torsdag 28. juni 2012

Kabeltrommel ♥

Endelig har eg fått ein kabeltrommel i hus. Den har eg jammen venta lenge på... Så dette blir mitt nye prosjekt, eller vårt blir det vel... Tusen takk til snille Snuppa som fekk tak i til meg og til den snille fyren som kjørte den så og sei til døra ;)
Den ser ikkje så vakker ut akkurat no, men håper den blir fin når eg/vi blir ferdig å pusse og male den.
Vi skal bruke den til utebord og eg trur den vil passe inn perfekt ;)
Endelig fått tak i kabeltrommel :)

Så dette blir vel litt av ferien brukt til, om eg ikkje begynner før ;)
Mac ville gjerne bli tatt bilde av og ;)

Idag har eg hatt fri og det har vore ein herlig sommerdag. Eg har kosa meg, burde vel egentlig gått ein fjelltur, men det blei avslappinga som vant ;) Håper alle har hatt ein flott torsdag og takk for titten.



Langhelg i Bergen :)

Etter jobb på torsdag den 21.06, var det rett heim for å pakke og sette oss i bilen for ei Bergenshelg. Vi tok oss ei lita pause når vi kom over til Oppedal. Der fant vi ein koselig liten rasteplass og vi fekk til og med prøvd oss på gamle kunster, nemlig å disse ;)
Vi gjekk tilbake i barndommen

Ein fin rasteplass vi fant

Når vi endelig kom til Bergen og hotellet, gjekk vi ut for å finne oss litt mat. Men først fant vi ut at det var nattope i Byen, så vi gjekk og kikka litt :) Når vi endelig kom på at det var mat vi var ute for, så begynte det å nærme seg stengetid for dei fleste, enten så var det stengt eller så fekk vi beskjed om at dei hadde nett stengt. Men ikkje på Dolly Dimpel`s på Torgalmenningen. Sjølv om det berre var 30 minutter til dei stengte fekk vi komme inn og kjøpe oss mat, og når dei stengte fekk vi lov å sitte til vi var ferdig å ete, når vi endelig var ferdig var dei like blide sjølv om kl var blitt over 01...  Vi var så glad vi fekk i oss mat og fekk ikkje takka dei nok :)

Fredagen kom og eg gjekk no å trakka litt for meg sjølv, det er jo så masse å sjå på i Bergen.
Bryggen like vakker som alltid

Fekk sett litt av NM i sykkel

Om kvelden var vi på Jarle Bernhoft konsert på Bergenfest. Den var på Plenen på Bergenhus Festning.
Jarle Bernhoft konserten med band
 Etter konserten gjekk vi oss ein liten tur før vi gjekk til hotellet :)

Lørdagen tok eg meg ein tur til Fløyen etter gamalt, tok banen opp og gjekk nedatt. Det var litt regn i lufta, men det gjorde ingenting :)
Fløyen

Utsikta
Nokre eg traff på min vei ;)

Gjekk nedigjen

Når eg kom tilbake til hotell, gjekk eg og John ut for å kikke litt. Vi bestemte oss for å ta Beffen frå Bryggen og over vågen. Denne sjarmerande ferja har vore ein delav Bergen sentrum si sjel i over 100 år. Den går kvert 10 minutt og kostet berre 20 kr for voksne. Turen tok ikkje mange minuttane :) Artig å få tatt denne turen :)
Beffen ;)

Statsraad lehmkuhl
Lørdagskvelden traff eg to venninner som eg ikkje har sett på fleire år. Vi gjekk på Egon og åt. Ein fin kveld. Når eg kom tilbake til hotellet, skulle John besøke ein kompis og eg blei med. Det nærma seg slutten på ei fantastisk flott helg :)

Søndagen kom og eg gjorde ingenting. Vi reiste frå Bergen rundt kl 14 og satte kursen mot Florø att. Sidan vi kom oss så tidlig avgårde bestemt vi oss for å reise innom Bjørn West museet. Museet har namnet sitt etter ein geriljabase som blei etablert i fjellområdet rundt Matre dei siste 6 månadene av 2. verdskrig. Du kan lese meir om museet her :)
Bjørn West museet





Når vi kom over med ferja, tok vi turen om Guddal og kom ned til Dale. Ikkje rare bredda på veien, men det blei ein fin omvei :)

Vakert :)
Vår lille omvei ;)

Vi hadde ein matpause i Førde. Så var det å hente hunden hos svigerforeldrene som var så snill og passe han for oss :) Det var ein stykk gla hund som møtte oss. Og han for rett i bilen for å vente til vi skulle kjøre, kanskje han va redd vi skulle reise frå han att ;)
Tusen takk til min kjære som ga meg ei fantastisk langhelg i Bergen
Då er det vel på tide og avslutte dette lange innlegget og takke for titten. Ha ein flott torsdag :)

søndag 17. juni 2012

Helga er over...

Eg drømte om ei rolig og avslappande helg, det blei alt anna enn det. Men har no fått kosa meg litt då :) Eg trur og at eg skal slutte og planlegge noko som helst, det virka som det berre blir med planen ;)
Har hatt nokre fine tura denne veka og,men lite bilder er blitt tatt...
Dårlig mobilbilde, men det var så flott med sola som skinte på fjelltoppane :)
Elles så reiste eg til Loen på torsdag og kosa meg på Alexandra hotell. Glømte fotoapparat igjen heime og fekk ikkje tatt bilder. Vi feira 100 årsdagen til Norsk Sykepleierforbund. Men fekk tatt ett bilde av desserten ;) Resten glømte eg ;)
Nam Nam :)
Elles så har jo Mac fått seg ei leikevenninne, naboen her har ein kvalp og dei to går så godt ilag. Men ikkje lett å få tatt gode bilder av dei ;)
Mac og lille Tinka :)
For ei veke sidan fant eg og Monica og Mac ut at vi skulle prøve å finne kanona ved Flatneset, den var ikkje så lett og finne og tilslutt ga vi opp. Men vi var visst på rett vei ;) Men her er hvertfall litt bilder fra turen ;)
Paviljongen ved Lillevatnet

Mac`en :)

Koser seg i fjæra

Herlig vêr :)

Bading må til når ein først er med sjøen :)

Og kose seg med pinne etterpå :)

No fant vi ut at det var på tide å snu og gå heim ;)
Så kom helga og det har vore Sildebord og Kinnaspel her i Florø, eg har ikkje vore og fått med meg noko verdens tinge. Men eg og Monica har gått oss nokre fine tura :)
På fredag etter eg kom heim, tok vi oss ein tur til Gapahuken på Klavelandet, ein fin tur :)
På lørdag blei eg med Monica og Sander for å mate endene. Ein koselig tur :)
Flink å gå :)


Endene blei gla for litt mat ;)

 Vel dette var mi helg, håper dokke har hatt ei flott helg. No er det snart ny veke og nye muligheter. Takk for titten :)


mandag 11. juni 2012

Tjofjellet

På onsdag 6. juni tok eg og Mac oss ein tur ilag med Flora Turlag. Denne gangen var det Tjofjellet som skulle bestigast ;) Eg har aldri hørt om Tjofjellet før eg.
Vi starta ved gravplassen i Nordalsfjorden og gjekk mot Litlevatnet, men før ein kjem til vatnet tar ein til venstre og går opp trappa som er der. Turen opp tek ca 1,5 time
På vei opp :)

Mac koser seg på fjellet




Då er vi klar for å gå ned att :)

Trappa :)
Idag har eg hatt fri og skal no berre slappe av og nyte resten av fridagen. Takk for titten og ha ein fortsatt flott mandag :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...