søndag 27. november 2016

1. advent

Idag blogger eg for papirlosjen og her mitt inspirasjonsbidrag til utfordringa metall. Tenk at vi alt er komt til 1. advent, det nærma seg jul med stormskritt... Og då passer jo det med eit lilla kort...
Denne gangen har eg prøvd meg på eit dobbel tag kort som eg fant malen på i Ett trykk nr. 1/2013


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Pixi Dust
Mønsterark: Maja Design- Enjoying outdoors-I`m happy
Metall: Hjerte og blad
Stempel: All dressed up- Flower Fairy
Norsk stempelbald
Annet: Diverse blomstra
Dies: QuicKutz-nesting square doilies
Motivet er fargelagt med Promarker


Var ikkje så vanskelig å lage dette kortet og jammen kom passeren min frå vidergåande til nytte att ;)


Det var det eg hadde for idag, ha ein fortsatt fin søndag :) Tusen takk for titten.

lørdag 5. november 2016

Metalltape

Så er vi komt til ny utfordring hos Papirlosjen, denne gangen er temaet metall. No kjenner eg at vinteren nærma seg. Snøen er komt på fjelltoppane og det blir kaldere ute... Og då er det jo fornuftig å sitte inne og kose seg med hobbyen. Eg har fått kosa meg med dette herlige stempelet frå All dressed up


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazill-Pixie dust, kvit
Stempel: All dressed up- Festival Lily
Metalltape
Embossing folder: Marianne design
Dies: Kort & Godt-Sirkler med søm
Gratulerer- Papirdesign

Eg har tatt på metalltape på papiret og embossa det, etterpå har eg fargelagt med Adirondack ink-Purple twilight. Artig å prøve litt nye teknikker og det er vel på tide å prøve litt av det man har av ting og tang...
Kanskje eg har klart å gi deg litt inspirasjon til å vere med på metallutfordringa vi i Papirlosjen har. Ønsker deg ein finfin dag og helg og tusen takk for titten :)

tirsdag 1. november 2016

Utfordring Papirplaneten-blått, kvitt og sølv

Då er det jammen meg november alt og tida går fort fram til jul.... Eg har valgt å lage ei Toffifee eske i blått, sølv og kvitt. Som er utfordringa hos Papirplaneten denne måneden.

Eg har brukt:
Kartong: Bazzill-blå, silver foil
Mønsterark: Papirdesign- Stille natt
Stempel: Papirplaneten- Mimosa-Snowflake
Dies: Spellbinders:  Classics Ovals L og Classics scalloped ovals L


Motiv er fargelagt med Promarkers


Det var det eg hadde idag. Ønsker deg ein fin fin dag. Blir veldig glad om du legger igjen ein liten kommentar. Tusen takk for titten :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...