onsdag 11. juni 2014

Kondolansekort

Dette er kort som er vanskelige å lage og som ein håper ein slipper å lage så mange av... No er det ei stund sidan det blei laga...

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill Vanilje og lyse brun
Mønsterark: FarmHouse-where ideas take root
Annet: Tekst skrevet ut på pc, blomstra, charms, bilde har eg funnet på nettet.
 Stickles-Star dust er brukt på blomstrane.

Det er ikkje lett å vite ka ein skal skrive i eit slikt kort, men fant ein tekst på nettet som eg fant ut eg kunne bruke. Denne teksten beskriver det meste...
Innsida av kortet

Takk for titten.

mandag 9. juni 2014

Kosetur til Oslo og Metallicakonsert :)

Sist helg  reiste eg og Monica til Oslo, vi reiste ned med første flyet på lørdag og kom heim med siste fly mandagen. Når vi kom til Oslo på lørdagen, gjekk vi først bort til Operataket.




Og når vi var ferdig der, så hadde jo butikkane opna og vi gjekk og kikka litt rundt og fekk shoppa litt. Så skulle vi ete lunch på Friday`s, og det tok jammen si tid. Monica satt slik at ho såg det som foregikk og seier at det er no rart at dei har fått mat før oss, dei kom jo etter oss... Og slik fortsatte det, så til slutt fekk vi fat i servitøren vi hadde og det blei fart i sakene. Men lura på om dei var litt stressa, vi fekk ikkje kniv og gaffel ein gong. Men sidan vi hadde bestilt drikke, tenkte vi at vi kunne vente med å spørr til den kom. Til slutt fant eg ut at nei her fekk vi visst ordne opp sjølv, då hadde vi nesten venta i 10 minutter. Men det var visst ikkje så lett det heller... Men det ordna seg til slutt, vi fekk drikka vår og bestikk :) Vi skulle til og med få plaster på såret, vi skulle få dessert på huset... Men vi var jo så mette vi att vi orka jo ingen dessert, men avslag i prisen fekk vi.
Godt med noko kaldt i glaset ;)
 Så gjekk vi og sjekka inn på hotellet og hadde oss ein liten powernap... Den gjorde godt, så var vi klar for Aker brygge kor vi kjøpte oss softis :)

Etter frukosten på søndag, gjekk vi til Vigelandsparken og gjekk der og kikka og tok livet med ro...


Sinnataggen... Like hissig som alltid ;)


Kongolandsbyen







Så gjekk vi tilbake til sentrum og fekk kjøpt oss god middag. Så var tida komt for å prøve å komme oss til Valle Hovin og konserten... Men så klart, ting kan jo ikkje gå heilt skinne... Vi kom vel ikkje så langt på Karl Johnan før eg trudde eg var truffet av ei kjempestor flue... Heilt til eg tok meg i håret og kjente noko bløtt på fingrane mine... Jaggu var eg truffet av fugleskitt... Jaja det var berre å snu og gå tilbake til hotellet og få vaska håret... Godt vi er to som ikkje stressa noko med klokka... Så prøvde vi igjen og komme oss bort til t-banen. Skjønna jo at vi ikkje er så vant til T-banen, vi havna jo på feil side. Vi følte at det var noko rart, for der vi stod var det veldig lite folk, og på hi sida var det nesten fult. Så vi rusla fint opp trappa og funderte litt på kor vi skulle gå. Men så såg vi nokre folk med Metallica t-skjorter på seg og følgte så fint etter dei ;)
Konserten var veldig bra, og er var hvertfall fornøyd. Og så masse folk, det var visst 40.000 der...



Når Konserten var ferdig (vi hadde jo berre kjøpt billett på T-banen en vei), fant vi ut at vi orka ikkje å stå i kø for å få tak i billett, så vi gjekk tilbake til sentrum. Så då fekk vi oss ein god trimmtur :)
Så var det å finne noko nattmat og legge seg.

Mandagen skulle vi jo ikkje reise før med siste flyet, så vi hadde jo så god tid. Det blei ein dag vi gjekk og kikka i butikka og shoppa litt. Og satt og naut det fine vêret vi hadde. Så kom tida vi måtte få i oss litt mat og komme oss på flybussen og til Gardermoen og heim...


Har hatt ein fantastisk flott og avslappande tur med hyggelig selskap :) Tusen takk snuppa for ein fantastisk tur :) Ein liten miniferie dette her :) Lånte bilde av deg eg Monica....
Meg og Snuppa :)
No er jammen sant pinsa snart over og... Eg har hatt fri og berre slappa av. Takk for titten og ha ein fin dag :)

Så sant, så sant

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...