har eg og brukt ark frå Kort & Godt
Kartong er i brun og kvit
 Dies er frå Papirdesign, Sizzix , spellbinders og Cheery Lynn Design
Stempel er frå Papirdesign :)

Eg har kosa meg med arka vi fekk fra Scrapomania, tusen tusen takk for flotte ark. Stempel kjem om ikkje så lenge :)

Takk for titten og ha ein flott dag :)

søndag 27. mars 2016

Påska går mot slutten

Eg har jobba det meste av påska, men no hadde eg fri igår og idag. Det må vel vere bra med påskefri det;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til vår utfordring Vår i lufta. Sidan det er påske har eg laga ei eske eg kan ha melkehjertesjokolade i. Malen fant eg hos Mayas hobby. For det høyrer vel til litt sjokolade i påska ;) Og eg har kosa meg med nydelig stempel frå All dressed up, med stempelet Little flower girl.


 På denne eska har eg brukt:
Kartong: Kvit og gul
Mønsterark: Papirdesign:Muligheter-Vår i luften
Stempel: All dressed up, Kort & Godt: Tekst
Annet: Papirdesign:Perler
Dies: Spellbinders-Standard Circle Large og Lifestyle craft


Motiv er fargelagt med Promarker:
Hud: Blush og Ivory
Hår: Warm Grey 5,3 og 1 og blender
Kjole og hatt: Gold og Pastell yellow
Kurv: Amethyst, Orchid og Lavender
Sløyfe: Olive Green, Marsh green og Pear green
Fugl: Cinnamon og tan


Sidan Wycinanka og er sponsor for denne mnd, fant eg ut at eg måtte lage ei albumside og. Denne gangen blei dei ei PL side... Det er første gang eg legger ei slik side ut offentlig, og det er ikkje mange sidene eg har laga. Men lika godt denne forma for albumside :) Eg og Mac hadde ein nydelig tur i nydelig vêr
Eg hadde ikkje så masse som passa til av "kort", men det går jo fint an å lage korta sjølv. Her har eg brukt mønsterark frå Papirdesign-Trevegg.
 Ramme og hjerte er begge frå Wycinanka

Tusen takk for titten og ha ein fin dag :)

lørdag 26. mars 2016

Postkasse

For ei lita stund sidan fekk eg ei bestilling på ei postkasse til ei jente. Endelig blei eg ferdig med den :) Så får eg håpe ho blir fornøyd med den :) No er det nokre dager med påskefri for meg og, så no i helga skal eg jammen kose meg med hobby :)

Ein liten fee som passer til ei jente :)
På denne har eg brukt:
Mønsterark: Papirdesign:Forventninger-sommerfugl i solskinn
Dies: Marianne Design, både fe og ballong,
Sommerfugl: Joanna Sheen
Spellbinders:Standard circle Large, Classic Scalloped Circles
Stempel: Magnolia
Alfabet:Quickutz-Tangerine
Annet: Mosegummi med glitter, perler
Postkassa er kjøpt for lenge sidan på Bokuben






På baksida har eg tatt eit stempel frå Magnolia som er fargelagt med promarker. Er ikkje så flink med denne fargelegginga enda, men det er no jammen kjekt allikavel ;)



Ønsker alle ei fortsatt god påske :) Tusen takk for titten :)



torsdag 24. mars 2016

Bryllupskort

No er vi komt godt igang med mars, eg skjønner ikkje kor tida forsvinner her, men jammen har den bein å gå på... I det siste har eg kosa meg med eit bestillingskort, eit bryllupskort som skulle gå i lilla og ha blomsterhjerte og litt større enn 15x15. Dette kortet er 25x15 cm, artig å lage litt andre størrelser :)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit og lilla
Mønsterark: Papirdesign: Muligheter-si det med blomster
Annet: Rose og
Stempel:Kort & Godt - Kjærlighet
Dies: Decorative labels Eight,
Annet: Hjerte halvperler, Punch: Martha Stewart-sommerfugla

 
Innsida her eit nydelig tekststempel og det fant eg faktisk på Husfliden her i Florø :)
 
Tekst inni


Det var det eg hadde for idag. Takk for titten og ha ein flott dag :)



 


tirsdag 22. mars 2016

Langeland skisenter

På torsdag hadde eg og ei eg jobba med planlagt ein skitur til Langeland. Men det var veldig usikkert om vi kom oss dit... Kvelden før kom det ein stor stein ned og ødela veibane mellom Nautsdal Førde. Ov veien blei stengt. Men jammen opna dei for manuell dirigering kl 09 og vi kom oss på Langeland.



Haha det er jo ei stund sidan vi begge har gått på ski, men eg synst no jammen sant vi var flinke. Litt knoting hadde vi i starten. Men så kom vi oss igang :) Men det var jo litt godt det ikkje var så masse folk i løypa når vi var der ;)



Vi gjekk 5 km og fant ut det var ein god start for oss for denne gangen. Men eg kan gjerne tenke meg tilbake til Langeland, flotte løyper :)


Vi var ikkje så heldig med vêret, men allikavel hadde vi ein flott tur :)

Når vi kom rundt i løypa, satt vi oss ned og kosa oss med litt mat og kakao. Ein skikkelig kosetur :) Og når vi gjekk til bilen att, ja då titta sola fram ;)

Ønsker deg ein fin dag og takk for titten :)




mandag 21. mars 2016

Eikefjordstøylen

Endelig kom friveka mi og no er den over alt... På onsdag var det eit nydelig vêr her i Florø og då måtte jo eg og hunden ta oss ein tur. Ein perfekt start på friperioden min. Det var litt tungt å gå innimellom. Men opp kom vi oss :)



Ser ikkje så ille ut å gå enda ;)


Var ein del snø oppover, men med tida til hjelp, gjekk det bra, sjølv om frustrasjonen kom innimellom ;)

 

Men snøen den kom den

Eg hadde tenkt å gå vidare mot Hovlandstøylen, men eg fant ut det var lurast å gå nedatt. Snøen var ikkje så god å gå i og vi datt gjennom litt for ofte...



Mac kosa seg i snøen


Nydelig utsikt og hund ♥

Men det blei no ein fin tur allikavel. Godt å komme seg ut og bevege seg :)



No var det godt og ikkje gå i snø meir ;)

Når vi kom nedatt til bilen hadde påskeharen vore og hengt ein sjokolade på bildøra mi. Det var ein hyggelig overraskelse å komme ned til...

Haha eg lurte litt på kem det kunne vere, men fant vel ut at dette måtte vere ei eg jobba ilag med eller så var det nokon som hadde hengt sjokoladen på feil dør ;)

No er påskeveka komt og her er det jobbing nesten heile påska. Ønske deg ei riktig god påske og hjertelig takk for titten :)


onsdag 9. mars 2016

Brandsøyåsen

I helga hadde eg og Mac oss ein fin tur til Brandsøyåsen, og må sei kontrasten var stor frå vi begynte på turen til vi kom oss opp på toppen :) Fra begynnelsen av turen fekk eg nesten litt vårlig følelse, men den forsvant jo lengre opp vi kom...
Våren nærma seg
Mac blei gladere og gladere når vi kom litt oppover, der låg jo snø han kunne rulle og kose seg med ;)

Mac kosa seg i snøen
Eg begynte å angre på at eg gjekk med små tursko... Og uten brodda med meg...
God opptrakka sti :)
Men opp kom vi. Rart å komme frå litt vårfølelse til full vinter ;)
Og utsikta var like fin denne gange ;)

Flott utsikt til Florø og øyane

Jammen er det godt å komme seg ut. Denne gange gjekk vi ein rundtur, gjekk opp stien på Solheim og gjekk ned veien eit stykke før vi tok av og kom ned med Brandsøy skule.

Fin lørdagstur

Takk for titten og ha ein flott dag :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...