torsdag 25. februar 2016

Valentines kort

No er det min tur å komme med eit inspirasjonsbidrag til utfordringa vi har gåande hos Papirlosjen, hjerter. Denne gangen har eg prøvd meg på eit pop-up kort. Aldri laga slikt kort før, men trur ikkje det blir siste gangen. Eg har laga eit valentineskort til min kjære. Der eg har tatt nokre bilder frå tura vi har vore på. Då kom eg på at det kanskje er på tide å begynne på albumsider... Det er blitt nokre bilder i løpet av åra...
Malen fant eg hos Splitcoaststampers.

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-pomegranate
Mønsterark: Papirdesign: Til ettertanke-alle hjerter gleder seg og Våre tradisjoner
Annet:Hjertepin-Maya Road, charm
Stempel: Kreativ hobby
Dies: Spellbinders-classic heart

Kortet sammebretta
Når ein opna kortet er det jo nesten som ein liten gave i seg sjølv ♥
Ein liten minneboks til min kjære



Sidan temaet i denner utfordringa er hjerter fant eg ut at eg måtte forme bilda som hjerter. Mønsterarka eg har brukt er visst julepapir, men passa til denne anledningen ;)

Ønsker deg ein flott dag og takker så masse for titten.



onsdag 10. februar 2016

Inspirasjonsbirdag Papirplaneten # 3 Kjærlighet

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til utfordringa vi har gåande i papirplaneten, Kjærlighet. Eg har valgt å lage ein hjerteboks, malen på denne har eg funnet hos Splitcoaststampers.

På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-kvit
Mønsterark:Papirdesign:Forventninger-sommerfugl i solskinn
Maja Design:Ska vi ta en fika? Lejas cafe
Stempel: Kort & Godt M-188 og M-248
Kreativ hobby-En god klem
Annet: Blomstra, perlesnor, 3 D-puter


Kanskje ikkje så lett å sjå, men eg har klipt ut nokre sommerfugla frå mønsterark og limt oppå dei andre på lokket.
Denne boksen blei ein vennskapsboks. Og det passer jo og til kjærlighet.


Då håper eg dette ga deg litt inspirasjon til å bli med på utfordringa denne mnd. Du har fram til 29. februar kl 23.55 til å levere bidrag. Takk for titten og ha ein flott dag :)



fredag 5. februar 2016

Papirlosjens utfordring-hjerter

Då er det klart for ny utfordring hos Papirlosjen. Denne gangen er det hjerter som er utfordringa. Og februar er jo hjerte månden, no er det morsdag og valentine som står for tur.

Eg har valgt å pynte ein papirpose. Og denne mnd har vi fått digi stempel frå Lacy Sunshine Stamps
Eg falt for dette stempelet Love Is In the Air-Love Note Fairy



På denne har er brukt:
Kartong: Bazzill-kvit, lys lilla og grønn
Mønsterark: Maja Design: Skal vi ta en Fika?-Lejas Café
Dies: Spellbinders- Classic Hearts, Classic Scalloped Hearts
Elegant Ovals
Alfabet: Quickutz-Lollipop
Annet: Blonde, Wink of Stella Brush, div. blomstra,
Martha Stewart hjerte punch
Fargelagt med Promarke


Ei lita helsing/dikt på baksida.
Litt vanskelig å sjå, men augelokk og vinger har fått litt glitter på seg, har brukt Wink of Stella Brush.


Då er det berre å hive seg med på februar utfordringa vi har i Papirlosjen hjerte ♥
Tusen takk for titten og ha ein flott dag :)

mandag 1. februar 2016

Ny utfordring i Papirplaneten-Kjærlighet

No er vi jammen komt til februar. No står valentine og morsdag for tur, så denne mnd er det kjærlighet som er utfordringa til Papirplaneten. Håper mange blir med på utfordringa :) Eg har valgt å lage eit bryllupskort.

På denne har eg brukt:
Kartong: Bazzill- Kvit
Mønsterark: Papirdesign: Hell og lykke- Skål for brudeparet
Stempel: North Star Stamps- Når to hjerter møtes...
Anne. Roser, halvperler, perlesnor
Til brudeparet er frå pc

Tekst frå North Star Stamps

Hjerte dies er ifrå Nellie Snellen
 
Håper alle har hatt ei fin helg. Her skulle eg og to andre til Ålesund på treff, men han der Tor ødela heile helga for oss. Vi måtte avlyse turen og var fryktelig lei oss. Så det blei ei litt kjip helg her... Men no er det ny veke og nye muligheter :) Ønsker deg ein fin dag og tusen takk for at du tok titten innom her.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...