lørdag 31. august 2013

Enda ein 40 års jubilant

Så måtte eg i ilden att og lage enda eit bursdagskort :) Kjekt at det er noko som sparka meg litt igang :) Er ikkje alltid så lett å lage mannekort og eg bruka ei evighet på og planlegge... Men til slutt så blei det no jammen eit kort av all tenkinga ;)
Framsida
Eg og ostekluten var ikkje heilt på godfot, men til slutt likna det litt på ei fiskenot??? Visst man legge godviljen til... ;) Veit ikkje kor mange ganger eg holdt på å kutte ut heile ostekluten... Men den fekk til slutt lov å vere med på kortet...

På dette kortet har eg brukt:

Kartong: Kraftkartong
Mønsterark: Maja Design: Skjärgårdsliv-Flaskeposten. Lantliv- i hängmattan. Stripete ark er eg usikker på kor er frå
Stempel: Art mounted, Tekst: Kort og Godt
Annet: Osteklut (som er farget med blanding av vatne og distress ink), eyelets, tau, charms, fiskekrok, alfabet: Authentique "Genuine"elements og Tim Holtz Wanted Alfabet, Spellbinders Curved Rectangels
Innsida

Har brukt ein fiskekrok til pynt

Baksida

No er jobbehelga igang, skal bli godt å bli ferdig med den. Då er det litt nærmare hobbyhyttetur, du og du kor eg gleda meg Snuppa :)
Takk for besøket og håper alle får ei riktig så god helg :)

lørdag 17. august 2013

40-års jubilant

Igår skulle John i bursdagsfeiring og då måtte han jo ha med seg eit kort. Det var kjekt å få laga eit kort att. Jammen lenge sidan sist eg har holdt på med hobby.
Framsida
Eine innsida

Plass til en liten hilsen

Innsida
Baksida

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill Brunt (huska ikkje navnet)
Mønsterark:FabScraps: Rustic Dreams, The Paperloft: Old Towne Tavern-Washington og Karen Foster: Graduate Stars
Stempel: Kort og godt, Hurra er fra Inkido
Annet: Tim Holtz: Mini gears, Sprocket gears,Wire pins, Hinge clip, film strip ribbon. Skruane er frå Scrapbooking moments. Eyelets er fra Memory Keepers. Alfabet: Label letters fra Tim Holtz og Wanted Sizzlits og fra Tim Holtz. Spellbnders: Labels Eleven. Kantane er sverta med Distress Ink: Brushed corduroy

Kortet blei eit hastekort, jammen bra eg er vant med nattarbeid ;) No gleda eg meg til hobbydagane eg og Snuppa har planlagt, klar for meir hobby no eg :)

Då får vi håpe at jubilanten blei fornøyd med gave og kort ;)
Takk for titten og ha ein finfin lørdag :)

fredag 16. august 2013

Sverigetur :)

Så var ferien slutten for denne gang, tre veker går jammen fort. Ka har eg gjort i desse vekene, føla nesten eg ikkje har hatt ferie. Første delen blei det masse jobbing her heime og ein fjelltur. Andre veka reiste vi til Sverige og kosa oss der i ca 1 veke. Siste veke forsvant i full fart...
 

Då kan sukkerertene begynne å vokse seg store og fine. No mangla vi berre litt sol og varmt (kanskje dei begynner å vokse skikkelig denne veka :) ) Vel sidan det er ei lita stund sidan eg begynte på dette innlegget, så kan eg fortelle at det vokser i blomsterkassen ;)
Mac meinte at ferie var oppskrytt, ikkje mykje kose med ferie, Eg kjeda meg, eg får jo ingen oppmerksomhet jo... Berre jobbing på dokke allikavel...
Så fekk vi slått her utafor og. Så søndagen før vi reiste på ferie blei graset kjørt vekk i "Traktoren" her på Midttunet ;)

Då var vi ferdig med vår del av dugnaden og kunne begynne å gjere oss klar for ferietur :) Denne gangen gjekk turen til Sverige.
Vi skulle komme oss avgårde til kl 12, men den blei jammen meg 14.30 før vi kunne sette snuten mot Sverige.Då hadde vi fått gjort alt vi skulle og levert Mac til "Bestemammen og Bestepappen". Vi var flinke å ta mange pauser underveis :)
Litt bilder frå første dagen:)




Vi fant ut at vi skulle kjøre så lenge John orka. Vi kjørte til kl blei 0.00-0.30 og fant ut at vi skulle prøve å finne ein camping som var open og hadde ei hytte ledig. Vi orka ikkje begynne med å slå opp telte når klokka var blitt så masse... Og jammen fant vi ein camping som var open og i tillegg hadde eit lite krypinn til oss :) Heilt greit å sove der ei natt, vi sov godt og ;)

Dag to våkna eg tidlig, så eg blei liggande og vente på at John skulle våkne. Når han endelig våkna så var det å få seg ein dusj, pakke og ta litt bilder. Så var vi klar for Uddevalla :) Vi kjørte ikkje så langt før vi såg eit skilt om ferske jordbær og slikt kan vi jo ikkje kjøre forbi. Vi tok frukosten vår på den rasteplasse :) Det blei banan og jordbær på skiva denne morningen ;) Nam nam

Så kjørte vi vidare og kom til ein ny rasteplass og meir jordbæreting :)

Viktig med pauser og neste stopp blei på Solbergtårnet. Der gikk vi og kikka litt og oppi tårnet måtte vi også. Eg er dårlig på høyder så eg trivdes ikkje så godt oppi der... Når eg skulle kikke ut blei eg jo heilt skjelven i beina... Jammen godt når vi kom oss ned igjen på bakken...



Så kryssa vi grensa og kom oss til Uddevalla, første stopp var matbutiken. Så kom vi til Unda camping der vi fant ein fin plass vi kunne slå opp teltet. Og jammen sant var det sol og fint der, men fysj kor det blåste. Skulle tru vi var heime ;) Vi fekk opp telte i vinden, litt vindskeivt blei det og, men til slutt fekk vi det slik vi ville ;)

Vi skulle egentlig kose oss med biff, sopp bernaise saus denne kvelden(sidan eg hadde bursdag), men vi ente opp med pølse og brød. Men det er vel det som er bursdagsmat. Vi var trøtte etter masse kjøring og orka ikkje begynne med ein svær middag, då er det greit å ta det litt lettvint :)

Dag tre blei egentlig berre brukt til kos, vi reiste til kjøpensentert og shoppa og om kvelden blei biffmiddagen servert. Sjølv om det var fine daga, var jammen kveldane kalde. Så neste ferietur, må tjukkegenser huskast ;)






Soppstuingen snart ferdig

Nam då er det klart for mat :)
Så kom den 4. dagen og eg klarte jammen sant å bli solbrent, er jo ikkje vant med slikt vær.. Idag tok vi turen til Uddevalla sentrum og tok turen innom Turistinformasjonen. Der fekk vi mange gode tips og vi bestilt oss ein båttur der vi fekk servert skalldyr. Elles så tok vi turen til Gustafsberg og gikk der og kikka.




 Masse fine hus i Gustafsberg og ein veldig fin plass. Glad vi kjørte ut der :)






John fant jo ein bil han måtte ta bilder av...

Fin var den...

Femte dagen var det båttur om kvelden. Der blei det servert reker, kreps, ei lakseskive, noko patè greier(usikker på ka det smakte), dressinger, rekesalat, salat og brød... Smakte godt, men John syntes det var litt lite mat. Då var det bra eg ikkje klarte å ete opp alle mine reker og kreps... John var ute og tok masse bilder, eg var pingle og turte ikkje å gå ut. Så eg satt inne og kosa meg med utsikta... Eg hadde ikkje lyst å få frosten i meg att...
 





Sjette dagen blei det kjøretur til Smögen på oss. Der var det flott, skikkelig Sørlandsidyll...
Hehe på vår vei måtte vi ha oss ein stopp for å kjøpe litt drikke. Då såg vi ein "jordgubbautomat", aldri sett noko slikt før, men det var ingen jordbær i den ;)

Det var ikkje lett å finne parkering og eg blei den som måtte sjå om det blei noko ledig. Og jammen var det nokon som skulle kjøre. Så der stod eg og holdt plassen og sa ifra om at John måtte hente bilen. Og der stod eg og tenkte det tok no jammen tid å komme med bilen. Så ser eg opp og der står John enda. Eg lurt på om han ikkje hadde tenkt å komme med bilen??? Eg begynte å føle meg ein smule dum der eg stod, var liksom ikkje berre vi som leita etter parkering... Åååå er den ledig seie han, han trudde nokon tok den, mens eg stod midt på parkeringsplassen.... Hmm han kom til slutt... Endelig kunne vi begynne på vår spasertur i Smøgen :)






Bryggen

Koselig å gå her

Havrafting
Skalldyr igjen...

John blir visst aldri lei...

John fant seg ein bil å ta bilder av igjen, denne gangen ein stilig ferrari

Koselig å gå i Smøgen
Smøgen ligger på vestkysten av Sverige og virker som ein koslig sommerby. Langs brygga ligger det butikker og mange spisesteder :)


To som padler...

Kungshamn
Nydelig her
Massetrappetrinn....

Utsikt frå brua :)

Eg på vei oppatt
Så var denne dagen over og det nærma seg heimreise...
Søndagen, sjuande dagen, blei brukt til avslapping og eg gjekk og rusla litt rundt på campingen. Eg fant til om med ein fin plass å gå tur :) Tok litt bilder og, men sidan min pc ikkje fungerer akkurat no så får eg ikkje henta dei bildene...
Mandagen reiste vi heim og tok heile turen i ett... Var litt langt å kjøre på ein dag, men det var no godt å komme heim og.Vi hadde fint vêr heile tida heilt til vi kryssa Sogn og Fjordane. Med ein gong vi kom til heimfylke begynt det å regne....
Det blei eit langt innelgg og masse bilder, takk for titten. Ha ein flott fredagskveld og helg :)


 


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...