torsdag 27. juni 2013

Hagearbeid

Idag gjekk eg av natt, sove i nokre tima og etter det har det vore full rulle. Følast slik hvertfall... No har vi endelig fått blomsterkassa ferdig, rød og fin blei den :)
Så kom endelig jorda oppi og vi kunne begynne å plante ned desse stakkars plantane. Trur dei jubla når dei fekk seg større bopel :) Vi er fornøyd og, no begynne det å sjå litt skikkelig ut rundt oss her...
I blomsterkassa er det komt sukkererter, bønner og mais, og litt  urter...
Mac er ikkje heilt fornøyd med at vi driver å jobber så masse her heime, han kjeda seg seier han... Eg får ikkje den oppmerksomheten eg som hund har krav på....
Godt å sjå at ting kjem på plass og det begynner å bli litt meir trivelig på uteplassen vår. Resten som er att får vi prøve og ta imorra. Så blir det nok så fint til slutt :)
Takk for titten :) No er det natta for min del :)




lørdag 22. juni 2013

Stuebord

Det var da voldsomt til bloggetempo her no, det er enten eller med skriving i denne bloggen min... Her om dagen begynte vi jammen meg på stuebordet vårt. Kjekt med litt forandring... John pussa og eg beisa. Fin fordeling det :)
Til og med eg fekk lov å prøve og pusse :) Ikkje dårlig at han tørr å låne meg sitt dyrbare verktøy, men han stod og holdt meg med oppsyn ;) Men eg kunne visst ikkje gjere noko gale...
Brukte samme beis som eg brukt på kjøpmannsdisken, drivved...
Bordet blei ikkje så verst når det blei ferdig, vi føla vi har fått eit heilt nytt møbel, berre mykje billigare ;)
No må det berre få tørke skikkelig, så kan vi ta det i bruk :)

Igår kjøpte eg meg ei potte eg har sett på ei stund, synst den var litt artig. Den står så fint og pynter opp ute :)

Denne helga skjer det masse her i Florø, igår var det sildebord og idag og imorra er det Kinnaspelet. Håper alle har ei fin helg og tusen takk for titten :)

torsdag 20. juni 2013

Blomsterkasse

Ei blomsterkasse blir til, brukte ikkje lange tida på å få denne sammen. Så no kan vi snart plante ut "frøa" vi sådd i vår. Det som har overlevd må vi jammen passe godt på, så no skal dei få seg litt større boltreplass :)
Eg er jammen heldig som har ein snekkker til mann, som lager så masse flott til meg :)
Ka skal dette bli...
 Den store blomsterkassa begynner å ta form :)
Eg måtte hjelpe til og...
 Det begynner å ligne på ei blomsterkasse??  Vi har plast på innsida og i bunnen er det duk

Så var det å flytte kassa frå terrassen ut der den skulle stå... Her var det visst å hente fram krefter eg ikkje trudde eg hadde, den var jammen meg tung... Men på plass kom den...
No mangler det berre beis, så er den ferdig, den blir rød og kvit.... Så er det berre å få jord og plantane oppi :)
Mac likte ikkje at vi dreiv å jobba slik, han måtte sitte utafor altanen å vente. Han fekk ikkje nok oppmerksomhet, men litt kos blei det innimellom. Så eg rekna med eg blei tilgitt ;)
Då er det middagstid og avslapping før eg må gjere meg klar for nattevakt. Siste for denne veka og no er det berre ei veke att å jobbe så er det ferietid... Ha ein fortsatt fin kveld. Takk for titten :)






lørdag 15. juni 2013

Sommer?

No er vi jammen komt til midten av juni og eg synst ikkje det er nokre sommertemperatur ute, men då er det jo fint at ein kan kose seg inne :) Men idag har det vore fint, men vinden skal visst ikkje forlate oss når vi har sol...
Elles så har eg og Mac hatt oss ein liten tur i forrige veke, då havna vi på Velomstøylen. Vi kjørte til Storebru og parkerte ved campingplassen der. Rekna med dette er kor man går når man skal på Endestadnipa, men merkinga stoppa rette etter Velomstøylen. Så då stoppa turen vår og ;)
Utsikta på veien opp :)

Elles så har vi kjøpt oss boblespa, gleder meg til å prøve det. Skulle visst ikkje ta så lang tid å montere, men merkelig nok, så tek det lengre tid enn det står... Men til slutt fekk vi det opp og fekk i vatn. Så var det å vente til temperaturen blei høg nok...
Tommy likte seg på toppen, varmt og godt der og ;)
John har alt prøvd det og det virka som om han var fornøyd. Varmt og godt var det visst og :)
Snart klar for å teste for første gang :)
Då er det avslapping resten av lørdagskvelden. Takk for titten og ha ei fortsatt fin helg :)




lørdag 1. juni 2013

Pusse opp...

Då er det helg igjen og vi er komt til 1. juni, tida går så fort. Forrige helg begynte vi å pusse opp ein kjøpmannsdisk vi har. Den har eg tenkt at eg skulle gjort noko med lenge, men no har det altså skjedd. Det einaste som mangla er knotta, kjøpt nokre nye, men dei hadde berre 7 stk. Så no får eg vente i spenning på om ho klarer å få tak i dei eg mangla :)
Eg har beisa den i fargen drivved. No ser det ut som om vi har fått ei ny kjøpmannsdisk, berre mykje billigare ;)
Må jo vise litt bilder og :)

Pussing må til
Oppussing trengst ;)
Når pussinga var ferdig var det for meg å beise og resultatet blei jo ikkje så verst. Det blei hvertfall ikkje verre enn det var...
Første skuffa er klar :)
Før og etter bilde, blei no litt forskjell :)
Nesten ferdig, mangla berre 2 knotta
Neste som skal pussast opp er stuebordet vårt... Det blir i samme farge som kjøpmannsdisken :)

Katten vår Tommy eller Hans Høyhet som han og blir kalla, har fått seg kattedør og i starten var han nok litt skeptisk. Men no lever han som en konge kan dokke tru. Han kan komme og gå akkurat som han vil... Og han elska kattedøra si og lura sikkert på korfor vi ikkje har skaffa han noko slikt før...
Ka dokke trur om meg, eg går ikkje gjennom den luka der altså. Okei då sidan dokke byr meg kokt skinke... Skal eg ut igjen og????
Men no er det ingen protesta mot å bruke døra altså ;)

Mac har kosa seg i sola vi har hatt og då må han jo pynte seg litt ;)

"Eg må ha, eg må ha solbriller på"

Takk for titten og god helg. No skal det bli avslapping resten av helga :)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...