onsdag 28. desember 2016

Hurra for deg

Her kommer eit bursdagskort eg har laga på bestilling, eg har brukt nydelige ark frå Maja Design. Og eit flott digistempel frå Kreative hender :) Eg har laga kort som eg blei inspirert av Ane Lene, måtte jo prøve denne teknikken og her kan du finne malen :)


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Watermelon
Mønsterark: Maja Design- Summertime
Dies: Spellbinders- Classic ovals L, Classic scalloped ovals L
Ovals Majesty
Ellentina Cutting Dies- Leafy Branch
Kort & Godt- Rektangel med søm
Kort & Godt
Annet : Div blomstrer, band


Det var det eg hadde for idag :) Ha ei fortsatt fin romjul, og tusen takk for titten ♥ Tenk at snart er 2016 over...


fredag 23. desember 2016

Herlige julemus

Idag er det blitt lillejulafta. Og det er min tur å opne den nest siste luka i julekalenderen til Papirlosjen. Hadde så masse planer no før jul, men det er ikkje alltid ting går som man tenker. Men det gjere no ingenting, tenker kvelden imorra blir like koselig uansett :)
Eg har kosa meg med desse skjønne julemusene, er dei ikkje søte vel, frå kreative hender digis. Desse falt eg for og har laga nokre gavelapper og eit julekort.


Eg har brukt på kortet:
Kartong: Pomegranate og kvit
Digistempel: Digi44
Dies: Marianne Design-Sirkel, granbar usikker kor er ifra
Papirdesign-God jul
Annet: Div blomstra, band


På merkelapp har eg brukt:
Kartong: Kraft
Glitter snow
Digis: 200 og 111
Hamp
Stickles Star dust
Motiva er fargelagt med promarker



Då vil eg ønske deg ei riktig flott lille julaft, ta vare på kverandre og husk å roe ned. Takk for titten.

GOD JUL 

fredag 16. desember 2016

Ei lita lykt og luke nr 16 hos Papirlosjen

Tenk no er det berre ei veke til lille julafta og det er min tur til å opne luka i julekalenderene hos Papirlosjen. Idag har eg laga ei lita lykt, første gang eg har laga denne, så eg merka eg må lage ei til (eller fleire) for å bli heilt fornøyd. Den har visst litt skavanker her og der...
Malen fant eg på denne bloggen


På lykta har eg brukt:
Kartong: Bazzill-Vanilje
Mønsterark: Pion Design-Greetings from the North Pole
Digistempel: Kreative hender- nr 237
Dies: Juletre usikker kor er ifrå
Spellbinders- Classic ovals Large
Marianne Design-istapp bord
Anne: Div blomstra, snøfnuggperler
Juletre har fått litt glitter snow på seg


Trea har fått litt glitter snow på seg

Digi frå Kreative hender
I lykta kan du putte snop eller ha eit batteridrevet lys oppi :) Eg hadde oppi ei lyslenke for å sjå, det blei faktisk ganske fint. Men ikkje så lett å få det fram på bilda

Lyslenke oppi lykta

Eller noko godt å tygge på
Ha ei fortsatt fin førjulstid og ein finfin dag :) Tusen takk for titten.

søndag 11. desember 2016

Jul hos papirplaneten

No nærma jula seg med stormskritt synst eg, idag er det tredje advent og eg begynne å føle på alt som eg burde ha gjort og ikkje minst vere ferdig med. Men trøsta er at jula kjem uansett om eg er ferdig eller ikkje :) Idag er det eg som skal komme med litt inspirasjon til juletemaet som er papirplaneten sin utfordring no i desember. Idag har eg pynta ei after eight eske. Har berre kledd den vanlige eska.  Sidan vi nærma oss jul er det alltid kjekt å ha litt smågaver liggende.


På denne boksen har eg brukt:
Kartong: Bazzill-  Java
Mønsterark: Pion- Greetings from the North Pole
Annet: Diverse blomstrer, charms, halverer
Stempel: God jul, storyteller-sluttet å spise sjokolade


Sjokoladegaven blir plutselig litt meir for seg gjort og personlig med litt scrappekjærlighet ;)


Det var det eg hadde for idag. Ha ei fortsatt fin førjulstid og takk for titten :)

torsdag 1. desember 2016

Adventskaldender er igang hos Papirlosjen

No er det endelig 1. desember. Dette er vel ein dag både store og små gleder seg til, no er nedtellingen til julafta begynt og idag opner vi første luke av adventskalenderen. Her i huset har vi flaxkalender, som vi skal kose oss med.

Og no har vi i Papirlosjen starta ny utfordring der temaet er jul/vinter og vi har og ein adventskalender fram til julatfta, der vi skal komme med litt kreative sprell kver dag :) Så det er berre å følge med på bloggen framover og ikkje minst bli med på utfordringa :)

Denne gangen har vi blitt sponsa med flotte juledigier fra Kreatvie hender. Ho har mykje fine digier, så gå innom og ta ein kikk.

Eg har valgt å lage eit enkelt julekort denne gangen. Og det er laga på resta eg har funnet i resteboksen min. Kjekt å sjå gjennom og kunne bruke opp litt rester.

På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazzill- Pomegranate og kvit
Mønsterark: Papirdesign-Stille natt
Digistempel: Kreative hender-digi150
Dies: Spellbinders-Classic scalloped ovals large
Marianne design-istapper
Annet: Div. blomstra, charms


Det var det eg hadde for idag. Ønsker deg ein flott 1. desember og tusen takk for titten :)

søndag 27. november 2016

1. advent

Idag blogger eg for papirlosjen og her mitt inspirasjonsbidrag til utfordringa metall. Tenk at vi alt er komt til 1. advent, det nærma seg jul med stormskritt... Og då passer jo det med eit lilla kort...
Denne gangen har eg prøvd meg på eit dobbel tag kort som eg fant malen på i Ett trykk nr. 1/2013


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Pixi Dust
Mønsterark: Maja Design- Enjoying outdoors-I`m happy
Metall: Hjerte og blad
Stempel: All dressed up- Flower Fairy
Norsk stempelbald
Annet: Diverse blomstra
Dies: QuicKutz-nesting square doilies
Motivet er fargelagt med Promarker


Var ikkje så vanskelig å lage dette kortet og jammen kom passeren min frå vidergåande til nytte att ;)


Det var det eg hadde for idag, ha ein fortsatt fin søndag :) Tusen takk for titten.

lørdag 5. november 2016

Metalltape

Så er vi komt til ny utfordring hos Papirlosjen, denne gangen er temaet metall. No kjenner eg at vinteren nærma seg. Snøen er komt på fjelltoppane og det blir kaldere ute... Og då er det jo fornuftig å sitte inne og kose seg med hobbyen. Eg har fått kosa meg med dette herlige stempelet frå All dressed up


På dette kortet har eg brukt:
Kartong: Bazill-Pixie dust, kvit
Stempel: All dressed up- Festival Lily
Metalltape
Embossing folder: Marianne design
Dies: Kort & Godt-Sirkler med søm
Gratulerer- Papirdesign

Eg har tatt på metalltape på papiret og embossa det, etterpå har eg fargelagt med Adirondack ink-Purple twilight. Artig å prøve litt nye teknikker og det er vel på tide å prøve litt av det man har av ting og tang...
Kanskje eg har klart å gi deg litt inspirasjon til å vere med på metallutfordringa vi i Papirlosjen har. Ønsker deg ein finfin dag og helg og tusen takk for titten :)

tirsdag 1. november 2016

Utfordring Papirplaneten-blått, kvitt og sølv

Då er det jammen meg november alt og tida går fort fram til jul.... Eg har valgt å lage ei Toffifee eske i blått, sølv og kvitt. Som er utfordringa hos Papirplaneten denne måneden.

Eg har brukt:
Kartong: Bazzill-blå, silver foil
Mønsterark: Papirdesign- Stille natt
Stempel: Papirplaneten- Mimosa-Snowflake
Dies: Spellbinders:  Classics Ovals L og Classics scalloped ovals L


Motiv er fargelagt med Promarkers


Det var det eg hadde idag. Ønsker deg ein fin fin dag. Blir veldig glad om du legger igjen ein liten kommentar. Tusen takk for titten :)

torsdag 20. oktober 2016

Knask eller knep ;)

Idag er det min tur å komme med litt inspirasjon til utfordringa vi har i Papirlosjen. Denne gangen er temaet høst/høstfarger.

Eg lika høsten veldig godt, så mange flotte farger. Og mange fine fjelltura. Elles så betyr jo høsten og oktober Halloween for nokre. Eg fekk mi første opplevelse med Halloween når eg hadde eit år i USA. Før det hadde eg no ikkje hørt om dette fenomenet. Men etter nokre år kom det jamme hit til Norge og...

Eg har laga ein gavepose som er Halloweeninspirert.


På posen har eg brukt:
Kartong: Bazzil-svart og lilla
Mønsterark: Pion: The Witching Hour-Haunted house
Digistempel: All dressed up: Magical day 
Dies: Quickutz: Flaggermus, Alfabet huska deg ikkje kor er ifrå
Kort & Godt: Raktangel med søm
Annet: Charms, Dotta-Papirdesign




Har og laga ei PL side om ein flott fjelltur eg hadde her i forrige veke. Beklager dårlig bilde av PL...


Her har eg brukt:
Kartong: Bazzil-kraft
Kort: Kaisercraft-Captured moments
Dotta: Papirdesign og Staz
Alfabet: Tim Holtz og Jillibean
Tekst: Papirdesign
Dies: Kort & Godt: Sirkler med søm
Digistempel: All dressed up: Magical woodland

Det var det eg hadde idag, blir veldig glad om du legger igjen en liten kommentar. Ønsker deg en flott kveldd og tusen takk for titten.

onsdag 19. oktober 2016

Kortkit fra Scrapomania

Vi i designteamet til Papirlosjen er så heldig å bli sponsa av Scrapomania, med herlig kit. Eg har fått lov å kosa meg med oktoberkitet. Nydelig juleark fra KaiserCraft og masse flott pynt :)

Eg har laga eit vanlig kort 15x15.


Sidan det nærma seg jul, altfor fort som vanlig, har eg laga nokre småkort. Eg synst det er kjekt å ha nokre små kort liggande som eg kan legge ved ein liten opperksomhet. Malen til det lille kortet med Christmas wishes, fant eg i ett trykk eit år. Klarer ikkje å finne det att i farten... Dette kortet går fint an å feste på gaven som ein merkelapp og :)


Eg måtte jo lage ei albumside og. Når eg begynte med scrapping var det albumsider, LO, eg lagde mest av. Men det har jo gått over til kortlaging og no ikkje minst har eg fått augene opp for PL og. Synst dette er ein fin måtte å få bilder i album på.


Her kan du se kortkitet eg fekk. Eg kan anbefale dette på det varmeste og det er berre å løpe og kjøpe ;) Du finner dei ulike kita her

Det var det eg hadde for idag. Ha ein finfin kveld. Takk for titten :)

fredag 14. oktober 2016

Kleivastøylen

Etter ein god frukost på onsdag hos Vigdis, blei det ein ny tur. Ein koselig tur på støylen til Vigdis og dei. Ein flott tur som ikkje tek så altfor lang tid. Og vi fekk selskap av pusane til Vigdis :)

Store pusen på vei opp

Store pusen stoppa alltid opp om vi stoppa..

Pusen og Vigdis


Eg fekk til og med sett støylen til Søsken til evig tid.

Søsken til evig tid

Så nærma vi oss mål :)

Snart framme

Var ein flott plass dette :) Må nok innatt og besøke Vigdis og støylen ;)

Flott utsikt frå Fjøsen

Katten må utforske litt

Fjøsen og hytta

Eg har friveka mi denne veka, men Vigdis måtte på seinvakt. Så etter ei lita stund måtte vi vende nasa heimover att. Eine pusen gadd ikkje å bli med heilt opp, men den minste var med heilt opp på støylen, men tru han var glad når vi skulle gå nedatt :)


Flott plass

Kyrene kosa seg i sola, her er vi komt nedatt til huset til Vigdis

Der oppe var vi på tir :)
No er det jammen santen helg att. Vekene går veldig fort for tida... Øsnker deg ei flott helg, nyt den. Takk for titten.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...