torsdag 20. juni 2013

Blomsterkasse

Ei blomsterkasse blir til, brukte ikkje lange tida på å få denne sammen. Så no kan vi snart plante ut "frøa" vi sådd i vår. Det som har overlevd må vi jammen passe godt på, så no skal dei få seg litt større boltreplass :)
Eg er jammen heldig som har ein snekkker til mann, som lager så masse flott til meg :)
Ka skal dette bli...
 Den store blomsterkassa begynner å ta form :)
Eg måtte hjelpe til og...
 Det begynner å ligne på ei blomsterkasse??  Vi har plast på innsida og i bunnen er det duk

Så var det å flytte kassa frå terrassen ut der den skulle stå... Her var det visst å hente fram krefter eg ikkje trudde eg hadde, den var jammen meg tung... Men på plass kom den...
No mangler det berre beis, så er den ferdig, den blir rød og kvit.... Så er det berre å få jord og plantane oppi :)
Mac likte ikkje at vi dreiv å jobba slik, han måtte sitte utafor altanen å vente. Han fekk ikkje nok oppmerksomhet, men litt kos blei det innimellom. Så eg rekna med eg blei tilgitt ;)
Då er det middagstid og avslapping før eg må gjere meg klar for nattevakt. Siste for denne veka og no er det berre ei veke att å jobbe så er det ferietid... Ha ein fortsatt fin kveld. Takk for titten :)






4 kommentarer:

  1. Jammen er dokke driftige,blomsterkassen bli fin den litt spennande å sjå korleis plantene kommer seg i kassa.
    Mac hadde nok lyst å vara med ,men han blir fort glad, skal så lite til før han er kjempe glad.
    Ha god vakt Annelen !

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det :) Ja skal bli godt å få heile blomsterkassa ferdig og få den i bruk :)
      Nei det er ikkje legne Mac er fornærma, berre å kose med han så er det glømt :)

      Slett
  2. Kjempefine blomsterkasse :)
    Skulle gjerne hatt nokre slike. Eg sår masse.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, ja den er ikkje så verst ;) I år har vi urter i den eine delen og nokre drukna sukkererter i den andre... Ja du hadde nok fått t noko flott oppi denne kassa :)

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...