søndag 29. oktober 2017

Tøff og kul

Igår feira fadderungen min bursdagen sin og som gudmor måtte eg jo lage eit kort til han :) Denne gangen blei det eit rammekort. Eg har laga dette ein gong før, men styra slik på med å få det til. Men så fekk eg ein mal av Monica som var mykje lettare å skjønne seg på. Den kan du sjå her



På kortet har eg brukt:
Kartong: Svart
Mønsterark: Kort & Godt-Retro rød
Dies: Papirdesign-Hipp hurra
Alfabet-Chocolate
Embossingpulver: Svart og kvit
Trepynt: Wycinanka-Tøff og kul

Trepynt og navnet har eg embossa med svart embossingpulver. Det samme har eg gjort med monsterstempel inni kortet. Denne stempelplata kan du finne hos Scrapomania

Blir nok ikkje siste rammekortet eg lager, enkelt og etter eg fekk denne malen blei det jo morro å lage og ;)

Det var det eg hadde for idag, takk for at du tok ein titt.

fredag 6. oktober 2017

Til henne

No er vi jammen komt til oktober, tida fyker avgårde... Det er og tid for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er temaet til henne.
Vi har fått leika oss med nydelige digi stempel fra Ching-Chou Kuik. Eg har brukt denne herlige digien, Snowflake angel


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit
Mønsterark: Papirdesign: Julestemning-stjernehimmel
Stempel: Snowflake angel og Papirdesing-Ord til deg
Annet: Kort & Godt-pyntebær, diverse blomstra
Dies: Kort & Godt- Rektangel med søm,
Marianne Design-istapp



Motivet er fargelagt med Promarker. Snøfnugg har fått litt glitter på seg. No gleder eg meg til frihelg og forhåpentligvis tid til å gjere litt hobby. Takk for titten og ha ein flott dag og helg.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...